Fjellfiske i stiv kuling og kraftige vindkast, så valgte å gje meg etter ein liten time sjølv om det frista veldig å fortsette utover kvelden.
↑920m 13km 3:05t
Kveldstur til Midtfjell (1255m)
Fulgte nymerka rute opp til toppen. Nydeleg solnedgang og flotte haustfargar.
↑520m 12km
Stirunde (Haugseåsen-Snaueggi-Vatnasete-Haugseåsen) i flotte haustfargar og fønvind.
↑1200m 13,9km 3:25t
Oksen(1241m)+Veten frå Hamre
Ettermiddags-/kveldstur til Oksen og Veten. Shortstemperatur og mild bris i lufta. Med utlada mobil og uventa svakt ljos frå hovelykta vart det i overkant spennande å komme seg nedatt i mørket... såg såvidt konturane av stien frå Seljenuten til Hamre.
↑1220m 29,5km
Fyrst på sykkel til Angerskleiv så vidare til fots til Kvasshovden (1065m). Tilbake om "utsikstpunktet" og Haugse. Kjempefin rundtur!
↑1010m
Bavallen - Lønahorgi (snudde rett før toppen).
↑1620m 78km
Rallarvegen i flotte haustfargar, frå Kårdal (i Flåm) til Finse og tilbake.
↑670m 24km
Over gamle postvegen frå Granvin til Ulvik.
Mink i vegkanten
↑650m 12km Telt- og fisketur til Vatnadalane og Høgahorgi
Njuk med Raundalsryggen i bakgrunnen
Fisketur med fjellaure-middag nokon timar seinare.
↑1250m 15km 2:55t
Kveldstur til Oksen (1241m) frå Hamre
Frå Hamre og bratt opp via Nuten til Oksen (1241m). Nedatt via Seljeuten. Rakk akkurat siste 10 minuttene av solnedgangen frå toppen. To rypeflokker flaksa opp rett framfor meg på veg opp, den fyrste på godt over 20 stk.
Smakfulle store blåbær
Hausten er no på sitt flottaste
Hekta på fjellfiske...
Mange timar med slukfiske frå land, noko som resulterte i 10 fine halvkilos fjellaure (og 10 iskalde fingrar..)
Ettermiddagsfiske. Litt meir vind, litt bedre fiskevær og langt bedre fangst enn i går.
Slukfiske i blikkstille fjellvatn og høg lufttemperatur er sjelden ein god kombinasjon, men etter to timar utan eit napp beit det plutselig på to fine halvkilos fjellaure og dermed var middagen sikra.
↑610m 20km tur-retur Angerskleiv og fyrste turen i regn på fleire månader.
↑920m 51km
Rute: Lærdal - Vindhellavegen - Eråksdalen - Maristova.
Flott sykkeltur på historiske vegar og stiar mellom Lærdal og Maristova, med diverse avstikkarar undervegs.
↑870m 42km
Opp til Velken og nedatt på "nyoppdaga", artig sti til Espelandsvegen og vidare til Espelandsvatnet. Så over Fletena til Holven og opp Tveitovegen på returen.
↑1100m 23km Gråsida
Rute: Hodnaberg - Torfinnsheim - Timaglaset - Nansenbu - Gråsidetoppen - Hjelle
Flott tur over Gråsida, frå Hodnaberg til Hjelle.
↑1800m 22km Raundalsryggen
Ettermiddags-/kveldstur over Raundalsryggen frå Skaftedal til Olavstøl.