April 2021

      ↑1930m    27km
Rute: Viermyr - Nipahorgi - Osaskavlen - Ossete (snudde på 700m) - Nipahorgi - Viermyr.
Lang rundtur på Osafjellet i fantastisk vær og føre, med lange, gode pausar i sola på kvar av toppane. Knallblå himmel og ikkje eit vindpust! Starta ikkje frå Viermyr før litt utpå ettermiddagen, men likevel var det såpass varmt i sola i 17-tida at også ulltrøya måtte av opp den lange motbakken oppatt frå Ossete til Nipahorgi.
      ↑1010m    8km
Oksen (1241m) frå Tjoflot
Flott ettermiddags-/kveldstur til Oksen for å ta ein sjekk på snøforholdene. Mindre snø er normalt for denne tida av året, men likevel litt bedre enn frykta.
Det eg ikkje hadde forventa i dag var at føret var såpass bra; eit lite lag med nydeleg pudderføre/mjuk fokksnø frå toppen og ned nesten heile Oksebrekkene, før det gradvis gjekk over til litt tyngre bruddskare der det flater ut mot Vindhovden. Skylaget sprakk opp og sola kom fram omtrent i det minuttet fellene var av og skituppane vendte nedover att..
      ↑890m    7,5km
Ettermiddagstur til Strutseggi (1137m) frå Liaset
Hadde eit håp om like bra pudderføre som i helga, men vind og plussgrader hadde ført til utfordrande føre og fokksnø på store deler av turen. Det vart derfor ikkje mange kontrollerte puddersvingar nedover fjellsida i dag.. kanskje tre eller fire, i beste fall fem..
I kveld fekk me besøk av spekkhoggarane i Granvinsfjorden berre 10 minutt før det faste måndagsbadet i fjorden...
      ↑910m    10,5km
Ingebjørgnuten (1210m)
Dagens toppturgjestar ankom sjøvegen - med fly. Nydeleg vær og flott føre frå topp til botn. Takk for ein fin tur!
      ↑430m    4,5km
Fennanuten i 30-40cm nysnø. Sol og finvær den timen me var på tur, men full snøstorm rett før og etter.
      ↑500m    5km
Rute: Selstad - Verkadalen - Startaneset. Fin rundtur med appelsinpause under Sauasteinen.
      ↑1210m    20km
Onen (1620m) frå Viermyr
Lang og flott tur til Onen rett etter jobb i 20-30cm nysnø! Vindfullt og iskaldt på toppen, men me fekk raskt varmen i oss etter nokon fine puddersvingar. Spesielt bra føre på den siste nedkøyringa mot Viermyr!
      ↑580m    18km
Opp Vindalsvegen til Haugseåsen og vidare til utsiktspunktet, så på fin sti nedatt til Haugse og Hausnes. Litt nysnø på det høgaste punktet, men ellers tørre fine stiar.
     
Spekkhoggere i Hardangerfjorden
Stor aktivitet med spekkhoggere i Hardangerfjorden, og ekstra flott å få oppleve dei majestetiske dyrene jakte (og slakte) nise på nært hald.


Spekkhoggere slakter nise i Ulvikafjorden (litt ustø filming)


Ryggfinnen på den største hannen er truleg på rundt 2 meter..


      ↑1720m    25km
Onen (1620m) x2 frå Austdølavatnet
Flott formiddagstur og ubeskriveleg bra føre i den store "bollen" ned mot Kvilinganutvatnet! Sporet frå torsdag var knapt synleg og skjult av nokre cm nysnø.
I dag klaffa alt, til og med batteriet til ørepluggane holdt seg gjennom heile turen.. :-)
     
Spekkhoggere på besøk i Granvinsfjorden
Ein flokk på 7-8 spekkhoggere på besøk rett ved kaiområdet på Eide.



      ↑1220m    19km
Onen (1620m) frå Austdølavatnet
Kjempeforhold med eit par cm tørr puddersnø heilt til topps. Gjekk i tjukk tåke siste timen opp til toppen og såg ikkje varden før eg var 20 meter ifrå, og vurderte fleire gonger å snu på turen opp pga plutselig whiteout. Men etter knappe ti minutter pause på toppen letta skodda og lysforholdene nedatt var på topp heile den neste timen. Maks flaks.