↑1080m 15km Horndalsnuten frå Skaftedal. Fine snøforhold, men flatt lys, så det vart forsiktige svingar nedover fjellsida. Heldigvis forsvant skodda som låg tjukk nedover elvedalen.
Foto: Audun Brekke (www.tur.tips)
↑930m 12km 2:35tEttermiddagstur til Ingebjørgnuten (1210m). Nedatt nordaust-flanken i 5-10cm jamnt pudderføre, så i retning Nonfjellshytta der det øker på til minst 50cm skogspudder - nok snø til at ein kan ha litt fart og flyt nedover lia!
"Normalruta" opp er meir utsatt for stein, mens snøsålen er langt bedre om ein velger dei små dalsøkka som har vert skjerma for vind.
↑1250m 12kmGrimsnuten (1225m) frå Nesheim i Ulvik
Ettermiddagstur til Grimsnuten i 20cm perfekt pudderføre heilt til topps. Sola varma godt og snøen var merkbart "raskare" (bedre gli) enn det har vert dei siste dagane! Litt lite snøunderlag dei siste 150 høgdemetrene, men ellers bra. Denne søraust-vendte flanken har stort sett vert skjerma for vinden som har herja dei siste vekene. Flott nedkøyring i artig og variert terreng heilt nedatt til Grønskål (400moh).
Forrige gong eg (og Leif-Johan) gjekk denne turen var for omlag 5 år sidan (
https://turogfoto.no/foto-blogg/nesheim-grimsnuten).
Vinteridyll i skogen!
Ingebjørgnuten og Midtfjell i bakgrunnen
↑680m 6kmFormiddagstur til Nonfjell (950m) frå Stokksel
Rakk ein kort formiddagstur til Nonfjell. Nedkøyring i den flotte skogslia forbi Nonfjellshytta. Kjempefint føre i skogen!
Audun, Robert, Anders og Stian fortsatte til Ingebjørgfjellet.
↑1260m 11kmOksen(1241m) frå Hamre
Ny flott kveldstur i enno litt bedre føre og 5 cm glitrande nysnø heilt til topps! Kraftig fullmåneskin over fjorden og fjella rundt meg og ikkje eit vindpust på toppen. Eit par nye riper i skiene i kveld, men det var det verdt!
I spora til harepus
Månelyst over Hardangerfjorden
↑1260m 11kmOksen(1241m) frå Hamre
Sein ettermiddagstur til Oksen. Kunne på med ski allereie ved Seljesete og fekk såvidt nådd att sola før den gjekk ned i fjorden. Kjempeflott pudderføre oppover i skogen, og overraskande fint vidare til topps, med mjuk fokksnø og langt mindre avblåst enn forventa. Kanskje ein av mine aller finaste kveldsturar langs denne ruta! Måneskin og stjerneklart, så i kveld var det ikkje nødvendig å bruke hovelykta på veg opp.
↑910m 10kmIngebjørgnuten(1210m)
Strålande vinterdag med tur til Ingebjørgnuten frå Stokksel! Sol og vindstille på toppen. 30 cm mjuk pudder i Nonfjellskogen.
Ravnen hadde holdt av plass til oss rett ved toppvarden
↑920m 9km
To turar i skogen opp til Nonfjell. Nye 30cm nysnø. Flotte forhold i skogen, med måneskin og snøtunge tre.
↑620m 6km
Nonfjell frå Stokksel. 20-30cm nysnø. Stor skredfare, med tung nysnø oppå svakt nysnølag, så best å halde seg i slakt skogsterreng.
↑1010m 12km
Midtfjell (1255m) frå Sjusete
Ettermiddagstur frå Sjusete til Midtfjell i Ulvik rett etter jobb. Svært variabel sikt med tette snøbyger på turen opp, men heldigvis vart det nokon minutt med fjordutsikt frå toppen og god sikt på (nesten) heile nedkøyringa.
↑1320m 14kmKveldstur frå Bavallen til Kvilehytta (med nedkøyring i utforløypa) og ein tur til Hangurstoppen. 5-10cm nysnø og kjempeforhold!
↑680m 5kmStokksel - Nonfjell. Snudde på ca 1000moh. Fint føre i skogen, men veldig avblåst vidare oppover.
↑720m 6kmMorgontur i soloppgang frå Bavallen til Slettafjellet
Frå 11 minusgrader i Granvin til -22 på Bavallen
13km
Skitur Haugseåsen-Vatnasete-Maovatnet-Tveito-Haugseåsen. Vinterens kaldaste dag hittil.
↑1130m 15km
Horndalsnuten (1461m)
Ettermiddagstur til Horndalsnuten frå Skaftedal. Eva tok pause i sola, med kakao og skulebolle, i fjellsida ovanfor Steinhytta, mens eg fortsatte til toppen for å rekke dei siste minuttene av solnedgangen.
↑1020m 14km
Ingebjørgnuten (1210m)
Kveldstrim til Ingebjørgnuten med Audun. Avblåst (og steinete) frå Nonfjell og opp, men langt bedre snøforhold i skogen/under tregrensa. Ein fin tur vart det likevel (sjølv om det sikkert vart nokon nye riper under skiene i kveld òg). Stjerneklart og kaldt!
Stjerneklart over Sørfjorden | Foto: Audun Brekke
15km
Skitur t/r Solsæ frå Drevtjørn
↑480m 7,5km
Kveldstur frå Vambheim til Frystetjørn og eit stykke vidare opp lia mot Øvstestølen. 40cm tørr pudder og reine julekortstemninga i skogen.
(skøytetur) 20km
Skøytetur på perfekt stålis (målt til 14 cm) over øvre del av Granvinsvatnet. Å suse over isen på lengdeløpsskøyter i så flotte forhold er nesten like artig som å gå toppturar..
↑790m 9km
Langahorgi (1149m) frå Tråstølen
Tor-Einar inviterte til morgontur i dag tidleg før jobb. Kjempefint pudderføre ned dalen sørvest for toppen i nydeleg ljos frå soloppgangen! Ein flott start på morgonen.
↑1340m 13km
Skreieggi (1324m) frå Lund
Flott vinterdag og to turar i strålande føre. 16 minusgrader nede ved parkeringa, men likevel så varmt i sola at me kunne gå i berre ulltrøya på veg opp.
↑1040m 17km
Sein kveldstur til Horndalsnuten (1461m) frå Skaftedal. Kaldt og stjerneklart. I det eg hadde passert steinhytta kom eit svakt grønt belte av nordlys til syne på himmelen, før det forsvant like etterpå. Kald nordavind på toppen, så det vart kun tid til ein kort pause for å dekke seg til med dunjakke, buff, skibriller og ekstra ull, før nedkøyringa til Skykkjeset - i ljoset frå hjelmlykta og med full musikk på øyret.
↑910m 11km
Brattenuten (1209m) frå Espelandsfossen
Ettermiddagstur på sti til Botn og vidare på ski til Brattenuten. Rakk akkurat i siste rest av solnedgangen frå toppen.
Solnedgang med Granvinsfjorden og Hardangerfjorden i bakgrunnen
↑1040m 17km
Kveldstur frå Skaftedal til Skykkjeset opp Elvedalen til Horndalsnuten (1461m). Fristelsen for ein kortreist, lett tilgjengelig kveldstur vart for stor også i dag. Glitrande stjerneklar himmel, glitrande snø og flotte forhold! Fleire godt synlige stjerneskudd for over himmel på turen opp, og "Orions belte" lyste klart midt i det enorme stjernebildet.
No begynner det etterkvart å bli såpass oppkøyrd ned frå toppen at det kanskje er på tide å finne ei ny rute..
Orions belte over toppen
↑1040m 17km
Horndalsnuten (1461m) frå Skaftedal
Sein ettermiddagstur til Horndalsnuten. Strålande pudderføre ned elvedalen! Stjerneklart og vindstille.
↑1620m 23km
Horndalsnuten (1461m) frå Skaftedal
Nydelege forhold og ikkje eit vindpust på toppen! Møtte på Audun rett ved Steinhytta, så då vart det ein ekstra tur - i flott solnedgang og (årets beste) pudderføre.