August 2020

     
Vesle Vassfjøro(1253m) frå Sotenos/Solsæ
På kveldsbesøk til Jo Bjørnar som skulle telte rett under Vassfjøro og fortsette vidare til toppen neste morgon, mens eg reiste nedatt rett etter solnedgang. Sykkelturen nedatt stien frå Jonstøl vart litt i overkant spennande.. i skumringa og i mørket.. men det svake kveldsljoset var akkurat nok til å kunne sjå konturane av noko som ligna på sti.

      ↑1330m   12km
Kveldstur til Lønahorgi (1410m) frå Een
Kanskje ein av dei finaste turane eg har hatt opp via Klondyke til Lønahorgi. Skodda og nordavinden ga seg etterkvart, og kveldssola varma nok til at eg kunne gå i shorts og t-skjorte nedatt frå toppen.

      ↑1310m   20km
Oksen (1241m) frå Selstad
Starta frå Selstad og gjekk den merka ruta via Oksetjørn til Oksen. Kanskje den aller finaste, men likevel minst brukte stien opp. Fekk akkurat dei siste 10 minuttene av solnedgangen frå toppen. Nedatt neste morgon om Seljenuten, Hamre og på grusveg dei siste kilometrene til Selstad. Fin rundtur, sjølv om sola kun viste seg med små glimt!

      ↑580m   18km
Tur/retur Vatnasete. Vått og grått!


      ↑1190m   16km
Kveldstur til Horndalsnuten (1461m) frå Skaftedal
Vurderte å snu på "Vesle Horndalsnuten", der skodda låg tjukk vidare oppover, men fortsatte likevel dei siste 200 høgdemetrene til topps. Utsikta var tilnærma lik null. Litt småsurt å oppdage at skodda letta og siste rest av solnedgangen traff toppen i det eg var nede att ved parkeringa.

      ↑1290m   10km
Rossnos (1407m)
Flott ettermiddagstur frå Freim til Rossnos (1407m), eit av dei aller finaste utsiktspunktene i Odda. Me får inderlig håpe at den planlagde "supergondolen" til Rossnos i Odda aldri blir realisert. Den vil utvilsomt øydelegge både utsikten og den flotte turopplevelsen.

      ↑710m   20km
Tur/retur Angerskleiv.
Shortsvær og sol på turen opp, øsande regnvær på veg nedatt..!

  
Tyssedalsstølen og Tyssedalsnuten(1065m) frå Sotenos i Ulvik
Flott tur innover Tyssedalen, som går gjennom grønt og frodig terreng med godt utsyn over fjell og mektige fossefall kvarhen ein snur seg innover dalen. Tyssedalsstølen ligger idyllisk til rett ved vatnet.