Ettermiddags-/kveldstur til Ingebjørgnuten og Verkadalsnuten i det som utvilsomt må ha vert den varmaste dagen til no i september. Lang og flott solnedgang på turen nedatt!
Flotte haustdagar på Vikafjellet, med turar og fisking i området mellom Kvilesteinsvatnet og Selhamar. Men sjølv etter utallige timar med fisking fekk ingen av oss så mykje som eit napp nokon av dagane.
↑850m 9km Fin rundtur opp Horgastien til Horganipen og vidare til Nesheimshorgi, så nedatt Nautastien.
↑870m 8km Snudde like etter Middagsvarden då skodda la seg tett og sikta forsvant.
↑170m 9km
Joggetur rundt Vatnasete og Maovatnet/Vetlavatnet i kveldssol og flotte haustfargar!
↑870m 11km
Kveldstur til Ingebjørgnuten (1210m). Ein av dei få fjelltoppane rundt meg der skodda ikkje hadde lagt seg.
↑270m 13km Eit par stirundar i Bømoen. Fine forhold!
Kajakktur i Espelandsvatnet
↑570m 8km
Eg og Sigve på formiddagstrim opp Hangurslia til Hangursrestauranten (for å kjøpe is)! Nedatt om Raugstad. Nydeleg vær, men søkkvåte stiar.
Flotte haustdagar i Stølsheimen med telttur til Fagerdalsnipi (1245moh) og fiske i Vatnavatni.
↑1980m 92km
Sykkeltur frå Flåm til Finse i friskt haustvær krydra med litt nysnø og eit par lokale sludd-/snøbyger mellom Hallingskeid og Fagernut. No er det kun 4-5 snøfonner att langs vegen, og fleire av dei kan syklast rett over.
Geitene på Kårdal i Flåm overholder koronaavstanden
↑390m 12km
Stirunde Storåsen/Håmyrane
↑620m 9km
Via ferrata opp den imponerande sørvestveggen på Straumsfjellet i Valle, Nord-Europas lengste rute av sitt slag. Ein mildt sagt luftig tur, med flott panoramautsikt over Otra-elva og Setesdalen.
↑1080m 32km
Kjempefin stirunde med utgangspunkt frå Kragerø Resort. Lett blanding av tekniske stiar, svaberg, og kilometervis med flytsti gjennom skogen.
Godt at sykkelhjelmen er med..
↑350m 14km
Gumøy (Kragerø)
"Gumøya rundt". Stiane og kjerrevegane på Gumøy er idylliske og flotte, og sidan øya har mange beitedyr så er vegetasjonen åpen og stiane godt vedlikeholdt.
↑850m 24km
Gautefall (Nissedal)
Fin stirunde på sva og flytsti, og over utallige tilrettelagte klopper.
↑690m 7,5km
Kveldstur til Velkesfjellet
↑650m 7km
Sandfjellet frå Gjelle. Haustklar luft og flott rosa himmel etter solnedgang.