↑2240m 29km
Onen (1621m) frå Sima/Kjeåsen
Rute: Sima - Kjeåsen - Onen (1621m) - Døgrdalsete (850m) - Onen - Kjeåsen - SimaStarta heilt nede ved Simafjorden og gjekk dei fyrste 500 høgdemetrene til Kjeåsen med skiene på sekken. Stien snor seg høgt oppover fjellsida, men er stort sett fri for snø sidan den ligg solvendt til. Strålande vær og føre og 10-20cm nysnø frå Kjeåsen og heilt opp! Kald trekk på toppen men ellers godt og varmt i sola. Denne turen skal absolutt gjentas, men det blir nok ikkje før vegen opp til Kjeåsen har åpna - å gå med ski på sekk nedatt den bratte stien frå Kjeåsen frister ikkje akkurat til gjentakelse..
↑320m 21km
Eit par rundar i Bømoen og over Håmyrane/Storåsen. Kjempeforhold! Tørre, frosne stiar i Bømoen og skareføre over det høgste punktet ved Håmyrane/Storåsen.
↑1440m 18km
Olsskavlen(1576m) frå Espelandsdalen
Rute: Espelandsfossen - Vestrebotnen - Olsskavlen (1576m) - Stavaskarsnuten - OlastølStarta vest for Espelandsfossen og fulgte den vakre dalen inn mot Vestrebotnen og vidare opp mot toppen. Langt betre føre enn forventa i dag. Tørr fokksnø over 1200moh, og flott slushføre vidare ned frå Stavaskarsnuten til Olastøl og Liaset.
Olsskavlen 1576m
↑650m 7,5km
Smøreggi frå Medås. Plussgrader og slushføre heilt opp!
↑130m 10km
Eit par stirundar i Bømoen. Vått!
↑240m 16km
Bømoen. Tørre stiar og kjempefine forhold
↑1030m 17km
Horndalsnuten (1461m)
Ettermiddagstur frå Skaftedal til Horndalsnuten. Kraftig vind på toppen og høgst variabelt føre. Var og litt uheldig med timinga på nedkøyringa i dag - heilt flatt lys frå toppen og ned elvedalen til Skykkjeset.
Den store toppvarden var ekstra god å ha i dag..
↑190m 15km
Eit par stirundar på kryss og tvers i Bømoen.
↑2050m 29km
Rute: Frystetjørn (Ulvik) - Midtfjell - Ingebjørgnuten - Midtfjell - Vambheim (Ulvik).
Ny tur i spora frå i går. Sol frå knallblå himmel og drømmeføre.
Utsikt frå teltplassen ovanfor Frystetjørn
↑2550m 35km
Rute: Vambheim(Ulvik) - Midtfjell - Ingebjørgnuten (to nedkøyringar i flanken frå toppen) - Midtfjell - Frystetjørn Optimalt vær og føre, og ikkje så mykje som eit vindpust på toppane! Det er mange vintrar sidan snødekke på Oksenhalvøya har vert så jamnt og fint som no, og med 10-20cm fjørlett pudder heilt opp blir det knapt betre enn i dag.
↑150m 11km
Eit par stirundar i Bømoen. Fine forhold.
↑450m 6km
Ettermiddagstur opp Krokavassvegen frå Havås. Intenst sugeføre utanfor scootersporet og plussgradert høgt opp.
Vakkert lys over Skamdalshorgi
↑1890m 22km
Midtfjell (1255m)
Rute: Vambheim - Frystetjørn - Midtfjell. Ein ubeskriveleg flott dag, og om mulig enno litt betre vær og føre enn i går. Frå Vambheim til Øvstestølen var det no køyrd scooterspor opp, noko som gjorde fyrste halvdel av turen opp raskare, og så har ein fordelen av å veksle mellom å skri i scooterspor og djup pudder nedatt mot Frystetjørn og til parkeringa.
Tre nedkøyringar i den store bollen frå toppen. Nordavinden som har herja i fjellet dei siste dagane er knapt merkbar her, og snøen får stort sett ligge upåvirka av vind. Møtte på Robert på den siste turen, og då var eg ikkje vanskelig å overtale for ein ny runde. Varmt i sola, tilnærma vindstille og strålande føre heilt til topps!
GoPro-/Mobilfoto:
Flott utsikt mot Ulvik og Osa
Video: Robert Gunnlaugsson
↑1410m 17km
Midtfjell (1255m)
Rute: Vambheim - Sjusete - Midtfjell.
Nydeleg vær og strålande føre! Mjuk fokksnø øvst og djup pudder vidare nedover mot Vambheim. To nedkøyringar i den fantastiske "bollen" frå toppen.
↑600m 8km
Medås - Smøreggi. 30cm nysnøføre frå parkeringa og heilt opp!
↑880m 12km
Tidleg formiddagstur til Ingebjørgnuten (1210m) frå Stokksel i sol frå blå himmel. Overraskande bra føre med eit lite pudderlag oppå skaren. I det med hadde komme nedatt til parkeringa i 12-tida hadde det allereie skya til.
Foto: Sigve
Foto: Sigve
↑790m 9km
Torefjell (1050 moh) frå Sjusete i Kvam.
Flott nysnøføre nedatt.
↑1010m 13km
Tjoflot - Oksen (1241m). 5-10cm dagsfersk nysnø og stort sett fine snøforhold heilt opp! Bra såle ned nedatt mot stølane, kunne også stå på ski eit lite stykke nedover skogen frå Vindhovden.
↑720m 9km
Nonfjell frå Stokksel. Kraftig vind og snøfokk, så snudde like før toppen av Ingebjørgnuten.