2021

MARS 2021

   (stispringing) ↑580m  10,5km
Rute: Haugseåsen - Vatnasete - Angerskleiv - Fuglavatnet - Heiane - Haugseåsen.
Kjempefine forhold for joggetur med piggsko. Hard skare, frosne myrer og islagte vatn.
      ↑1320m    14,5km
Olsskavlen (1576m) frå Espelandsdalen
Ettermiddagstur til Olsskavlen. Kunne starte på ski frå Botn(550m). Vidare frå Nordrebotn (780m) og opp var det jamnt og fint snødekke, med ein liten cm nysnø på mjuk skare. Sol frå blå himmel på turen opp, men kraftig vind og heilt overskya (krydra med litt skodde her og der) på siste del av turen; så det plutselege væromslaget la ein viss dempar på moroa nedatt i dag.
      ↑700m   6,5km
Trimtur til Seljenuten frå Hamre. Kun 2-3 små snøfenner att langs stien.
      ↑480m   7km
Stirunde i lia ovanfor Nesheim og fyrste turen med stisykkelen i år.

      ↑130m    10km
Joggetur med Audun t/r Hamrevegen til Startaneset - som oppvarming til det faste måndagsbadet i Granvinsfjorden.

   (kajakk-/fjelltur)    ↑720m    13km
Bagnstrond og Slettafjell (697m)
Padla over til Bagnstrond i blikkstille fjord og nydelege forhold. Varmt i sola og ikkje mykje som minna om vinter og februar. Gjekk vidare til fots frå Bagnstrond til Slettafjell (697m) og kunne gå i berre kortarma ulltrøye heilt opp. Såg mellom 20-25 hjort i skogslia opp mot toppen og kom opp til flott solnedgangen over Hardangerfjorden. Rakk ikkje nedatt før det vart skumring så då frista det lite å sjå etter teltplass langs fjorden, men med eit vær som minna meir om sommar enn vinter endte eg opp med å sove under open himmel, på brygga rett ved naustet der eg hadde parkert kajakken.

FEBRUAR 2021

        
Kajakktur i Granvinsvatnet og årets fyrste for min del. Artig kajakktur der eg måtte padle gjennom ein labyrint av is for å komme meg framover.
      ↑620m    5,5km
Kjeåsen (530moh)
Heilt bart og fint opp stien frå Sima til Kjeåsen i dag. Møtte ingen turistar, men så er det heller ikkje så ofte denne ellers så populær stien er farbar til fots så tidleg som i februar.
      ↑150m    6,0km
Holven - Heiane - Fletene. Fin rundtur i oppholdsvær og gløtt av sol.
      ↑180m    13,5km
Springetur på div stiar og grusvegar i øvre Granvin. Vått og grått.

      ↑580m    9,5km
Formiddagstur til Ådnagavlen i soloppgang

      ↑1010m    11,5km
Ingebjørgnuten (1210m) frå Stokksel
Måndagstrim til Ingebjørgnuten. Stor smelting og våt, tung snø heilt til topps. Skrei ned i retning Rundtjørn, og har aldri før opplevd så mange åpne elver og bekker som måtte kryssast vidare ned Stokkseldalen. Godt at radoneeskoene er vanntette!

         7,5km
Opp Gjerike til "utsiktspunktet", så nedatt om Heiane og Tveito. Kjempefin rundtur!

         11km
Ettermiddagstur til Ingebjørgnuten frå Stokksel. Vindpåvirka, tung og ustabil snø, så i dag gjekk det i forsiktig sniglefart både på turen opp og nedatt. Observerte fleire store naturlig utløyste flakskred i området opp mot Nonfjell og i retning mot Stokkseldalen.

         14km
t/r Solsæ i nypreppa skispor.

      ↑620m    6km
Nonfjell frå Stokksel. 2-3 cm nysnjo.

  
Osafjorden
Mange timar på isen i dag. Blank stålis og eventyrlige forhold!

  
Skøytetur på Osafjorden i ubeskriveleg flotte isforhold!
      ↑1045m    11km
Hestestodnuten (1362m)
Starta frå Espelandsdalen litt før kl 15 i ettermiddag og rakk akkurat dei siste solstrålane frå toppen. Kraftig nok lys frå solnedgang på returen til at hjelmlykta kunne bli værande i sekken.

      ↑885m    9km
Brattenuten (1209m) frå Espelandsdalen
Ny flott ettermiddagstur til Brattenuten. Fortsatt bra føre, sjølv om skogslia og flanken opp mot toppen begynner å bli litt vel oppkøyrd no.

      ↑885m    9km
Brattenuten (1209m) frå Espelandsdalen
Flott vinterdag! Sol og vindstille. Litt meir vindpåvirka enn for eit par dagar sidan, men framleis flott føre heilt opp. I dag kunne ein verkeleg nyte utsikta frå toppen med ein lang god pause. Sola varma godt, og det var knapt eit vindpust på heile turen.
Gjekk med dei tunge breide Kuro-skiene i dag, ei ski som fungerer kjempebra når det er litt vekslande pudderføre.


Hestastodene (frå ca 1000moh). Filma av Rikoll

      ↑885m    9km
Brattenuten (1209m) frå Espelandsdalen.
Flott tur i låg ettermiddagssol, med nedkøyring akkurat i det sola forsvant i horisonten. Hestastodene (dalen opp mot Brattenuten) ligg godt skjerma for vind i alle retningar, med pudderføre nesten heilt til topps. Iskaldt på toppen, så det vart ikkje lange pausen. Kunne stå på ski heilt nedatt til bilen i dag.

      ↑580m    8,5km
Starta frå Havås med plan om å gå til Nesheimshorgi, men pga ustabil snø og avblåst oppover Nautastien snudde me og skrei ned i lia mot Krokavatnet.

      ↑1220m    11km
Oksen (1241m) frå Djønno
Med gårsdagens tur friskt i minne hadde eg eit håp om like bra føre i dag. Men den kraftige austavinden hadde omgjort gårsdagens pudderføre opp frå Oksetjørn-Oksen til mjuk fokksnø og småskavler. ryggen opp til toppen var nesten ikkje gjenkjenneleg sammenligna med i går, og sporet var knapt synleg. Fortsatt perfekte forhold i lia ned mot Djønno!
      ↑1220m    11km
Oksen (1241m) frå Djønno
Prøvde ei ny Oksen-rute for min del i dag, frå Djønno opp Kvelpadalen til Oksetjørn og vidare til toppen. 20cm fjørlett pudder, jamnt snødekke og drømmeføre heilt til topps! Det har lagt seg bra med snø vest på Oksenhalvøya og ned austflanken, heilt upåvirka av vind. Havna i tett bjørkeskog mellom 400-600moh, så litt knoting vart det, men ellers var nedkøyringa berre ein fryd (sjølv om det var iskaldt nedatt frå toppen).
      ↑870m    8km
Ettermiddagstur til Smøreggi og Grostøl i 30cm "skogspudder".
      ↑890m    10km
Ingebjørgnuten (1210m) frå Stokksel
På pudder- og nordlysjakt til Ingebjørgnuten, med måneoppgang akkurat i det me nådde toppen. Sjå dei flotte bildene til Audun Brekke frå turen på www.tur.tips

JANUAR 2021

      ↑1080m    15km
Horndalsnuten frå Skaftedal. Fine snøforhold, men flatt lys, så det vart forsiktige svingar nedover fjellsida. Heldigvis forsvant skodda som låg tjukk nedover elvedalen.

      ↑930m    12km   2:35t
Ettermiddagstur til Ingebjørgnuten (1210m). Nedatt nordaust-flanken i 5-10cm jamnt pudderføre, så i retning Nonfjellshytta der det øker på til minst 50cm skogspudder - nok snø til at ein kan ha litt fart og flyt nedover lia!
"Normalruta" opp er meir utsatt for stein, mens snøsålen er langt bedre om ein velger dei små dalsøkka som har vert skjerma for vind.

      ↑1250m    12km
Grimsnuten (1225m) frå Nesheim i Ulvik
Ettermiddagstur til Grimsnuten i 20cm perfekt pudderføre heilt til topps. Sola varma godt og snøen var merkbart "raskare" (bedre gli) enn det har vert dei siste dagane! Litt lite snøunderlag dei siste 150 høgdemetrene, men ellers bra. Denne søraust-vendte flanken har stort sett vert skjerma for vinden som har herja dei siste vekene. Flott nedkøyring i artig og variert terreng heilt nedatt til Grønskål (400moh).
Forrige gong eg (og Leif-Johan) gjekk denne turen var for omlag 5 år sidan (https://turogfoto.no/foto-blogg/nesheim-grimsnuten).

      ↑680m    6km
Formiddagstur til Nonfjell (950m) frå Stokksel
Rakk ein kort formiddagstur til Nonfjell. Nedkøyring i den flotte skogslia forbi Nonfjellshytta. Kjempefint føre i skogen!
Audun, Robert, Anders og Stian fortsatte til Ingebjørgfjellet.

      ↑1260m    11km
Oksen(1241m) frå Hamre
Ny flott kveldstur i enno litt bedre føre og 5 cm glitrande nysnø heilt til topps! Kraftig fullmåneskin over fjorden og fjella rundt meg og ikkje eit vindpust på toppen. Eit par nye riper i skiene i kveld, men det var det verdt!

      ↑1260m    11km
Oksen(1241m) frå Hamre
Sein ettermiddagstur til Oksen. Kunne på med ski allereie ved Seljesete og fekk såvidt nådd att sola før den gjekk ned i fjorden. Kjempeflott pudderføre oppover i skogen, og overraskande fint vidare til topps, med mjuk fokksnø og langt mindre avblåst enn forventa. Kanskje ein av mine aller finaste kveldsturar langs denne ruta! Måneskin og stjerneklart, så i kveld var det ikkje nødvendig å bruke hovelykta på veg opp.

      ↑910m    10km
Ingebjørgnuten(1210m)
Strålande vinterdag med tur til Ingebjørgnuten frå Stokksel! Sol og vindstille på toppen. 30 cm mjuk pudder i Nonfjellskogen.

      ↑920m    9km
To turar i skogen opp til Nonfjell. Nye 30cm nysnø. Flotte forhold i skogen, med måneskin og snøtunge tre.

      ↑620m    6km
Nonfjell frå Stokksel. 20-30cm nysnø. Stor skredfare, med tung nysnø oppå svakt nysnølag, så best å halde seg i slakt skogsterreng.

      ↑1010m    12km
Midtfjell (1255m) frå Sjusete
Ettermiddagstur frå Sjusete til Midtfjell i Ulvik rett etter jobb. Svært variabel sikt med tette snøbyger på turen opp, men heldigvis vart det nokon minutt med fjordutsikt frå toppen og god sikt på (nesten) heile nedkøyringa.

      ↑1320m    14km
Kveldstur frå Bavallen til Kvilehytta (med nedkøyring i utforløypa) og ein tur til Hangurstoppen. 5-10cm nysnø og kjempeforhold!

      ↑680m    5km
Stokksel - Nonfjell. Snudde på ca 1000moh. Fint føre i skogen, men veldig avblåst vidare oppover.

      ↑720m    6km
Morgontur i soloppgang frå Bavallen til Slettafjellet

         13km
Skitur Haugseåsen-Vatnasete-Maovatnet-Tveito-Haugseåsen. Vinterens kaldaste dag hittil.

      ↑1130m    15km
Horndalsnuten (1461m)
Ettermiddagstur til Horndalsnuten frå Skaftedal. Eva tok pause i sola, med kakao og skulebolle, i fjellsida ovanfor Steinhytta, mens eg fortsatte til toppen for å rekke dei siste minuttene av solnedgangen.
      ↑1020m    14km
Ingebjørgnuten (1210m)
Kveldstrim til Ingebjørgnuten med Audun. Avblåst (og steinete) frå Nonfjell og opp, men langt bedre snøforhold i skogen/under tregrensa. Ein fin tur vart det likevel (sjølv om det sikkert vart nokon nye riper under skiene i kveld òg). Stjerneklart og kaldt!

         15km
Skitur t/r Solsæ frå Drevtjørn

      ↑480m    7,5km
Kveldstur frå Vambheim til Frystetjørn og eit stykke vidare opp lia mot Øvstestølen. 40cm tørr pudder og reine julekortstemninga i skogen.

      (skøytetur)    20km
Skøytetur på perfekt stålis (målt til 14 cm) over øvre del av Granvinsvatnet. Å suse over isen på lengdeløpsskøyter i så flotte forhold er nesten like artig som å gå toppturar..

      ↑790m    9km
Langahorgi (1149m) frå Tråstølen
Tor-Einar inviterte til morgontur i dag tidleg før jobb. Kjempefint pudderføre ned dalen sørvest for toppen i nydeleg ljos frå soloppgangen! Ein flott start på morgonen.

      ↑1340m    13km
Skreieggi (1324m) frå Lund
Flott vinterdag og to turar i strålande føre. 16 minusgrader nede ved parkeringa, men likevel så varmt i sola at me kunne gå i berre ulltrøya på veg opp.

      ↑1040m    17km
Sein kveldstur til Horndalsnuten (1461m) frå Skaftedal. Kaldt og stjerneklart. I det eg hadde passert steinhytta kom eit svakt grønt belte av nordlys til syne på himmelen, før det forsvant like etterpå. Kald nordavind på toppen, så det vart kun tid til ein kort pause for å dekke seg til med dunjakke, buff, skibriller og ekstra ull, før nedkøyringa til Skykkjeset - i ljoset frå hjelmlykta og med full musikk på øyret.

      ↑910m    11km
Brattenuten (1209m) frå Espelandsfossen
Ettermiddagstur på sti til Botn og vidare på ski til Brattenuten. Rakk akkurat i siste rest av solnedgangen frå toppen.
      ↑1040m    17km
Kveldstur frå Skaftedal til Skykkjeset opp Elvedalen til Horndalsnuten (1461m). Fristelsen for ein kortreist, lett tilgjengelig kveldstur vart for stor også i dag. Glitrande stjerneklar himmel, glitrande snø og flotte forhold! Fleire godt synlige stjerneskudd for over himmel på turen opp, og "Orions belte" lyste klart midt i det enorme stjernebildet.
No begynner det etterkvart å bli såpass oppkøyrd ned frå toppen at det kanskje er på tide å finne ei ny rute..
      ↑1040m    17km
Horndalsnuten (1461m) frå Skaftedal
Sein ettermiddagstur til Horndalsnuten. Strålande pudderføre ned elvedalen! Stjerneklart og vindstille.
      ↑1620m    23km
Horndalsnuten (1461m) frå Skaftedal
Nydelege forhold og ikkje eit vindpust på toppen! Møtte på Audun rett ved Steinhytta, så då vart det ein ekstra tur - i flott solnedgang og (årets beste) pudderføre.