↑940m Guida topptur til Ingebjørgnuten i maksimalt vær og føre, med tre trivelige svensker som hadde sin aller fyrste tur til Hardanger.
  Tiurleik 2022Denne gongen vart det full uttelling, med stor aktivitet på tiurleiken i morgontimane!
  ↑1620m Kveldstur på joggesko frå Hamre til Seljenuten, i eit teppe av kvitveis langs stien, så vidare på ski til Oksen. Skrei fyrst ned til Nuten, så oppatt og kveldens siste nedkøyring til Seljesete. Rask slush og kanskje det beste føret eg har opplevd ned denne nordvendte flanken.
  Fyksesundet frå Porsmyr
  ↑1020m Guida tur til Oksen med ein sprek og triveleg gjeng. Vindstille på toppen og flott slush i Oksebrekkene!
  ↑480m Kveldstur til Løvstakken
  ↑1780m Onen (1620m) frå OsafjordenKajakk og ski er ein fin kombo! Kunne på med ski rett ovanfor Bagnstrond (350m). Litt knoting den fyrste halvtimen gjennom skogen, men ellers fine forhold heilt til topps!
Sporlogg
Onen, med Hardangerjøkulen i bakgrunnen
  Frå Hamre til Tjoflot i blikkstille sjø og det som minna meir om sommarvarme - kunne padle i kortarma og shorts heile vegen.
Stor aktivitet langs fjorden denne ettermiddagen.
To ørn letta frå berget ovanfor Fureneset og like etter dukka det opp ei steinkobbe framfor kajakken. Fleire spekkhoggere var på veg ut nordsida av Granvinsfjorden, men altså i trygg avstand til kajakken..
Hamre
Tjoflot
  Kajakktur i Simafjorden og vidare til fots til Kjeåsen. Nydeleg dag med sommarleg temperatur og tørre, fine stiar.
  Morgontur i Eidfjorden med ein liten svipp under Hardangerbrua.
Anders og Sigve inviterte på formiddagstur til Velkesfjellet rett etter kajakkturen
  Årets fyrste kajakktur for min del. Ut Granvinsfjorden til Hamre og vidare til Fureneset i blikkstille sjø i morgontimane.
  ↑1300m Formiddagstur til Onen/Øykjeskarsnuten frå Viermyr.
  ↑1380m OsafjelletFlott runde på Osafjellet. Tørrsnø i nordsidene og slush i sørsidene (så lenge eg holdt meg over 1100moh). Merkbart dårligare føre for kvar time, og skikkelig sugeføre på den siste nedkøyringa til Viermyr, der temperaturmålaren i bilen viste heile 9 varmegrader..
Meterhøge brøytekantar opp Osafjellsvegen
  ↑1410m Kveldstur til Oksen(1241m)/Veten frå HamreStarta i 18-tida frå Hamre for å time solnedgangen frå toppen. Fyrst på joggesko opp til Seljesete, så vidare på ski til Oksen. Gradvis bedre vær utover kvelden og knapt eit vindpust på toppen. Fortsatte vidare til Veten der det vart ein lang pause i solnedgangen. Føret derimot var ikkje like mykje å skryte av.. knallhard skare og kun nokre få parti med god snø.
Veten, Oksen
  ↑1040m Stokksel - Verkedalsnuten - Ingebjørgnuten (1210m)
Kveldstrim i svært vekslande sikt, vær og føre.
  ↑920m Ettermiddagstur til Ingebjørgnuten (1210m) frå Stokksel
  ↑1720m Horndalsnuten (1461m)/Byrseteggi frå Øvre Fenno. Nydeleg ettermiddags-/kveldstur over Byrseteggi til Horndalsnuten - som vart tilbringa med podcast på turen opp, og musikk i solnedgang og aprilpudder på nedkøyringa.
Hurrungane i det fjerne
  ↑1590m Vesle Vassfjøro (ca 1300m) frå Tunheim. Starta direkte etter jobbdag i Ulvik. Kunne gå i berre kortarma ulltrøye heilt opp til Jonstøl frå parkeringa ved Tunheim, og det var knapt eit vindpust før eg nærma meg toppen. Vassfjøro har skjerma denne sørvendte flanken for nordavinden dei siste dagane, slik at nysnøen har fått ligge upåvirka av vind. To nedkøyringar frå foten av Vassfjøro i 15-20cm dagsfersk pudder av beste sort!
Rester av skiferbrudd under foten av Vassfjøro. I tida før fyrste verdenskrig vart det dreve skiferbrudd innover mot Vetle Vassfjøro. Skiferen vart frakta med bane frå omlag 1200 meter under Vassfjøro og ned til Osa, men arbeidet vart lite lønsamt og drifta varte ikkje særleg lenge.
Sommar vs Vinter
  ↑810m Strutseggi frå Liaset. Kraftig nordavind med snøfokk på toppen og vekslande skareføre nedatt.