Mai 2020

      ↑1460m   17km
Storeflåtten (1616m) frå Ringøy
Med flotte værmeldingar og stigande lufttemperatur frista det med ein ny telttur høgt til fjells. Slo opp teltet med utsikt rett mot majestetiske Storeflåtten like før sola gjekk ned, og starta på ski tidleg neste morgon for å få maksimalt føre nedatt frå toppen. Fantastisk flott tur både på ski og til fots opp dalen.

      ↑1420m   16km
Oksen (1241m) frå Tjoflot
Telttur til Vindhovden og vidare til Oksen i strålande vær og føre. Ein tur på kvelden og ein neste morgon. Blikkstille på toppen på begge turane!

      ↑1190m   13km
Sogndalseggi (1384m) frå Fjærland
Slo opp teltet med utsikt austover mot Fjærlandsfjorden. Planen neste dag vår å gå opp til Frudalshesten, men med ustabil snø og høg lufttemperatur korta eg inn turen og la om ruta nordaust frå Vetlebotn mot Sogndalseggi.
      ↑1210m   12km
Oksen (1241m)
Rute: Hamre - Seljenuten - Oksen (1241m) - Nuten - Hamre.
Flott rundtur med nedkøyring frå toppen nord til Nuten (ca 600moh). I dag vart det like mange høgdemeter på ski som til fots. Den stupbratte stien ned frå Nuten er greit tilrettelagt med tau, trepper og 10-12 stiger, slik at høgdemetrene nedatt er effektive (så lenge ein har skiene høgt festa på sekken for å unngå at dei tar nedi..)

   9km
Joggetur i Bømoen med Sigve. Årets varmaste dag så langt.

      ↑1080m   11,5km
Horndalsnuten (1461m) frå Skiple
Flott tur frå Skiple opp Horndalen til Horndalsnuten. Uten nattefrost og med høg lufttemperatur kombinert med søkkvåt nysnø var ikkje føret mykje å skryte av. Men ein fin tur vart det likevel, og sola dukka fram fleire gonger på turen opp. Shortsvær heilt til topps!
Våtskred nord for toppen.

      ↑1960m   17,5km
Oksen (1241m) frå Hamre
Til fots frå Hamre til Seljenuten, så vidare på ski til toppen. Slapp meg fyrst ned flanken søraust mot Oksastølen. Bra snø heilt ned til 900moh, men sidan denne "bollen" er rett solvendt gjekk det fort over til våt snø og kraftig sugeføre lenger nede. Deretter Oksebrekkene i strålande slusjføre. På den siste nedkøyringa skrei eg rett nord mot Nuten, kanskje dagens høgdepunkt og kjempeflotte forhold heilt ned til stølen. Så til fots med ski på sekk ned den svært bratte stien til Hamre. Ein fantastisk flott tur og vårdag!

      ↑1200m   16, 5km
Horndalsnuten (1461m) frå Skaftedalen
Kveldstur frå Skaftedal over Tingsteinen/Memorehaug til Horndalsnuten. Bra slusjføre ned frå toppen, men litt flatt lys i starten, så det gjekk i sneglefart dei fyrste 2-300 høgdemetrene. Varmt og ikkje eit vindpust, så kunne gå i kortarma ulltrøye heilt opp!

   8km
Joggetur i Bømoen med Sigve. Grått, vått og kjølig.

      ↑930m   11, 5km
Ingebjørgnuten (1210m) frå Stokksel
Kveldstur til Ingebjørgnuten i svært uforutsigbart vær. På dei to timane eg var på tur veksla det fleire gonger frå fullstendig tilskya og snøbyger, til blå himmel og sol..
Nydeleg solnedgang frå toppen, og mjukt jamnt lag med fokksnø på heile nedkøyringa.
      ↑1380m   16km
Kveldstur frå Liaset over Strutseggi til Stavaskarsnuten. Samme veg tilbake. Bra føre på den siste nedkøyringa frå Strutseggi, ellers litt vindpåvirka snø og flatt lys. Både yr og storm bomma på værmeldingane i kveld, så me slo fort ifrå oss planane om å fortsette til Olsskavlen.
      ↑1290m   13km
Ingebjørgnuten (1210m) frå Stokksel
To nedkøyringar i flott solnedgang og strålande føre. 5-10cm jamnt pudderføre nesten heilt nedatt til parkeringa!


Film: Audun Brekke

      ↑1540m   19km
Oksen (1241m) frå Stokksel
Sein ettermiddagstur til Oksen (1241) frå Stokksel. Over Ingebjørgnuten begge vegar. Møtte Jean-Cristophe, Carlos og Marte ved Oksetjørn, så slo følge med dei på resten av turen. Og Audun dukka opp på toppen av Ingebjørgnuten på veg tilbake. 10cm jamnt pudderføre ned den flotte flanken frå toppen! Vinteren vil visst ikkje sleppe heilt taket enno..

        
Stisykling i Nesbyen
Klara og William i @_any_excuse_to_ride (www.anyexcusetoride.com) tilbyr turar med dyktige lokalkjente guider og shutling i Nesbyen, kanskje Norges beste destinasjon for bratt terrengsykling, med god blanding av flyt- og tekniske stiar.
Klara og William kjenner kvar meter med sti i Nesbyen og tok oss med på nokon av sine favorittar. Takk for flotte dagar!

      ↑1470m   17km
Kveldstur til Horndalsnuten (1461m) frå Skaftedal
Litt mjuk skaresnø heilt øvst, men med kontrollerte "hoppesvingar" vart det god flyt på nedkøyringa. Etterkvart gradvis bedre føre og strålande slusj vidare mot Skykkjeset, så me tok derfor ei ekstra nedkøyring frå fortoppen (1236m). To fjellryper dukka opp rett framfor oss på tur nummer to, i kveldssola, og lot seg villig fotografere på nært hald!
Film: Audun Brekke

  
Fin ettermiddagstur til Ådnagavlen (422m) med Sigve!

      ↑970m   
Ettermiddagstur til Sogndal med eit par stirundar i Kaupangerskogen.

      ↑970m   14km
Midtfjell (1250m) frå Stokksel
Kveldstur til Midtfjell der var me var heldig med å time solnedgangen frå toppen. 5cm nysnø over 900moh og overraskande bra pudder/slusj, og ikkje skorpeføre som det ofte kan bli utover kvelden. Våt og råtten vårsnø vidare innover i skogen. På den siste kilometeren måtte me av og på med skiene minst 10 gonger for å komme oss over bekker og våte partier, før me var framme ved parkeringa på Stokksel. Filma heile nedkøyringa med hjelmkamera, men sjølvsagt med beskyttelsesdekselet godt plassert framfor linsa...

Mobilfoto:

      ↑490m   9km
Bilde-Nesheim. Samme runden som i går.

      ↑490m   9km
Bratt opp bakkavegen frå Nesheim til Bilde og nedatt stien.