↑870m 7km
Finnbunuten frå Myrkdalen
Me snudde rett før toppen pga tjukk skodde og whiteout.
Tjukk skodde og whiteout på toppen. Foto: Audun Brekke
↑1630m 25,5km
Onen (1620m)
20cm nysnø og kjempeflotte forhold! Slo opp teltet rett ved Langavatnet torsdag kveld, og starta tidleg nok til å få soloppgangen frå toppen.
↑1250m 21,5km
Onen (1620m)
Starta frå Viermyr (ca 800moh) i morgontimane og fulgte Osafjellsvegen vidare oppover. Det var i minste laget med snø i starten, men med litt strategisk rutevalg var det akkurat god nok snøsåle til å sleppe å måtte være altfor redd for skiene.
Var maksimalt heldig med været; Skodda forsvant omtrent i det minuttet eg kom til toppvarden (akkurat som YR hadde meldt). Ubeskriveleg flott vinterstemning med skoddehavet som låg tjukk rett under toppen. Etter ein lang pause i sola forflytta skodda seg oppover slik at sikta vart bra på turen nedatt.
↑1250m 8,5km Eggjenibba (1338m)
Formiddagstur i nydeleg vær til Eggjenibba, eit fjell ein ikkje kan unngå å legge merke til når ein køyrer gjennom Byrkjelo.
↑820m 8km Bispen (1462m)
Bispen reiser seg rett opp frå Trollstigen og er eit lett tilgjengeleg fjell, med litt klyving siste høgdemetrene opp mot toppen. Langstrakt og flott utsikt mot alle Romsdalsfjella, Molde og Norskehavet.
Kongen (1614m) til venstre i bilete, og Bispen (oppe til høgre) som kastar skygge over Isterdalen
Siste solstrålar over Bispen
↑1340m 15km Mølvafjellet (1215m)/Romsdalseggen frå Åndalsnes
Starta frå Åndalsnes sentrum og snudde på det høgste punktet langs ruta. Ein av klassikarane i Møre og Romsdal som byr på spektakulær utsikt over Romsdalstindane.
↑1680m 13km Slogen (1564m)
Rute: Øye - Slogen - Patchellhytta - Øye
Flott tur til ein av Sunnmørsalpenes mest populære fjelltoppar, likevel var det ingen andre å sjå langs ruta i dag.
Slogen reiser seg som ein trekanta pyramide i bakgrunnen
↑120m 10km Joggetur til Hamre
↑190m 13km Haugseåsen - Vatnasete - Hauseberget/"utsiktspunktet". Bilen viste 11 varmegrader ved parkeringa på Haugseåsen i kveld..
↑1200m 11km Oksen (1241m) frå Hamre
↑470m 6km Jonshorgi (643m) frå Rasdalen
↑650m 8km Opp lia til Njuk.
↑1130m 11km Rossnos 1407m
Ettermiddagstur til Rossnos frå Freim. Flott utsikt over Odda, Folgefonna-breen og Sørfjorden! Vakkert lys med skodda som kom og gjekk over toppen.
↑190m 5km Frå Haugseåsen til "utsiktspunktet"
↑510m 16km Kveldstur opp Vindalsvegen til Vatnasete. Søkkvått, så måtte sykle slalom mellom sølepyttene langs kjerrevegen til Vatnasetevatnet.