↑220m 11kmStirunde: Haugse-Øykjaskår-Heiane-Maovatnet-Vatnasete-Haugse
Frosne stiar og flotte forhold mellom Maovatnet og Vatnasete
↑1320m Finnbunuten (1358m)+fortoppen.
Kjempeflott dag med sol frå blå himmel og bra pudderføre over 8-900 moh.
Foto over/under: Jarand
↑520m 13km Starta morgonen med å sykle opp Vindalsvegen, men kom ikkje lengre enn halvvegs før kjedet rauk tvers av, så då vart det ein Joggetur istadenfor - opp bakkavegen frå Spildo og over på sti til Skår, så nedatt om Skjervet og sherpatreppene. Klink is frå øvre del av Skjervet, men ellers fine forhold og ein kjempefin rundtur!
↑320m 4km
Ettermiddagstur på frosne stiar til Hedler.
↑410m 6km
Fin tur til Njuk frå Såkvitno. Julekortstemning!
↑390m 9,5km
Stirunde Haugseåsen-Vatnasete-Maovatnet-Heiane-Haugseåsen-Haugse. Tjukk skodde og trolsk stemning gjennom skogen med hovelykta. Svært mildt i kveld.
Ein litt ufokusert hjort dukka plutseleg opp framfor meg..
↑1500m 30km
Skorsonen frå Osafjellet
Flott dag på Osafjellet til Onen og vidare til Skorsonen i strålande vær og føre, med omlag 20-30cm nysnø!
↑510m 5km Horganipen (1035m) i vakkert novemberljos og 10cm dagsfersk nysnø.
↑270m 6km
↑770m 9km
Seljenuten frå Hamre. Nedatt om Verkadalsstølen/Djupeviki og sykkel tilbake til Hamre. Kjempefin rundtur på frosne stiar/myrer.
↑1060m 21km
Onen (1621m) frå Viermyr
Sesongstart på Osafjellet i betre snøforhold enn forventa. Me fulgte fyrst Osafjellsvegen opp til Langavatnet og gjekk vidare bratt opp til toppen sørvest for Kvilinganutvatnet, så vidare til Onen akkurat i det tåka letta. Nedkøyring i retning Langavatnet i mjuk fokksnø og ei lite lag med nysnø, kun litt sikksakk-skriing mellom stein dei siste 100 høgdemetrene nedatt til vegen. Strålande vær, nydeleg solnedgang, måneskin og blåtime!
Sola bryt gjennom skodda. Foto: Eva
Foto: Eva
↑360m 10km
Fin morgonjogg på div stiar og grusvegar i Øvre-Granvin
↑330m 9,5km
Nesten samme stirunden som i går, men me sprang vidare til Øykjaskår og utsiktspunktet.
over Tveitelva
↑190m 7,5km
Stirunde Haugseåsen-Vatnasete-Maovatnet-Heiane. Stjerneklart.
↑540m 10,5km
Joggetur Tveitovegen-Vetlavatnet før måndagsbadet i fjorden.
↑1241m 11,5km
Oksen 1241m
Bratt opp til Nuten og vidare i 10-20cm nysnø til toppen, nedatt via Seljenuten til Hamre. Tok på isbrodder frå 800moh, og utan dei hadde det nok blitt vanskelig å komme seg opp.
Ein vinterkledd hare spratt ut av hula si berre eit par meter ifrå meg
↑700m 11km
Kvanndalsstølen
Morgontrim til Kvanndalsstølen frå Håstabbø. Nedatt sherpatreppene, slik at det vart ein fin rundtur!
?
4 sherpaer i aktivitet med siste del av stien opp mot Kvanndalsstølen
↑1100m 17,5km
Bagne og Grøndalen/Ramnaberg/Skardsete
Ein fantastisk flott haustdag med kajakktur over Osafjorden og vidare til fots til Bagne, Grøndalen, Skardsete og Ramnaberg. Me fekk sett både hjort, fjellryper, tre kongeørn og nokre niser.
↑820m 10,5km Fin morgontur til Ingebjørgnuten (1210m) rett før soloppgang
Minutter før sola bikker over horisonten