2024

DESEMBER 2024

   1t:15min.   ↑260m  13,5km  
Hamrevegen t/r
     2t:35min.   ↑920m    
Ingebjørgnuten (1210m)
   1t:50min.   ↑580m  14,5km  
Spildo - Skår - Skjervet - Granvinsvatnet
     2t:25min.   ↑1220m    
Finnbunuten (1358m) og Kråni.
Strålande nysnøføre frå topp til botn i Myrkdalen!
  6,5km  ↑480m .    
Gjerike - Haugse - "utsiktspunktet".
     14km  ↑110m    
Solsæ t/r og direkte til jolebad i fjorden.
     3t:10min.   ↑1270m    
Horndalsnuten (1461m).
Førjulstrim frå Skaftedal til Horndalsnuten i nydelege vinterforhold! Vindpåvirka i høgden, men stort sett fint lenger ned. Og minst ein meter med snø på Skykkjeset.

     22km  ↑185m    
2 x Solsæ. Stjerneklart og nytrakka løyper.
     2t:15min.   ↑1350m    
Pudderøkt i Myrkdalen. To turar til toppen av Kari Traa. På den siste turen snøa det så tett at sporet mitt vart fullstendig gjennsnødd.
     1t:55min.   ↑950m 9km   
Strutseggi og Olavstølnuten frå Liaset
Vinden har herja i fjellet dei siste dagane. Kjempeforhold i skogen, men over tregrensa var det avblåst og bruddskare.
     1t:50min.   ↑750m 8km   
Fennanuten (850m). To nedkøyringar og flott pudderføre siste halvdel opp mot toppen.
   1t:45min.   ↑710m  8,5km  
Kveldstur/måneskinstur til Njuk og i langt meir snø enn forventa opp lia.
     50min.   ↑600m 8km   
Bavallen - Hangurstoppen og fyrste turen med nye SGN Soleitind og Dynafit Ridge Pro, ein kombo perfekt for dei mest snørike dagane.

     1t:30min.   ↑430m 8km   
Skaftedal - Skykkjeset - Reisleskar. Bedre forhold enn venta og nok snø til å få litt artig skogskøyring ned frå Reisleskar.
     55min.   ↑630m    
Bavallen - Hangurstoppen i tett snødrev.
     1t:45min.   ↑620m  21km  
t/r Angerskleiv. Klink is frå Haugseåsen og vidare oppover, men med lågt lufttrykk i piggdekkene sat sykkelen som spikra til underlaget.
>  
Skøytetur på Espelandsvatnet
   1t:10min.   ↑560m  7km  
Kveldstur bratt opp lia til Njuk, nedatt skogsvegen.

   3t:20min.   ↑880m  12km  
Ingebjørgnuten (1210m) frå Stokksel.
Islagt både i og utanfor stiane, så i dag var det kun broddar som gjaldt.

   4t:20min.   ↑1630m  16,5km  
Tokheim - Holmaskjerbu (1565m)
Mindre snø enn venta, så føret minna meir om trugeføre enn skiføre. Likevel var det mogleg å stå på ski heile vegen ned til kvilehytta, men med ytterst forsiktige svingar.
   1t:30min.   ↑420m  14,5km  
Rundtur Spildo - Skår - Skjervet

   1t:30min.   ↑580m  12,2km  
Frå Eide opp Tveitovegen til Heiane/Haugseåsen. Nedatt om utsiktspunktet og Gjerike. Fin runde, men svært sleipt og vått i stiane.

NOVEMBER 2024

   3t:25min.   ↑1020m    
Bakkanosi (1398m) frå Jordalen via Slettedalen.
Nydeleg vinterdag! Litt varierande snødekke opp den siste stigninga som leder ut mot toppen, men ellers fint føre med nokre cm puddersnø.
  11,5km  1t:20min.   ↑190m    
t/r Hamrevegen før måndagsbad i fjorden
  10,5km  2t:30min.   ↑270m    
Stirunde kombinert med skøytetur rundt Maovatnet.
  5,5km  1t:30min.   ↑470m    
Trugetur frå Liaset til Olavstøl og eit stykke vidare opp mot Strutseggi, og den kaldaste dagen til no vinter.
  11,5km  2t:35min.   ↑870m    
Ingebjørgnuten (1210m). Snø og isete heilt til topps, så uten isbrodder hadde turen blitt utfordrande..
   2t:25min.   ↑1270m    
Sesongstart i Myrkdalen. To turar til toppen av Kari Traa-trekket og direkte til fjordbad.
  13,5km  1t:25min.   ↑270m    
Drevtjørn - Solsæ t/r.
Flotte forhold for "snøspringing" innover langs Solsævatnet.
  7,5km  1t:35min.   ↑650m    
Bratt opp Lia til Njuk, nedatt skogsvegen. Full snøstorm og 20cm nysnø.
  10,5km  1t:05min.   ↑310m    
Dikje t/r

  14km  2t:50min.   ↑1260m    
Oksen (1241m) frå Hamre via Seljenuten.
  9,5km  50min.   ↑110m    
stirunde øvre-Granvin

  10km  50min.   ↑160m    
t/r Hamrevegen.
  10km  1t:30min.   ↑660m    
På kjerreveg fra Haugseåsen til Litlastøl, så vidare på merka sti til Hedler. Fortsatte vidare til Velkesfjellet og kom etterkvart over skodda og til ein nydeleg solnedgang frå toppen.
  10,5km  2t:40min.   ↑1260m    
Rossnos (1407m) frå Freim.
  9km  50min.   ↑170m    
Seim - Nesheim - "gamle jernbanelinja" - Såkvitno

  9,5km  1t:10min.   ↑350m    
Stirunde Haugseåsen - Haugse - Maovatnet - Vatnasete.
   1t:05min.   ↑660m  6km
Seljenuten (650m)
   2t:55min.   ↑1260m  18km
Horganipen (1035m) og Nesheimshorgi (1133), med start frå Granvinsvatnet.
   55min.   ↑160m  10km  
Sotenos - Solsæ

OKTOBER 2024

  9km  1t:00min.   ↑390m    
To stirundar Holven - Fletena i ein time med opphaldsvær.
  14,5km  3t:05min.   ↑1110m    
Gråsidetoppen (1309m) frå Gjelle.
  6km  1t:05min.   ↑570m    
Opp Lia til Njuk.
     3t:15min.   ↑1113m  43km  
Frå Granvin til Ulvik (over gamle postvegen), så opp til Ljono og Solsæ og tilbake om Espelandsdalen.
  11km  1t:50min.   ↑870m    
Formiddagstur til Ingebjørgnuten (1210m.)

  9km  50min.   ↑150m    
Seim - Nesheim - "gamle jernbanelinja" - Såkvitno
  9,5km  1t:10min.   ↑350m    
Stirunde Haugseåsen - Haugse - Maovatnet - Vatnasete. Vått og grått.. og søkkvåte stiar!
  9km  1t:00min.   ↑390m    
To stirundar Holven - Fletena.
     1t:15min.   ↑470m  21km  
Stirunde Holven - Velkje - Espelandsdalen - Fletena. 17 grader og shortstemperatur.
  4km  45min.   ↑540m    
Kjeåsen frå Sima i Eidfjord
  15km  1t:05min.   ↑450m    
Kveldstur t/r Vatnasete

  13km  2t:50min.   ↑1270m    
Eg og Audun på ettermiddagstur til Oksen (1241m) frå Hamre.
  14,5km  3t:15min.   ↑1110m    
Midtfjell (1255m.)
  4,5km  45min.   ↑390m    
Velkje - Hedler
  17km  1t:35min.   ↑650m     
Fyrst langs Granvinsvatnet, så til Havås og bratt opp Krokavassvegen til Olastøl. Tett snødrev over høgda.

  15,5km  2t:35min.   ↑1090m    
Horndalsnuten (1461m) frå Skaftedal
Rakk akkurat opp til siste rest av ein nydeleg solnedgang frå toppen. Is- og snødekke frå 900moh... vinteren nærmar seg!
  8,5km  1t:35min.   ↑620m    
Opp lia til Njuk, nedatt skogsvegen.
  10,5km  1t:45min.   ↑520m    
Ossete (530m) frå Osa i Ulvik.
  12,5km  2t:45min.   ↑910m    
Ingebjørgnuten (1210m). Kraftige vind på toppen og vanskelig å halde seg på beina i vindkastene.
  16km  1t:05min.   ↑310m    
Stirunde Velkje - Espelandsdalen - Holven

  16,5km  1t:45min.   ↑510m    
Spildo-bakkavegen-Skår-Skjervet-Granvinsvatnet
  12,5km  1t:25min.   ↑490m    
Stirunde Haugsesåsen - Haugse - Maovatnet - Vatnasete - Hedler - Haugsesåsen

  14km  2t:55min.   ↑1290m    
Oksen (1241m) frå Hamre via Seljenuten
  9km  1t:35min.   ↑680m    
Stirunde over Velkesfjellet (938m) og Hedler via Litlastøl, i siste rest av solnedgangen.

SEPTEMBER 2024

  ↑340m    30km . 1t:20min   
Tur-retur Hamrevegen og rundt Granvinsvatnet, før måndagsbad i fjorden.

  ↑1530m    19,5km  3t:25min   
Breidskrednosi (1189m) og Rimstigfjellet (1299m)
Flott ettermiddagstur til Breidskrednosi frå Bakka (via Rimstigen) og til eit av dei flottaste utsiktspunkt i Aurland, stupbratt over Nærøyfjorden.
  ↑1010m    12km . 2t:25min   
Ingebjørgnuten (1210m) og eit lite dryss med nysnø.
  ↑1160m    16,5km . 2t:40min   
Lønahorgi (1410m) frå Bavallen
  ↑740m    9km .    
Kvasshovden (1030m) frå Byrse
  ↑3462m  251km  13t:25m  
Hardanger, Hardangervidda og Rallarvegen.
Langtur i nydeleg vær og med haustfargane på sitt flottaste! Sykla fyrst over Espelandsdalen og vidare til Eidfjord, så opp Måbødalen og over Hardangervidda til Haugastøl - i shortstemperatur og kveldssol! Fortsatte eit stykke vidare på Rallarvegen og telta ved Hestabotn. Rett til frukost tidleg neste morgon på Finsehytta, og så vidare til Myrdal / Upsete (tog) - Voss - Granvin.
  ↑340m    6km . 50min   
Stirunde Haugseåsen - Litlastøl - Hedler
  ↑990m    11km . 3t:25min   
Oksen (1241m). Opp frå Tjoflot og nedatt om Seljenuten og Hamre. Strålande sol, fullstendig vindstille og sommarleg temperatur.
  ↑510m    30km . 2t:25min   
Tur-retur Vatnasete og ut Hamrevegen, i kveldssol og skyfri himmel.
  ↑415m    36km . 1t:45min   
Ut Hamrevegen, rundt Granvinsvatnet og litt på kryss og tvers i sentrum - før måndagsbad i fjorden.
  ↑1985m    106km . 6t:45min   
Rallarvegen frå Flåm til Finse (t/r), med begynnande haustfargar i høgfjellet og nysnø på toppane.
  15,5km  ↑1060m . 4t:05min   
Olsskavlen (1576m) frå Olavstøl. 20cm nysnø og flott vinterstemning over 1200hm!
  5km  ↑460m .    
Gjerike - Haugse - "utsiktspunktet".

  10km  1t:15min.   ↑225m    
Stirunde Haugseåsen - Haugse - Maovatnet - Vatnasete
  26km  3t:25min.       
Ettermiddagstur rundt Oksenhalvøya, med start frå Vallavik.
  17km  2t:15min.   .    
Indian summer i Hardangerfjorden!
  13km  2t: 45min.  ↑1260m .    
Gråsidetopppen (1309m) frå Gjelle
  ↑425m    28km . 1t:25min   
Hamrevegen t/r med eit par avstikkarar.
  19km  3t: 30min.   .    
Kajakktur inn langs austsida av Eidfjorden og vidare til fots bratt opp til fjellgarden Skår (Skor). Tidlegare budde det mange familiar på Skår, og det fanst blant anna eigen skule for borna her. No er det ingen fastbuande.
  34km  6t: 30min.   .    
Kajakktur frå Bruravik inn Eidfjorden til Simadalsfjorden og vidare til fots til Kjeåsen. Nydelege forhold og nesten unormalt stille, knapt ei krusning på fjorden og knapt ei sky på himmelen! Padla innom Eidfjord på returen.

AUGUST 2024

     km .    
Granvinsfjorden
  ↑590m    7km .    
Morgontur til Njuk. Bratt opp lia og nedatt skogsvegen.
  ↑925m    35km . 2t:45min   
På sykkel til Hamre og vidare til fots til Seljenuten. Høg lufttemperatur og trykkande varme i kveld.
  ↑625m    25km . 2t:15min   
Kveldstur rundt Granvinsvatnet og vidare opp Tveitovegen til Maovatnet. Så på sti over til Vatnasete og tilbake om Velken. Fin rundtur, men søkkvåte stiar og terreng!
  ↑495m    4km . 55min   
Gjerike - Hauseberget - "utsiktspunktet". Stien opp mot Hauseberget minna meir om ei sammenhengande elv..
  33km       
Grindaflethytta frå Fyre
Flott tur til tross for ruskete vær, spesielt fredagskvelden, då me gjekk fleire timar i sterk vind og kraftig regn. Vel framme vart det god middag og drikke, og etterkvart god varme i hytta, medan uværet herja som verst utanfor.
  ↑1040m    14km 3t:15min  
Kveldstur til Midtfjell (1255m)
 9km       
Olbogevatnet, Osafjellet

    ↑530m    1t:30min  18km 
t/r Vatnasete. Vått og grått.
    ↑615m    1t:45min  22km 
t/r Angerskleiv
  ↑640m    8km 1t:15min  
Stokksel - Skaret - Dosafjellet (949m). Begynnande haustfargar i fjellet.

  ↑980m    12km 2t:35min  
Ingebjørgnuten (1210m) frå Stokksel
     9km   
Haugseåsen - Vatnasete - Maovatnet - Haugseåsen

     38km   
Packraft og fottur på Hardangervidda
Nydelege dagar med telt, fiske, kajakk, packraft og lange fotturar i strålande sol. Me starta turen seint torsdag ettermiddag med å padla over Tinnhølen og til Bakkatjønn (i god medvind både på turen bort og på returen Laurdag). Vidare til fots på sti til Sandhaug og direkte til ørretmiddag på hytta!

JULI 2024

  ↑925m    2t:50min     
Ingebjørgnuten (1210m)
  ↑495m    4km .    
Gjerike - Hauseberget - utsiktspunktet

    ↑815m    2t:30min  35km 
Frå Granvin over Angerskleiv til Ulvik, så tilbake om Vestrheim/Aurland og over Espelandsdalen. Kanskje min favoritt stirunde på sykkelen når forholda er så flotte som i dag!
    ↑1715m    5t:40min  106km 
Rallarvegen t/r frå Flåm til Finse.
Starta tidleg og møtte fyrste syklist rett etter Låghellervatnet. Kun ei snøfonn att langs vegen og fine forhold! Hadde plan om å fortsette vidare til Haugastøl i dag, men med mørke skyer i aust og blå himmel i vest vart valget enkelt.
    ↑915m    2t:40min   
To turar til Angerskleiv. Fine forhold!

    ↑715m    1t:40min  23km 
Kveldstur t/r Angerskleiv - Velken - Espelansdalen
 
Kvasshovden (1030m) frå Velken
  ↑1625m    4t:50min  26+14km   
Oksen (1241m)
Fyrst på sykkel til Hamre, så vidare til fots til Oksen (bratt opp via Nuten og nedatt via Seljenuten, slik at det vart ein fin rundtur). Vindstille på toppen og kjempeflotte forhold!
 
  ↑525m    1t:10min  19km   
t/r Vatnasete

  ↑1525m    28km   
Vassfjøro (1633m) frå Sotenos (via Solsæ - Ljono - Vassdalane)
Fyrst på sykkel inn til Solsæ (der eg møtte ein rev på morgontur), så vidare til fots til toppen. Starta tidleg og stod på toppen klokka 9. Nysnø og ei lokal snøbyge, og ikkje mykje som minna om sommar.


  ↑650m    8km   
Opp gamlevegen til Njuk frå Såkvitno. Nedatt skogsvegen.

  ↑325m    8km   
Joberget frå Olavstøl

JUNI 2024

      ↑910m    11,5km   2t:15min    
Ingebjørgnuten (1210m) frå Stokksel
  ↑625m    1t:50min  26km   
Opp Vindalsvegen til Angerskleiv, så på stien over til Maovatnet og ned til Tveito og rundt Granvinsvatnet.
      ↑1620m    14,5km       
Skeisnipa (1440m) i Fjærland
Når ein køyrer gjennom Bergstunnelen mot Fjærland er det vanskeleg å unngå å legge merke til karakteristiske Skeisnipa, som nærmast stig rett opp av åkeren. Etter 1000 høgdemeter i bratt og krevjande terreng slo eg opp teltet ved fortoppen (på ca 1100m), der utsikta mot Fjærland og Fjærlandsfjorden er på sitt aller flottaste. Fortsatte så vidare til toppen, der ein har fantastisk utsikt mot fjell, fjord og bre (bl.a Bøyabreen og Flatbreen).
      ↑1280m    13,5km   2t:55min    
Lønahorgi (1410m) via Klondyke
      ↑1025m    16,5km   2t:05min.    
Flott runde over Joberget med start og slutt ved Granvinsvatnet. Opp via Fletene og Olavstøl, vidare i ulendt terreng og utanfor sti over Jonene/Joberget og bratt nedatt Jobakkane.

  ↑425m    50min  17km   
t/r Vatnasete
  ↑875m    1t:40min  10km   
Tunheim - Jonstøl - Kristinuten (901m) - Liavegen - Tunheim
  ↑925m    2t:40min  32km   
Rute: Granvin - Bulko - Byrset - Krokatjørni - Håset - Bjørgo - Granvin
Grov/teknisk sti mellom Byrset og Håset, så her blir det litt bæring av sykkel.. men med lågt lufttrykk i dekkene kan det meste syklast.
   
Kveldstur og telttur ovanfor Hallanger (på ca 850moh), med panorama fjordutsikt. Nedatt tidleg neste morgon, etter kaffi og frukost, og direkte på jobb.
      ↑285m    11,5km 1t:15min.    
Stirunde Haugseåsen - Vatnasetevatnet - Maovatnete - Haugseåsen, og t/r utsiktspunktet ovanfor Hauseberget.
  ↑895m    10km .    
Kvasshovden (1030m) frå Liaset via Geituri.
   
Stokkavatnet på Espelandsdalen
  ↑495m    4km .    
Gjerike - Hauseberget - utsiktspunktet
  ↑1295m    11,5km 2t:55min.    
Oksen (1241m) frå Hamre
  ↑1010m    2t:45min  42km   
Opp til Angerskleiv og på sti nedatt til Ulvik, så tilbake over Espelandsdalen med ein avstikkar til Solsævatnet.
  ↑895m    10,5km 2t:25min.    
Ingebjørgnuten (1210m). Kveldstur i 5cm nysnø og full vinter frå Nonfjell og vidare opp..
  ↑625m    9km 1t:15min.    
Njuk (680m) i ein time med opphaldsvær og gløtt av sol.
  ↑155m    11km 1t:5min.    
Fin stirunde i Bømoen, men vått og sleipt.
  ↑650m    1t:25min  22km   
t/r Angerskleiv
  ↑1355m    34km 4t:30min.    
Aurlandsdalen frå Vassbygdi til Østerbø t/r.
Starta tidleg på morgonen, slik at eg kunne springe til Østerbø før sola kom for fullt i Aurlandsdalen. Roleg tempo på returen, med diverse avstikkarar.
  ↑825m    2t:45min  11km   
Ramnanosi (1422 m)

MAI 2024

  ↑1130m    3t:15min  15,5km   
Kveldstur til Midtfjell (1255m) i siste rest av kveldssola.
  ↑590m    1t:15min  8,5km   
Kveldstur til Njuk, nedatt skogsvegen.

  ↑540m    55min  6,5km   
Gjerike - Hauseberget

  ↑280m      
Stirunde Holven-Fletena
  ↑1155m    2t:55min  45km   
Opp Vindalsvegen til Haugseåsen og vidare på sti over Angerskleiv til Ulvik. Den varmaste dagen til no i mai og oppimot 30 grader nede i Ulvik. Tilbake via Ljono, Solsævatnet og Espelandsdalen.
↑1380m   3t: 35min  16km+10km(sykkel)  
Dronningstien (frå Lofthus til Kinsarvik)
Ettermiddagstur over Dronningstien frå Lofthus til Kinsarvik, og vidare på sykkel tilbake langs fjorden, før turen gjekk direkte vidare til siderslepp-konsert...
  ↑980m    1t: 55min  11km   
Ingebjørgnuten (1210m.)
Kanskje ein av mine finaste kveldsturar til Ingebjørgnuten og nesten vanskeleg å halde fokus på stien nedatt, med solnedgang og skoddehavet som dominerte utsikta.
  ↑1090m    3t: 15min  19km   
Flott ettermiddagstur-/rundtur opp skogsvegen frå Nesheim til Grostøl og vidare over Horganipen (1035m) til Njuk. Så nedatt lia til Spildo og tilbake jernbanetraseen til utgangspunktet.
  ↑380m    1t: 30min  17km   
Rute: Holven - Velken - Hauseberget - Gjerike og rundt Granvinsvatnet.
  ↑590m    55min  7km   
Bratt opp Lia til Njuk (680m). Nedatt samme veg.

  ↑350m    1t:05min  7,5km   
Olavstøl til Joberget
         
Kajakktur i Granvinsfjorden og Osafjorden.


  ↑600m    1t:15min  7km   
Opp Lia til Njuk (680m).
  ↑710m    2t:25min  13km   
Frå Kvanndal opp sherpatreppene til Kvanndalsstølen og vidare over til Fossdalen og Beggevik.


  3km   
Packraft Storelvi i øvre-Granvin


  ↑640m    1t:25min  18km   
Angerskleiv t/r. Kjempefine forhold, og snøfritt heilt opp. Så direkte i kveldsbad i Granvinsvatnet, målt til 9 grader..
  ↑870m    2t:35min  38km   
Over Espelandsdalen til Solsæ og vidare over Gårhovden/Ljono til Ulvik. Framleis litt mykje snø att innover langs Solsævegen, så sykla asfaltvegen på returen over Ulvikahøgda.
  ↑630m    1t:40min  9km   
Fyrst til Håstabba og på bratt sti vidare til Håstabbastølen og Kvanndalsstølen, så nedatt sherpatreppene til Kvanndal.
  ↑615m    1t:15min  7km   
Bratt opp Lia til Njuk
  ↑605m    2t:15min  38km   
Rundt Granvinsvatnet og t/r Hamrevegen og direkte i fjorden for eit kveldsbad. Fortsatte med Audun vidare over Velken/Espelandsdalen på returen.
  ↑1030m    19km 3t:45min.    
Nipahøgdi frå Osafjellet med ei sprek gruppe som ankom Osafjorden med sjøfly! Nydeleg vær og overraskande bra føre til tross for høg lufttemperatur utover dagen.
  ↑850m    15km 2t:30min.    
Rekognoseringstur på Osafjellet
  ↑835m    2t:30min  43km   
Kveldstur over Espelandsdalen til Ulvik (t/r). Tok av på kjerrevegen som går frå Aurdal til Oppheim på turen bort, og sykla grusvegen vest for Tyssoelva og over Heiane/Fletene på returen.

APRIL 2024

    ↑820m    1t: 40min.  8km (+3km på sykkel)  
Samlen (686m)
Kjempeflott ettermiddags/kveldstur til Samlen og ein av dei finaste utsiktane i Hardanger. Me gjekk turen som ein rundtur og starta frå Mæle og fulgte stien langs fjorden til Krossaneset. Vidare bratt opp vestsida av fjellet i flott terreng opp mot toppen, og for det meste utanfor sti og merking. Så tilbake normalvegen, før me avslutta med å sykle siste kilometrene til utganspunktet for turen.
  ↑1800m    23km 7t:30min.    
Oksenhalvøya på langs
Rute: Sjusete - Midtfjell - Ingebjørgnuten - Oksen - Tjoflot
I dag klaffa alt! Nydeleg vær, perfekt slusjføre og ikkje minst ei super gruppe å hå med på langtur!
    ↑680m    2t:35min  52km  
Rute: Tjoflot - Ulvik - Espelandsdalen - Granvin
Parkert bilen på Tjoflot (før morgondagens guida tur over Oksenhalvøya), for så å sykla hovedvegen tilbake via Ulvikhøgda til Granvin.
    ↑720m    2t:10min  24km  
Granvin - Litlastøl - Haugseåsen - Trohaugen - Hedler - Velken - Espelandsvegen - Holven. Artig rute å sykle og stort sett veldig fine forhold over alt, og kun eit par små snøfenner att opp mot Hedler og Litlastøl!
       12km  
Ein runde rundt Granvinsvatnet

  ↑1050m         
Oksen (1241m) frå Tjoflot med ei sprek gruppe frå Frankrike.
    ↑1420m    3t:40min  52km  
Sykkeltur langs Hardangerfjorden i nydeleg vær, frå Utne til Herand og vidare på grusveg til Solhaugstølen og Grimestølen - så langt eg kom før det vart for mykje snø.
    ↑890m    2t:10min  28km  
Granvin - Bulko - Skår - Tveiti - Spildo
    ↑430m    1t:20min  1tkm  
Holven - Velken - Espelandsdalen - Fletena/Heiane, med eit par avstikkarar.
    ↑450m    1t:35min  16km  
Opp Vindalsvegen til Haugseåsen, så tilbake om Trohaugen og til Velken og over til Espelandsvegen. I kveld vart det nestenkollisjon med ein hjort i det eg var på veg ned kjerrevegen ovanfor Vindal og den kryssa vegen i ein voldsom fart. Hadde det ikkje vert for at vegen var våt og farten låg kunne det fort blitt eit ublidt møte med hjorten.
  ↑1050m         
Oksen (1241m) frå Tjoflot
Guida tur med ei stor gruppe til Oksen, i nydeleg slush og strålande sol! I dag klaffa det maksimalt med både vær og føre.
  ↑920m    3t:35min     
Ingebjørgnuten (1210m) frå Stokksel med Ingeborg. Både Yr og Storm bomma på værmeldingane i dag, og sola var godt synleg på himmelen store deler av turen. Nedkøyringa til Stokkseldalen overraska og positivt med mjuk fokksnø/nysnø til tross for kraftig vind.
  ↑390m    1t:15min     
Rekognoseringstur til Vindhovden frå Tjoflot
  ↑920m    2t:15min     
Ingebjørgnuten (1210m) frå Stokksel. Perfekt slusjføre heilt nedatt til parkeringa!
    ↑260m    1t:10min  27km  
t/r Hamre og rundt Granvinsvatnet.
    ↑660m    2t:05min  26km  
Langs Granvinsvatnet og opp til Medås og over stien til Nestås. Vidare opp til Velken/Notten. På stien over til Espelandsvegen ser eg ofte hjort, og i dag hoppa det ein rett framfor meg og fulgte stien eit stykke, før den byksa ut i skogen att i ein voldsom fart.
    ↑550m    1t:50min  22km  
To kveldsrundar opp til Velkje og på stien ned frå Notten. Nydeleg solnedgang på den siste runden.
    ↑330m    50min  7km  
Stirydding etterfulgt av ein fin runde ned frå Notten, på "nyrydda" stiar.

  ↑1020m    2t:55min     
Ingebjørgnuten (1210m) frå Stokksel, med nedkøyring til Stokkseldalen.
    ↑350m    50min  12km  
Opp til Velken og på stien over Øyjordshaugen til Espelandsvegen.
    ↑330m    50min  12km  
Rundt Åsen og ut til Birjetangen. Fin runde på grusveg, kjerreveg og litt sti.
    ↑390m    1t:45min  30km  
Opp Vindalsvegen og over på stien som går nedatt til Hausnes. I perfekte forhold som i dag er denne stien artig å sykle, og har fin flyt heile vegen. Så ut Hamrevegen til Startaneset og tilbake rundt Granvinsvatnet.

  ↑2300m    5t:50min  29km   
Raundalsrygggen frå Skaftedal til Liaset
Strålande påsketur over Raundalsryggen. Vindstille på toppane, pudderføre i høgden og slusj i sørvendte flankar. Me avslutta turen over Strutseggi før siste nedkøyring.

MARS 2024

  ↑1210m    3t:30min    
Kveldstur til Oksen (1241m) frå Hamre
Til fots opp til Seljesete, så vidare på ski til toppen. Flott rosafarga kveldshimmel og fullstendig vindstille!
    ↑780m    2t:15min  20km  
Fin runde med utforsking av div "nye" stiar aust og vest for Granvinsvatnet.