↑1060m 11km
Midtfjell og telt er ein fin kombo!
Havørn tett fulgt av Ravn
↑910m 10km
Morgontrim til Ingebjørgnuten (1210m) frå Stokksel
↑690m 7km
Horganipen (1035m) frå Krokavatnet
↑1090m 13km
Ettermiddagstur til Midtfjell 1255m (via Dosafjell)
Såpass varmt at eg kunne gå med berre shorts på heile turen. Store mengder med molte- og blåbær rett ved stien, så både sekk og niste kunne ligge att i bilen. Turen vart avslutta med eit avkjølande kveldsbad i Skorvofossen.
Moltetur i Granvin
Omlag fire kilo molter på like mange timar. I år må det være ekstra gode forhold for molte.
↑1280m 15km
Telttur til Duk 1100moh. (Dronningstien)
Starta med å sykle opp Lofthusvegen, før eg gjekk over til å trille sykkelen bratt siste halvdel av vegen opp mot Tryglasteinshaugen (850m) der munketreppene startar. Tilfeldigvis (og heldigvis) sat det ein liten gut og solgte iskald cola frå kjølebag, strategisk plassert midt i dei brattaste bakkane, der sola varma som mest... Vidare opp Munketreppene og Dronningstien til Duk (1100m) for å finne teltplass med panoaramautsikt over Sørfjorden og Lofthus. Like etter eg hadde satt meg på toppen for å få med meg måneoppgangen kom geitene, ein etter ein, og samla seg rundt toppvarden.
↑1350m 16km
Rossnos (1407m)
Tur til Rossnos og kanskje ein av mine aller finaste teltturar. La meg i teltet eit par timar etter solnedgangen over Folgefonna, og til måneskin og ljoset frå Odda sentrum 1400 høgdemeter rett under meg. Våkna til eit hav av skodde som hadde lagt seg rett under toppen. Dette blir definitivt ikkje siste teltturen til Rossnos!
Mobilen gjekk tom for batteri omtrent i det sekundet sola gjekk ned, så dei finaste øyeblikka forblir i minnet.
Skoddehav over Odda og Sørfjorden (Gopro-foto)
↑1150m 37km
Trolltunga frå Tyssedal
Kveldstur til Trolltunga. Sykla frå Tyssedal til Ringedalsvatnet, og gjekk via ferrata-ruta opp himmelstigen, med teltovernatting på toppen. Hadde heile fjellveggen for meg sjølv på kvelden, og kom meg akkurat nedatt neste morgon før det kom ein lang kø med turistar imot.
Camp Trolltunga
↑1350m 14km
Oksen (1241m)/Veten frå Hamre
Kveldstur frå Hamre med telting ved Veten (Oksen). Ubeskriveleg fin start på morgonen - vindstille og sol!
Audun vart med eit stykke opp mot toppen
Panoaramautsikt frå innerteltet
↑450m 16km
Aurlandsdalen (Frå Østerbø til Vassbygdi)
Kjempeflott tur ned den frodige og vakre Aurlandsdalen.
↑1350m 20km
Jotunheimen / Fannaråki / Prestesteinsvatnet
To flotte dagar i Jotunheimen som vart utnytta med fisketur rundt Prestesteinsvatnet og tur til Fannaråki (via Keiserpasset). På dag to la det seg tjukk skodde over Fannaråki, så me slo fort ifrå oss å overnatte på toppen, men ein fin tur vart det likevel.
↑1950m 102km
Rallarvegen (Flåm - Finse t/r)
Nydeleg tur på Rallarvegen og kun to små snøfenner att mot Finse! Traff fleire hundre møtande sykkelistar i dag, men unngjekk å måtte sykle i kø på returen sidan eg starta forholdsvis seint på dagen.
Pitstop Finse 1222
↑980m 11km
Midtfjell (1255m) frå Hallanger
Bratt opp til Midtfjell frå Hallanger. Såpass varmt i lufta at me kjøla oss ned i fleire av vatna langs stien både på turen opp og nedatt.
↑220m 9km
Kveldstur til Jonene frå Olavstøl, med flott panoramautstikt over Granvinsvatnet. Passerte eit par moltemyrer, eit rypekull og ein hjort på den vesle timen inn mot utsiktspunktet.
↑880m 13km
Flott morgontur i strålande sol til Ingebjørgnuten, med kaffi og frukost på toppen.
Sesongens fyrste bærtur og skogsbærdessert i åsen ovanfor Haugse.
↑880m 13km
Horganipen og Høgahorgi
Fin rundtur opp Horgastien til Horganipen og Høgahorgi, nedatt om Horgastølen. Akkurat i det me hadde satt oss i bilen kom dei fyrste regndropane,
Musøre
Skorvo og Skorvofossen
Ny tur opp Skorvo til fossen. Denne gongen med eit forfriskande fossebad.
.
Skorvofossen
Elvevandring frå stein til stein oppover Skorvo og heilt inn til den mektige Skorvofossen i Granvin, som har eit loddrett fall på over 100 meter.
Hardangervidda (Sandhaug / Besso)
Flotte rolige dagar på Hardangervidda med fiske, packrafting og fotturar - kun forstyrra av litt vel selskapssjuke mygg utpå kvelden..