Ettermiddagsfiske på Osafjellet som resulterte i fleire fine fjellaure. Den største på nesten halvkiloet.
↑1250m 12km 2:40t
Oksen (1241m)
Frå Hamre via Seljenuten til Oksen (1241m). Nedatt om Nuten-Hamre. Svært varmt og ikkje eit vindpust, så dermed vart det eit bad både på toppen og i fjorden rett etter turen.
Telt- og fisketur til Langavatnet
↑1800m 24km
Bjørndalstindtraversen
Flott og luftig alpin klassikar i Rosendalsalpane! Turen vart avslutta med eit friskt bad i Prestavatnet, før siste etappe ned den flotte dalen mot Murarbotn.
↑430m 16km Opp Espelandsvegen til Espelandsvatnet, nedatt på sti/kjerreveg langs Tråelvi
Tre eventyrlege timar med fjellfiske frå land, rett etter jobb. Når det så godt som biter på kvart kast og fisken er av topp kvalitet med snittvekt på 3-400g er det ikkje mykje som kan måla seg med stangfiske i fjellvatn.
↑430m 16km Opp Espelandsdalen og nedatt på traktorveg over Fletena til Holven og rett i måndagsbad i Granvinsvatnet, målt til 19 ℃.
↑630m 19km
Kveldstur t/r Angerskleiv. Shortstemperatur!
↑890m 15km Fullmånehelg på Osafjellet
Flotte dagar med fiske, kajakktur og den obligatoriske fjellturen til Onen.
Flott fjellaure på 200-600 gram
Onen 1620m
↑540m 7,5km Kveldstur opp Horgastien til Horganipen
↑240m 10km Fin rundtur: Gjelet-Fuglavatnet-Seljeskoret-Almen-Gjelet.
↑1090m 11km
Midtfjell (1255m) frå Hallanger
Telttur til Midtfjell i måneskin og stjerneklar himmel. Ikkje eit vindpust gjennom natta. Nedatt grytidleg neste morgon før soloppgang.
↑210m 10km Stirunde Vatnasete - Maovatnet
↑1290m 12km 2:55t Ettermiddagstrim til Oksen (1241m) frå Hamre
↑560m 16km
t/r Vatnasete
↑720m 15km
Kveldstur opp til Velken og vidare på bratt kjerreveg til Hedler. Tilbake samme veg. Ei lita glippe i skydekket i kombinasjon med regntunge skyer over resten av himmelen gjorde at det vart eit heilt spesielt ljos i solnedgangen på turen nedatt!
Regntunge skyer på veg innover fjorden
↑1220m 13km
Vetanosi (1134m)
Telttur til Vetanosi, Sogn sitt svar på Oksen.
↑1320m 36km
Gamle postvegen Granvin-Ulvik t/r
På sti over Angerskleiv til Ulvik, så tilbake om Ljono, Solsævatnet og Bergo. Knusktørre stiar og fine forhold! Antydningar til haustfargar over høgda.
Sjølvaste sjefsgeita på Bergo kom for å helse på..
↑1270m 12km Geitadalstind og Ulvanosa i Rosendal
Kjempeflott tur til ein av klassikarane i Uskedalen.
↑290m 12km Stispringing: Vatnasete - Maovatnet - "utsiktspunktet"
↑1320m 15km
Olsskavlen (1576m)
Strålande kveldstur til Olsskavlen frå Olavstøl.
↑670m 17km
Angerskleiv. Nydeleg solnedgang på turen nedatt.
Sykkelen vert nøye inspisert både framme og bak
↑950m 18km
Kveldstur til Vetle Vassfjøro (ca 1250m). Slo opp teltet rett ved ein av dei mange steinbuene som står att frå helleuttaket over Osa.
Eit spesiellt værfenomen (regnboge-glorie) oppstod i morgonontimane, rett etter at sola stod opp. (Legg merke til steinbua i bakgrunnen)
Ein regnboge-glorie oppstår når solljoset treff og blir reflektert i små vanndråpar som utgjer tåke/skodde. Skyene må ligge lågt, samtidig som sola må være plassert rett bak. Brockenspekter
Værfenomenet varte kun i 5-10 sekunder før det gradvis forsvant