↑540m 6km
Nonfjell
5-10cm nysnø og kjempeflott føre. I kveld kunne me ta fine puddersvingar i relativt god fart ned fjellsida - uten å frykte for å treffe i stein og stubbar.
  ↑630m 7km
Stavaskar frå Liaset
Gårsdagens uvær har lagt att eit solid påfyll med snø. Litt ufordrande føre, så me snudde ved Stavaskar og tok heller ein lang pause i sola i hytteveggen på Olavstøl.
  ↑920m 10km
Strutseggi (1137m) frå Liaset/EspelandsdalenFlott morgontur i soloppgang til Strutseggi. Bra pudderføre under tregrensa og ellers langt bedre forhold enn forventa. Etter ein snøfattig vinter så langt er det no lys i snøtunnelen!
  ↑450m Ny kveldsøkt i lia opp mot Fennanuten.
  ↑470m Fennanuten frå Skaftedal. Flott vinterstemning med 10-15cm tørr nysnø opp mot toppen.
Rypefest
  ↑260m 13,5km Joggetur t/r Hamre før måndagsbadet i fjorden - målt til kun 1°C i dag.
  ↑1270m Bavallen - Hangurstoppen, Bavallen - Slettafjellet. 2-3cm nysnø.
  ↑470m Tingsteinen frå Skaftedal. Bedre snøforhold i skogen enn frykta.
  ↑680m Nonfjell (860m) frå Stokkselvegen. Korte glimt av fullmånen.
  ↑910m Formiddagstur til Horndalsnuten frå Skaftedal. Avblåst og isete i høgden, så snudde på 1250m. Fin pudder i bjørkelia ned frå Skykkjeset.
Havørnen vart jaga vekk av to kråker over Granvinsvatnet:
  ↑1130m Bavallen - Hangurstoppen x 25 cm nysnø og flotte forhold i løypa!
  ↑1160m 15,5km
Midtfjell (1255m)Ettermiddagstur til Midtfjell frå Stokksel, tilbake om Troppefjellet og Dosafjellet. «Gyda»s herjingar har ført til utfordrande (elendige) snøforhold heilt til topps. Vurderte fleire gonger å snu, men det fine ettermiddagsljoset motiverte til å nå toppen i dag.
  ↑1060m 14,5km
Ingebjørgnuten (1210m) frå Stokkselvegen. Flott tur til tross for ein labyrint av buskar og kratt i minimalt med snø frå Nonfjell. Kom akkurat opp til siste minuttene av solnedgangen frå toppen. Skrei ned mot Stokkseldalen der det låg eit jamnt lag med mjuk fokksnø i leområdene. Vidare i flott pudder siste del av skogen mot Stokksel. Med dei værmeldingane som er meldt framover er det stor fare for at neste tur til Oksenhalvøya blir til fots..utan ski på beina.
  ↑900m
Brattenuten (1209m) frå Espelandsdalen. Både yr og storm bomma fullstendig i dag, så sola som var meldt vart erstatta med lette snøbyger. Snudde rett før toppen. Strålande føre, men litt meir vindpåvirka enn forrige tur.
  ↑940m
Brattenuten (1209m) frå EspelandsdalenKveldstur til Brattenuten frå Espelandsdalen i 40cm pudder heilt til rett under toppen. Meir snø enn forventa og perfekt føre for breide pudderplankar. Ikkje eit vindpust.
Ulvik sentrum og Drevtjørn lyser opp i bakgrunnen
Espelandsfossen
Fekk følge av eit ekorn på starten av turen i dag:
  ↑230m 15km Skitur tur-retur Solsæ frå Drevtjørn. Snøtunge tre og flott vinterstemning.
Nymåne | Foto: Eva
  ↑730m
Reisleskar og Fennanuten frå Skaftedal 30-40cm nysnø og kjempefine forhold!
Frå Fennanuten med utsyn mot Øvre-Granvin
Frå Fennanuten med Voss i bakgrunnen | Foto: Audun Brekke
  ↑320m 15km Joggetur tur-retur Hamrevegen med Audun, før årets fyrste fjordbad.
  ↑1130m Bavallen-Hangurstoppen x 2