(gå-/joggetur) ↑1310m 24kmKinsarvik - Husedalen - Stavali (t/r)
Når det er varmt i været og snøsmeltinga er stor må dette være ein av dei aller finaste turane i Hardanger, med dei fire spektakulære fossane og flott gammel furuskog opp langs stien. Ein forfriskande og kjølande spray frå fossen kom ekstra godt med i dag. Tørre stiar og svaberg, og tilnærma snøfritt heilt inn til Stavali.
Stavali
Etter turen vart det eit langt og avkjølande bad i Granvinsvatnet, målt til 17°C!
↑1140m 16,5km
Onen (1621m) frå Austdølnutvatnet
Starta grytidleg på morgonen i dag og var nær ved å gløyme att skiene heime, men tok heldigvis ein ekstra sjekk før avreise.. Stod på toppen kl 08 og vart belønna med perfekt slusjføre. To nedkøyringar, ein frå toppen av Onen og ein frå fortoppen.
Eit par hjortar dukka opp rett før soloppgangen over Espelandshøgda
Snøspurv
17km Kveldstur t/r Angerskleiv
Telttur og fisketur til idylliske Vetlavatnet og Maovatnet.
4km Fin ettemiddagstur til Vikedalsnebbet, Ålvik sitt svar på Trolltunga.
Vikedalsnebbet | Foto: Sigve
16km Tur til Svortetjørn (Velkesfjellet) frå Hedler, så bratt nedatt til Vatnasete. Kjempefin rundtur med flott fjordutsikt langs store deler av ruta.
Panorama Vatnasete
Maovatnet-Fuglavatnet-Vatnasetevatnet. Starta med å fiske i Maovatnet der det vart fangst allereie på første kastet. I Fuglavatnet og Vatnasetevatnet derimot var det ikkje eit napp å få.
Maovatnet sett frå stien opp mot Fuglavatnet
Fiske- og telttur. Planen var å slå opp teltet ved Fulgavatnet, men med kjempebra kveldsfiske i Maovatnet var det like greit å bli værande der.
Kajakktur i Stokkavatnet og Espelandsvatnet
Kortvarig kajakktur i Espelandsvatnet som resulterte i ein liten 200-grams på spinner, før det vart full spinn også på gøtten.
Telttur og fisketur til Espelandsvatnet. Eindel vak og napp, men ingen som ville bite på. Sannsynligvis altfor fint fiskevær.
5,5km Ettermiddagstur til Seljenuten frå Hamre.
Eit teppe av kvitveis langs stien
↑970m 16kmOnen (1621m) frå Osafjellet
Guida tur til Onen frå Austdølavatnet. Litt skodde og vind på toppen, men ellers svært varmt, nydeleg vær og triveleg selskap! Våt snø pga varmen, så det vart begrensa fart på nedkøyringa i dag.
9km
Morgontur rundt Espelandsvatnet i soloppgang og fuglesong.
9km
Kajakktur rundt Espelandsvatnet.
↑910m 15kmOnen (fortoppen) frå Osafjellet
Tung våt nysnø å gå i på veg opp, så me frykta tidenes sugeføre, men overraskande fint slusjføre i kveldssola på turen nedatt - rett før snøen var iferd med å gå over til skare. Nydeleg vær og årets (til no) varmaste dag.
↑705m 19km
Opp til Velken og vidare på bratt kjerreveg til Hedler, så nedatt stien og til Vatnasete.
↑750m 11kmNipahøgdi (1375m) frå Osafjellet
Eg og Audun på ettermiddags-/kveldstur på Osafjellet og Nipahøgdi. Nydeleg vær og eit par cm dagsfersk nysnø. Litt vekslande føre der sola hadde stått på lengst.
Foto: Audun Brekke
↑910m 9,5kmEttermiddagstur til Ingebjørgnuten i strålande slusjføre.
↑910m 9,5km
Kveldstur til Ingebjørgnuten (1210m)
Med plutselig værskifte og nysnø som låg å venta i fjellet vart fristelsen for stor; starta i 21-tida frå Stokksel og rakk akkurat i sola ved Nonfjell ein halvtime seinare. Kom på toppen litt over kl 22 i blåtimen og siste rest av kveldsljoset. Ikkje eit vindpust, og flott føre med 2-3 cm nysnø. Såg to harer på turen. Den fyrste rett før Nonfjell, og den andre sprang framfor bilen ned nesten heile Stokkselvegen før den skvatt uti skogen..
↑605m 9km
Sykkeltur frå Skålsete til Olastøl/Krokavatnet og vidare til fots til Vetlahorgi.
↑940m 10,5km
Bjørndalskamben (1402m)
Ei gruppe på tre fekk prøvd seg på topptur for aller fyrste gong i dag. God stemning, nydeleg vær og maksimalt slusjføre frå topp til botn!
Foto: Karine Braaten