↑1200m 15km 3t:10m
Vesle Vassfjøro (ca 1300m) frå Tunheim i UlvikStarta rett etter jobb og rakk akkurat siste rest av solnedgangen. Vindstille og varmt i sola, kunne gå i berre kortarma opp til Jonstøl. Føret derimot var ikkje mykje å skryte av; knekkebrødskare i solhellingane, som gjorde det utfordrande å få tatt fine svingar nedover fjellsida.
I tida før fyrste verdenskrig vart det dreve skiferbrudd innover mot Vetle Vassfjøro. Skiferen vart frakta med bane frå omlag 1200 høgdemeter frå Vassfjøro og ned til Osa, men arbeidet vart lite lønsamt og drifta varte ikkje særleg lenge.
Jonstøl med Vassfjøro i bakgrunnen
  ↑1110m 14km 2t:35m
Ingebjørgnuten (1210m)
  ↑970m 14km 2t:45m
Ingebjørgnuten (1210m)
Kanskje min aller finaste måneskinstur. Intens nordlysaktivitet og perfekt pudderføre på heile nedkøyringa mot Stokkseldalen! Ubeskrivelig fint, og nesten vanskeleg å halde fokus på anna enn himmelen over meg..
  ↑820m
Kvasshovden (1030m)
Morgontur til Kvasshovden frå Lødalen. Fantastiske snøforhold heilt til topps! To nedkøyringar i partiet frå toppen.
  ↑1030m 2t:20m
Grimsnuten (1228m) frå Nesheim (Bruravik).
Fyrst til fots til Grønskål før eg kunne fortsette på ski til Øvstestølen. Nydeleg føre vidare opp til toppen.
  ↑810m 1t:30m
Morgontur til Såta (Øvre Fenno).
  ↑890m 2t:10m
Fennanuten (850m) frå Skaftedalen. To nedkøyringar i 10-20cm nysnø. God varme frå sola og antydning til slushføre i bratthenget ned mot parkeringa.
  ↑960m 11km 2t:30m
Strutseggi (1137m) frå Liaset. Pudderføre heilt til topps. Denne austvendte flanken har stort sett vore skjerma for dei siste dagars vindherjingar.
  ↑1260m 17km 3t:10m
Horndalsnuten (1461m) frå Skaftedal. Snøbyger og variabel sikt på turen opp, men på nedkøyringa klaffa det bra med både vær og føre.
  ↑660m 7km
Tidleg formiddagstur til Nonfjell
  ↑960m 12km
Dosafjellet To nedkøyringar i perfekt pudderføre. Denne skogslia er kanskje hakket betre enn Nonfjell når snøforholda er som no.
 
Formiddagsøkt i Nonfjellskogen
  ↑1060m 13,5km
Ingebjørgnuten (1210m) frå StokkselvegenNye 10cm sidan sist og drømmeføre i den bratte skogslia ned frå Nonfjellshytta.
  ↑1060m 13,5km
Ingebjørgnuten (1210m) frå StokkselvegenKraftig måneskin og minst 40cm djup pudder i Nonfjellskogen. Stort flottare blir det ikkje!