↑7o0m Opp lia til Njuk og nedatt skogsvegen
  ↑940m
Kveldstur til Nipahøgdi frå ViermyrFlott tur i strålande slush og gode snøforhold! På Osafjellet er ikkje vinteren heilt over enno..
 
ListastrendeneTelttur langs kyststien på Lista - ein av dei få plassene langs sørlandskysten der ein får sett solnedgangen over havet i vest.
  25km
Flekkerøya Vest. Fin runde på svaberg og skogssti. Starta med sykkel, heilt til kjede rauk tvers av, så fortsatte på joggesko ut til dei mange viker og nes.
  32km Sykkeltur langs Kyststien i Stavern
  ↑690m Ned frå Gruveåsen til Kongsberg på ein god mix av flytsti, sva- og bratt skogssti.
  Kajakktur langs vestsida av Fyksesund, der fossane kjem på rekke og rad heile vegen frå Porsmyr til Botn.
  ↑840m 29km På gamlevegen over Angerskleiv til Ulvik. Tilbake om Espelandsdalen.
Framleis for mykje snø til å få fin flyt i stien ned mot Furesete/Ulvik..
  ↑710m 20km Opp via Skjervet til Skår og vidare til Skeiset. Fin rundtur!
  ↑580m 18km Eit par stirundar i Bømoen og over Storåsen.
  44km Fin sykkeltur frå Utne til Herand, tvers igjennom små gårdar og mellom blømande fruktre, og på idylliske vegar med nesten ingen trafikk.
  Husedalen frå KinsarvikFyrst på sykkel opp grusvegen, så vidare på joggesko i stien oppover den frodige Husedalen. Starta seint på ettermiddagen når snøsmeltinga var sterkast.
  Packraft StorelviTo turar med packraften ned Storelvi i Øvre Granvin. Starta frå Klyve og kunne padle sammenhengande dei 5 kilometrene ut til Granvinsvatnet. Utruleg moro, og akkurat passe stor vassføring no i snøsmeltinga.
  ↑1570m Oksen (1241m.) frå Stokksel (over Ingebjørgnuten begge vegar) Starta ikkje før kl 18 og var heldig og traff maksimalt på både vær og føre.
Fullmåne over Storeflåtten
Ingebjørgnuten
  ↑680m Nuten frå Hamre
  ↑580m 20km Rundt Holven - Fletena, så vidare opp til Haugseåsen og på sti heilt nedatt til Hausnes/Granvinsvatnet.
↑1000m 12km
Midtfjell (1255m) frå Stokksel (via Dosafjell) i nydeleg kveldsslush.
↑2220m 29km
Storeflåtten (1616m) frå Bu
Kjempeflott (eller kjempeflått) formiddagstur til Storeflåtten via Bunuten og over Akslafjellet, med nedkøyring i den store nordaustflanken mot Vatnasetevatnet - slik at det vart ein fin rundtur. Storeflåtten er eit av dei mest markante fjella på Hardangervidda og ligg omtrent midt imellom Folgefonna og Hardangerjøkulen, med utsikt langt innover vidda på godværsdagar som i dag.
  ↑880m 25km Rundt Granvinsvatnet med diverse avstikkarar på fleire fine stiar og grusvegar, bl.a opp den nyrydda stien til Steingrimsteigen.
  ↑690m 19km Rute: Åsen-Birje-Øydve-Tunheim.Fin rundtur i Ulvik med div avstikkarar. Mest grusveg, men og nokre parti med fine sti- og kjerrevegar.
Pause ved den nye dagsturhytta
  ↑710m 29km Sesongens fyrste tur med stisykkelen - i kveldssol og fine forhold. Fyrst opp til Velken og på stien som går parallelt med Granvinsvatnet ned til Hausnes, så t/r Hamre.
  ↑1010m Mjølfjellet (1470 moh)Leif-Johan inviterte på ettermiddagstur til Mjølfjell. Me gjekk i variabel sikt på veg opp, men akkurat i det me nærma oss toppen letta skydekket. Litt ymse føre nedatt, men nokre lommer med fin pudder frå toppen. Mjølfjellet byr på fin nedkøyring i nesten alle himmelretningar, så her blir det nok ny tur når forholdene er bedre.
  ↑1940m Oksen (1241m) frå HamreDen tradisjonelle 1.mai-turen til Oksen var gjennomført i år og, i sol frå blå himmel! Skrei fyrst ned austflanken til Oksastølen i strålande føre. Så oppatt til toppen der eg møtte på Audun m.fl. No hadde den nordvendte sida også rukke å tine opp, så skrei nedatt i retning Hamreelva heilt til siste snøflekk som var å oppdrive.