Januar 2020

      ↑1100m   10km
Strutseggi x 2
Denne veka har føret ned frå Strutseggi blitt gradvis bedre dag for dag, og snøen har fått ligge upåvirka av vind heilt til topps. Sidan me fekk litt flatt lys på formiddagsturen freista det ekstra mykje med ein ny tur før plussgrader og "uvær" tek over. Eg la derfor alle andre planer til side og tok nok ein tur til Strutseggi. To nedkøyringar frå toppen i 30cm strålande pudderføre.


      ↑900m   13km
Horndalsnuten frå Skaftedalen (snudde rett før toppen).
Nydeleg start på dagen med morgonsola som kasta lys over fjella rundt oss. Desverre skya det fort til og me hadde litt flatt lys i starten av nedkøyringa. 10-15cm rask pudder heile vegen nedatt, og så lenge me holdt oss nær spora våre gjekk det greit.


      ↑880m   10km
Strutseggi 1137m frå Liaset (Espelandsdalen)
Ny flott kveldstur til Strutseggi og nye 5-10cm nysnø heilt opp. 'Årets skitur' ifølge Robert.


      ↑880m   10km
Strutseggi 1137m. frå Liaset (Espelandsdalen)
Hadde heller låge forventningar til føre i ettermiddag.. men etter å ha passert Olavstøl (700m) gjekk det ifrå gjennomslag til 5-10cm dagsfersk (timars fersk) pudder og strålande forhold heilt til topps! Overraskande nok også litt gløtt av sol og blå himmel på turen opp.


      ↑350m   18km
Stirunde Bømoen/Storåsen. Enkelte parti med litt is.. ellers fine forhold både i Bømoen og Storåsen. Vårlig..

      ↑150m   10km
Eit par stirundar i Bømoen. 7 varmegrader ved parkeringa og ingen som helst fare for snø eller is langs stien..

      ↑500m   6km
Bavallen-Hangurstoppen. Me hadde plan om Horgaletten, men med full snøstorm i fjellet freista det meir å snu oppe ved Hangurstoppen.


      ↑2220m   29km
Bjørndalskamben (1402m) og Finnbunuten (1358m) frå Myrkdalen
Flott vinterdag i Myrkdalen med litt etterlengta sol! Gjekk fyrst ein tur til Bjørndalskamben frå Årmot. Etterkvart som det klarna opp og vinden roa seg freista det med ein ny tur til Finnbunuten for å få solnedgangen frå toppen. Stort sett bra føre i dei austvendte sidene. Litt avblåst og fokksnø i høgden.


      ↑850m   9,5km
Ingebjørgnuten frå Stokksel
Flott vinterdag og nydeleg vær på turen opp mot toppen, før det kom eit tynt teppe av dis som la seg over fjellet. OK føre over tregrensa, i skogen derimot var det ujamnt gjennomslagsføre av verste sort.


      ↑750m   8km
Horgaletten frå Bavallen. Tett snødrev og litt dårlig sikt, men bra nysnøføre nedatt.

      ↑650m   7km
Ettermiddagstur Stokksel - Verkadalsnuten (1052m). Eit lite pudderlag frå 800moh og mjukt slushføre i skogen.


      ↑750m   8km
Horgaletten frå Bavallen. Nytrakka løyper og fine forhold heilt opp.


      ↑450m   6km
Hadde plan om ein kort kveldstur til Olavstøl i Espelandsdalen, men sidan det økte på med ein halvmeter tung nysnø opp mot Olavstøl tok det si tid å brøyte spor. Fortsatte eit stykke forbi stølen og opp lia der snøen var tørr og økte på til nesten det dobble. Flott vinterstemning oppover i skogen, med snøtunge tre og fine forhold.


      ↑800m   10km
Nonfjell frå Stokksel
To nedkøyringar frå Nonfjell. Litt kram snø heilt nederst i skogen, men vidare oppover vart det berre betre og betre, og snøen økte på i djupn! På den siste nedkøyringa fann me ei fin linje med flotte snøforhold i litt åpnare skogsterreng.
Forhåpentligvis bringer ekstremværet "Didrik" med seg nedbør i form av meir snø i fjellet dei neste dagane.


      ↑1450m   16km
Dosafjellet frå Stokksel.
Fant ei fin linje nedatt i skogen rett vest mot Stokksedalen. Litt knot å komme seg tilbake med alle elver og bekker som no er åpne..

Strutseggi frå Liaset.
Sidan det stort sett er meldt høgst variabelt vær framover, og det låg mengder med nysnjo å freista i fjellet vart det ein ny tur, frå Liaset til Strutseggi. Gunstig vindretning frå sør har bevart puddersnøen heilt til topps. Med breide pudderplankar og 40cm dagsfersk pudder føles det nesten som å sveve oppå snøen når forholda er som i kveld.

      ↑350m   8.5km
Sein ettermiddagstur frå Havås til Olastøl i regn og søkkvåt snø. Fulgte sporene til Jo Bjørnar inn til hytta. På veg nedatt Krokavassvegen seinare på kvelden tok eg att to hjort rett før Havås, dei hadde nok ikkje forventa at nokon plutseleg dukka opp på ski rett bak dei ved midnatt...

      ↑1020m   15km
Fullmånetur til Lønahorgi med fjellsportgruppa. Eit flott syn å sjå alle lyktene nedover fjellsida, med sentrum av Voss som lyser opp i bakgrunnen.. og fullmånen som lyste opp fjellene rundt
Fleire bilder frå turen på fotosida til Audun: https://www.hyperspace.no/turblog/670-lonahorgi-med-dnt-fjellsport

      ↑750m   8km
Måneskinstur til Stavaskarsnuten. Uværet dei siste dagane har lagt ifrå seg bra med nysnø i fjellet. Perfekt pudderføre ned frå Stavaskar og til Olastøl. Litt meir vekslande skareføre vidare oppover.

      ↑710m   8km
Kveldstur frå Stokkselvegen til Nonfjell. Snudde rett før siste stigninga opp mot Ingebjørgnuten. Søkkvåt snø, regn/sludd og skodde. Månen viste seg i kort glimt på veg opp.

      ↑605m   7km
Tett snødrev og 40cm nysnø i Skaftedalen. Gjekk ein tur til Memorehaug og ein tur til Tingsteinen. Artig skogskøyring og herlig pudderføre!

      ↑1210m   16km
Horndalsnuten 1461m (om Steinhytta)
Flott vinterstemning til Horndalsnuten i dag. Sidan vinden stort sett har stått på frå nordvest dei siste dagane var elvedalen frå Steinhytta for det meste upåvirka. 15cm nysnø og god sikt på nedkøyringa!

Film av Audun Brekke



      ↑630m   8km
Horgaletten frå Tråstølen. Plussgrader og slusjføre.

      ↑1030m   14km
Starta frå Bavallen med mål om å gå til Lønahorgi, men frå Horgaletten vart det berre meir og meir isete og glassert. Snudde derfor rett etter siste Kvilehytta før toppen. Då var sikta tilnærma null. Bonusen i dag var å få førstesporet i nypreppa løyper frå Horgaletten/utforløypa til Tråstølen.