↑870m 11km 2t:10m
Ingebjørgnuten (1210m)
  ↑640m 7km 1t:10m
Njuk. Bratt opp lia og nedatt skogsvegen.
  ↑1400m 13km 3t:30m
Rossnos 1408mTredje teltturen min til Rossnos siste tre åra, så no er det blitt ein tradisjon.
  ↑730m 8,5km 1t:10m
Seljenuten. Starta frå Djupeviki og gjekk nedatt stien til Hamre.
  ↑1530m 31km 3t:55m
Vassfjøro (1633m)
Starta grytidleg på morgonen frå bommen ved Solsævatnet, i overskya og tåke, og stod på toppen nokre timar seinare i strålande sol.
Fyrst på sykkel langs Solsævatnet og opp til Jonstøl og til rett forbi Vassdalane. Så vidare til fots.
  ↑430m 19km 1t:25m
Eit par stirundar i Bømoen og Storåsen. Flotte forhold.
  ↑750m 9km 1t:15m
Kristinuten (901m)
Starta frå Tunheim og fulgte ruta opp til Jonstøl og vidare til Kristunuten, så nedatt om Øydvekleppe.
Fluga midt på bildet var med på stort sett heile turen...
  ↑590m 11km
Frå Osa på sti og sherpatrepper opp Norddalen til Ossete
  ↑570m 21km
t/r Angerskleiv
  ↑1180m 10km
Midtfjell (1255m) frå Hallanger Starta seint tysdag kveld slik at eg unngjekk å gå i varmen frå sola på veg opp, og kom akkurat opp til siste rest av solnedgangen frå toppen. Varmt og fullstendig vindstille gjennom heile natta, og kanskje ein av mine finaste teltturar til Midtfjell.
  ↑280m 12km
Ein runde i Åsen i Ulvik etter jobb.
  ↑780m 18km
Fin runde på div stiar og kjerrevegar ned frå Vatnasete.
  ↑740m
Opp til Vatnsete og så over til Hedler og på sti nedatt til vegen, og rett i Granvsinvatnet for eit avkjølande kveldsbad.
  ↑1150m 46km
Frå Granvin over Angerskleiv til Ulvik, så opp til Ljono og Solsævatnet og tilbake over Espelandsdalen.
  ↑1130m 38km
Aurlandsdalen frå Vassbygdi til Østerbø (t/r).
Etter den flotte skituren me hadde til Blåskavlen gjekk turen vidare til Vassbygdi og Aurlandsdalen. Med oppakka sekk gjekk eg omlag halvegs til Østerbø, i siste rest av solnedgangen, før eg slo opp teltet og kunne fortsette tidleg neste morgon. Framme ved Østerbø la eg att sekken slik at eg kunne ta returen som ein fin joggetur. Å oppleve Aurlandsdalen på denne tida av året er kanskje ekstra fint, med flaumstore elver og bekkar, og ingen kø av turistar hverken i den eine eller andre retninga..
  ↑890m 12km
Blåskavlen (1809m) i Aurland.
Vindstille på toppen, perfekt slusjføre og framleis snø heilt ned til parkeringa.
  ↑1550m 48km
Kombinerte fleire av sti- og kjerrevegane i Ulvik og Granvin til ein lang og flott tur(-retur) over gamle postvegen, med ein obligatorisk ispause i Ulvik.
  ↑780m 27km Utvida gårsdagens runde med å sykle over Trohaugen/Vindal på turen tilbake, slik at det var minst mulig sykling på grusveg og flest kilometer med artig stisykling. Forholda kan knapt bli betre enn no.
  ↑740m 25km Omtrent samme ruta som i går men fortsatte til Angerskleiv. Hadde med meg sag i dag, slik at eg fekk rydda stien ned mot Espelandsdalen.