↑1250m  3t:00min
Horndalsnuten (1461m) frå Skaftedal. Nedkøyring i elvedalen mot Skykkjeset. Drømmeføre med 10-15cm pudder!
  ↑1050m  3t:10minKveldstur til Ingebjørgnuten (1210m) frå Stokksel.
Vinden har herja godt i fjellet, så føret var langt dårlegare og meir uforutsigbart i dag. Likevel artig å skri nedatt frå toppen kun frå lyset av hjelmlykta (og fullmånen..)
  ↑1050m  2t:45minIngebjørgfjellet (1210m) frå Stokksel. Flott føre heilt til topps. Botnlaust i skogen!
Flott fullmåneskin i morgontimane
  ↑850m  2t:10minTo nedkøyringar i Nonfjelsskogen.
  ↑690m  2t:50minNonfjell (ca 900m) frå Stokksel
Djup pudder og kjempefine forhold!
Nonfjellstrollet..
  ↑1290m  3t:50minOksen (1241m) frå Hamre
Kunne starte på ski frå Hamre, men måtte av og på med ski eit par plasser opp til Seljesete. Vidare i flotte pudderforhold og julekortstemning opp igjennom skogen! Avblåst over tregrensa, litt stein her og der, men overraskande fint føre med ein relativt god snøsåle med eit lite nysnølag oppå. Kjempefin tur!
  ↑1590m  3t:10minBavallen - Hangurstoppen x 3
Perlemorskyer og soloppgang
  ↑1280m  2t:15minTo turar frå Bavallen til Hangurstoppen i kjempefine nysnøforhold. Prøvde meg og halvvegs opp mot Horgaletten, men der hadde mildværet tæra kraftig på snøsålen.
  ↑980m  2t:15minHorgaletten og Hangurstoppen frå Bavallen
  ↑1050m  2t:00minHorgaletten x 2.
Tett snødrev og fine forhold både i og utanfor løypa.
  ↑1020m 17km  3t:35minBakkanosi (1398moh.)Ettermiddagstur til Bakkanosi via Slettedalen. Med kun små gløtt av sol på heile turen vart belønninga ekstra stor med blåtimen og nydeleg rosafarga kveldshimmel frå toppen.
Ski og feller blir nøye inspisert og godkjent..
  ↑1210m 17km  2t:55minLønahorgi (1410m) frå BavallenBra føre opp til Horgaletten, med nokre cm med nysnø, og som venta; høgst vekslande snøforhold vidare oppover. Men ein flott solnedgang var det iallefall..!
  ↑580m Hangurstoppen (818m) frå Bavallen
  ↑880m 10km 2t:15minKvasshovden (1030m)Relativt bra pudderføre og snøsåle heilt til topps. Kom tilfeldigvis over ein "nyoppdaga" skogsveg i hogstfeltet nedst, som eg kunne følge siste del nedatt til parkeringa.
  ↑1190m 17km 2t:45minHorndalsnuten (1461m)
Ettermiddagstur i lett snødrev. Å gå denne turen i vintermørket kun i lyset frå lykta gir ein ekstra stemningsfull og fin opplevelse.
  ↑620m 25km 2t:10minOpp Vindalsvegen til Litlastøl og rundt Vatnasetevatnet, så tilbake om Velken og på stien som går over til Espelandsvegen. Kjempefine forhold for "snøsykling" med piggdekk på hardpakka scooterspor og over islagte stiar og vatn.
  ↑1190m 17km  2t:55minHorndalsnuten (1461m) frå Skaftedalen
Langt bedre føre enn forventa med puddersnø heilt opp, men fortsatt eindel stein som stikk opp her og der.. så me tok det roleg nedatt. Vindstille på toppen.
Foto: Audun Brekke
  ↑1210m 17km  3t:25minLønahorgi (1410m) frå Bavallen-17 grader nede ved parkeringa i Bavallen og den kaldaste dagen hittil i år. Nådde i sola oppe ved Horgaletten og fekk siste rest av solnedgangen frå toppen. Lite snø og krevande snøforhold stort sett heile vegen opp, og spesielt på den siste flaten før toppen.