2020

AUGUST 2020

     
Vesle Vassfjøro(1253m) frå Sotenos/Solsæ
På kveldsbesøk til Jo Bjørnar som skulle telte rett under Vassfjøro og fortsette vidare til toppen neste morgon, mens eg reiste nedatt rett etter solnedgang. Sykkelturen nedatt stien frå Jonstøl vart litt i overkant spennande.. i skumringa og i mørket.. men det svake kveldsljoset var akkurat nok til å kunne sjå konturane av noko som ligna på sti.

      ↑1330m   12km
Kveldstur til Lønahorgi (1410m) frå Een
Kanskje ein av dei finaste turane eg har hatt opp via Klondyke til Lønahorgi. Skodda og nordavinden ga seg etterkvart, og kveldssola varma nok til at eg kunne gå i shorts og t-skjorte nedatt frå toppen.

      ↑1310m   20km
Oksen (1241m) frå Selstad
Starta frå Selstad og gjekk den merka ruta via Oksetjørn til Oksen. Kanskje den aller finaste, men likevel minst brukte stien opp. Fekk akkurat dei siste 10 minuttene av solnedgangen frå toppen. Nedatt neste morgon om Seljenuten, Hamre og på grusveg dei siste kilometrene til Selstad. Fin rundtur, sjølv om sola kun viste seg med små glimt!

      ↑580m   18km
Tur/retur Vatnasete. Vått og grått!


      ↑1190m   16km
Kveldstur til Horndalsnuten (1461m) frå Skaftedal
Vurderte å snu på "Vesle Horndalsnuten", der skodda låg tjukk vidare oppover, men fortsatte likevel dei siste 200 høgdemetrene til topps. Utsikta var tilnærma lik null. Litt småsurt å oppdage at skodda letta og siste rest av solnedgangen traff toppen i det eg var nede att ved parkeringa.

      ↑1290m   10km
Rossnos (1407m)
Flott ettermiddagstur frå Freim til Rossnos (1407m), eit av dei aller finaste utsiktspunktene i Odda. Me får inderlig håpe at den planlagde "supergondolen" til Rossnos i Odda aldri blir realisert. Den vil utvilsomt øydelegge både utsikten og den flotte turopplevelsen.

      ↑710m   20km
Tur/retur Angerskleiv.
Shortsvær og sol på turen opp, øsande regnvær på veg nedatt..!

  
Tyssedalsstølen og Tyssedalsnuten(1065m) frå Sotenos i Ulvik
Flott tur innover Tyssedalen, som går gjennom grønt og frodig terreng med godt utsyn over fjell og mektige fossefall kvarhen ein snur seg innover dalen. Tyssedalsstølen ligger idyllisk til rett ved vatnet.


JULI 2020

     
Seljenuten frå Hamre

     
Kveldstrim frå Hallanger bratt opp stien til Midtfjell (1250m). Nedatt til Stokksel (om Olsskar og Dosafjellet). Ein kjempefin tur!

     
Formiddagstur på nymerka sti frå Djønno til Stokkrå.

      ↑1080m    19km
Velkesfjellet og Kvasshovden
Slo opp teltet mitt rett ved Svortetjørn like før solnedgang, og starta grytidleg neste morgon til Kvasshovden for å rekke soloppgangen. Blikkstille og varmt på toppen. Etter ein lang frukost tok eg turen nedatt til Svortetjørn for å prøve fiske. Mykje vak og innsektliv på vatnet, men lite bitevillig fisk.

      ↑1590m    24km
Stokksel - Ingebjørgnuten (1210m) - Dalsete - Midtfjell (1241m) - Stokksel
Flott rundtur om Ingebjørgnuten og Midtfjell, to av dei finaste utsiktspunktene i indre Hardanger. Shortsvær heilt til topps!


      87km
Rute: Haugastøl-Krækkja-Hovden-Raudhelleren-Sandhaug-Hedlo-Hjølmo
Flott tur i variert landskap og storslått natur over Hardangervidda, frå Haugastøl i aust til Hjølmo i vest.


     
Årets fyrste moltetur resulterte i eit par håndfulle molter (og litt blåbær og markjordbær).


      ↑1370m   29km
Vassfjøro (1633m) frå Sotenos/Solsæ
Starta grytidleg frå Sotenos, før soloppgang og før sola hadde gjort snøen opp mot toppen for blaut å gå på. Stod på Vassfjøro klokka 09, til morgonfrukost og kaffi - med panorama fjellutsikt. Det er fyrste gong eg har gått denne turen der eg kunne skri sammenhengende på rumpa frå toppen og heilt ned til "Skaret"(ca 1200moh). Flott tur i nydeleg vær!

      ↑450m   7km
Jonstøl frå Ulvik

      ↑810m   9km
Rute: Såkvitno-Njuk-Vatnadalen-Krokavatnet-Lyklaset-Bulko
Fin tur frå Såkvitno over fjellet til Bulko. Me gjekk i tett regnvær fyrste timen opp lia til njuk (noko som resulterte i søkkvåte sko resten av turen). Sola (og varmen) kom etterkvart fram, og skyene letta litt i det me passerte idylliske Vatnadalen og Krokavatnet.

      ↑1630m   19km
Holmaskjer(1562m) frå Tokheim
Sein kveldstur til Holmaskjer frå Tokheim i Odda. Kom meg ikkje på toppen før midnatt, men vart belønna med nydeleg solnedgang og måneskin på turen opp. Etter eit par timar pause på toppen hadde det frosset på, og snøen var betydeleg lettare å gå på nedatt. Blåtime og soloppgang i morgontimane. Sykkelen hadde eg satt ifrå meg nede ved Støladalen, og derifrå var det berre å trille nedatt Keiserstien dei siste 900 høgdemetrene til parkeringa.

      ↑590m   7,5km
Opp Horgastien til Horganipen (1065m), eit av dei flottaste utsiktspunkta over Granvinsvatnet. Me bomma litt med timinga på toppen i dag, nede att ved Håtjørn klarna det plutseleg opp og sola kom fram.

        8km
Flott tur på gamle vegar og stiar; Jørdre - Kolskår - Skaftedalen.

      ↑680m   10km
Bratt opp Lia på den nymerka stien/gamlevegen til Njuk, så nedatt traktorvegen. Regnfullt og vått!

      ↑930m   18km
Sykla til Velken og opp skogsvegen til Heller (der eg møtte på Magnhild og Ollie), så vidare til fots til Lyngerstjørn og tilbake om Vardhellerane, eit fin-fint utsiktspunkt over fjorden og Granvinsvatnet!

      ↑1080m   16km
Onen (1620m) frå Austdølvatnet
Med rapportar om nysnø i høgfjellet og gode værmeldingar utover kvelden blei fristelsen for stor, og skiene vart henta fram att!
Minst 20-30cm nysnø frå parkeringa og heilt opp, og fortsatt såpass bra såle at det lot seg gjere å gå sammenhengande uten å ta av skiene. Litt gjennomslagsføre under 1200moh, men tørr snø og strålande føre vidare oppover mot toppen. I staden for å følge brearmen gjekk eg bratt opp sørvest for Kvilingavatnet. Denne ruta kortar inn turen litt, samtidig som ein får langt bedre nedkøyring på veg tilbake. Starta turen i tjukk skodde og overskya, men fire timar seinare (i det sola gjekk ned) var det knapt ei sky å sjå på himmelen!


      ↑710m   20km
Kveldstur t/r Hedler og Vatnasete


JUNI 2020

      ↑440m   17km
På diverse stiar og kjerrevegar i Ulvik (Åsen-Jobykse-Tunheim)

      ↑1040m   53km
Granvin - Bulko - Helgaset - Allmenningane - Folkedal.
Flott rundtur på det som kanskje er den finaste "høgfjellsvegen" på Voss, med svabergsykling, flytsti, grov sti og grusveg. Men og eindel knoting, med bæring av sykkel og kryssing av elver. Kvanndalselva var såpass stor i dag at den ikkje lot seg krysse der T-merkinga går (pga sterk straum). Heldigvis gjekk det an å komme seg over elva litt lenger oppe, men med vatn opp til livet, og sykkelen på slep. Alternativet hadde vert å snu, og dermed gått glipp av den artigaste delen av stisyklinga ned mot Helgastøl. Då frista det langt meir med eit ufrivillig "bad" i elva!
  
Formiddagstur til Seljenuten.

  
Tur frå Kvanndal opp sherpastien til Kvanndalsstølen, Lussandstølen og nedatt til Lussand. Flott tur i nydeleg sommarsvær!

      ↑1010m   42km
Rute: Over Angerskleiv til Ulvik. Tilbake om Ljono, Solsævatnet og Espelandsdalen.
Høg lufttemperatur og dermed eindel fluger og klegg som slo følge på deler av turen, så i dag vart det ikkje mindre enn fire avkjølande og oppfriskande bad langs ruta; Vatnasetvatnet, Ulvikafjorden, Espelandsvatnet og tilslutt Granvinsvatnet!

      ↑830m   27km
Kveldstur opp Krokavassvegen til Olastøl der det vart ein lang, god pause og eit avkjølande bad i Ormtjørn, med godt over 20 varmegrader i vatnet! Sykla om Bilde og stien til Nesheim på turen tilbake.

      ↑530m   24km
Opp Tveitovegen til Vetlavatnet og vidare til Vatnasete. Tilbake om Haugseåsen og på den fine stien ned til Hause.

      ↑520m   24km
Opp Vindalsvegen til Vatnasete. Tilbake om Maovatnet/Vetlavatnet og Tveito.

      ↑1090m   59km
Flåm - Klevavatnet (Rallarvegen)
Sykla Rallarvegen frå Flåm til enden av Klevavatnet, fram til der det var brøytt. Fortsatt er det full vinter vidare innover i høgfjellet med metervis med snø og islagte vatn. Flåmsdalen og Klevagjelet er kanskje på sitt aller flottaste no, med store fossar og elver i snøsmeltinga!

      ↑810m   41km
Samme rute som i går, men fortsatte vidare til Tveito og på stien ned til Kjerland. Så på sti frå Bilde til Nesheim på turen tilbake rundt Granvinsvatnet. Kjempefine forhold. Også dei fleste myrene har no begynt å tørke opp.

      ↑680m   24km
Opp Vindalsvegen til Angerskleiv. Tilbake om Maovatnet/Vetlavatnet og Hause.

      ↑870m   30km
Rute: Haugseåsen - Angerskleiv - Ulvik (Den grøne kafe) - Ljono - Solsæ - Bergo - Haugseåsen
Flott rundtur over gamle postvegen til Ulvik. Tilbake om Solsæ og Bergo. Tidspunktet for å sykle denne turen no kan knapt bli betre; med snøkledde fjell, glitrande fjordar og mektige elver og fosser no i snøsmeltinga! Og ikkje ein einasta mygg eller fluge som irriterer..

      ↑1080m   16km
Onen (1620m) frå Austdalsvatnet
På Osafjellet er det fortsatt full vinter, og frå Austdalsvatnet (ca 850m) kunne me starte rett på ski i fleire meter med snø. Tung, våt snø spesielt i sørvendte hellinger, så på turen tilbake valgte me det som er å oppdrive av nedkøyringar nordvendt. Litt variabelt føre, og med stigande temperatur i vente blir det nok ei god stund til neste tur med ski på beina for min del.


      ↑1490m   17km
Flott junikveld og rundtur etter jobb; Hamre - Seljenuten - Oksen - Nuten - Hamre. Til fots frå Hamre til Seljenuten og så vidare på ski frå Middagsnuten til Oksen. Fyrst ei nedkøyring i Oksebrekkene, så nordflanken mot Nuten (kunne skri nesten heilt ned til stølen på ca 600moh der stien mot Hamre starter). Perfekt kveldsslusj og knapt antydning til sugeføre!

7,5km
Eg og Sigve på stirunde og joggetur i Bømoen.

      ↑620m   12km
To rundar i stien som går ned frå toppen av traktorvegen frå Nesheim til Bilde. Knusktørr sti i skogen.

      ↑1020m   39km
Flott kveldstur over gamle postvegen Granvin - Ulvik, rett før regnet kom for fullt. Sykla om Bergo på turen tilbake over fjellet. Eit par snøfenner langs stien ned mot Ulvik, men dei fleste var såpass små at dei var fullt mulig å sykle rundt.

MAI 2020

      ↑1460m   17km
Storeflåtten (1616m) frå Ringøy
Med flotte værmeldingar og stigande lufttemperatur frista det med ein ny telttur høgt til fjells. Slo opp teltet med utsikt rett mot majestetiske Storeflåtten like før sola gjekk ned, og starta på ski tidleg neste morgon for å få maksimalt føre nedatt frå toppen. Fantastisk flott tur både på ski og til fots opp dalen.

      ↑1420m   16km
Oksen (1241m) frå Tjoflot
Telttur til Vindhovden og vidare til Oksen i strålande vær og føre. Ein tur på kvelden og ein neste morgon. Blikkstille på toppen på begge turane!

      ↑1190m   13km
Sogndalseggi (1384m) frå Fjærland
Slo opp teltet med utsikt austover mot Fjærlandsfjorden. Planen neste dag vår å gå opp til Frudalshesten, men med ustabil snø og høg lufttemperatur korta eg inn turen og la om ruta nordaust frå Vetlebotn mot Sogndalseggi.
      ↑1210m   12km
Oksen (1241m)
Rute: Hamre - Seljenuten - Oksen (1241m) - Nuten - Hamre.
Flott rundtur med nedkøyring frå toppen nord til Nuten (ca 600moh). I dag vart det like mange høgdemeter på ski som til fots. Den stupbratte stien ned frå Nuten er greit tilrettelagt med tau, trepper og 10-12 stiger, slik at høgdemetrene nedatt er effektive (så lenge ein har skiene høgt festa på sekken for å unngå at dei tar nedi..)

   9km
Joggetur i Bømoen med Sigve. Årets varmaste dag så langt.

      ↑1080m   11,5km
Horndalsnuten (1461m) frå Skiple
Flott tur frå Skiple opp Horndalen til Horndalsnuten. Uten nattefrost og med høg lufttemperatur kombinert med søkkvåt nysnø var ikkje føret mykje å skryte av. Men ein fin tur vart det likevel, og sola dukka fram fleire gonger på turen opp. Shortsvær heilt til topps!
Våtskred nord for toppen.

      ↑1960m   17,5km
Oksen (1241m) frå Hamre
Til fots frå Hamre til Seljenuten, så vidare på ski til toppen. Slapp meg fyrst ned flanken søraust mot Oksastølen. Bra snø heilt ned til 900moh, men sidan denne "bollen" er rett solvendt gjekk det fort over til våt snø og kraftig sugeføre lenger nede. Deretter Oksebrekkene i strålande slusjføre. På den siste nedkøyringa skrei eg rett nord mot Nuten, kanskje dagens høgdepunkt og kjempeflotte forhold heilt ned til stølen. Så til fots med ski på sekk ned den svært bratte stien til Hamre. Ein fantastisk flott tur og vårdag!

      ↑1200m   16, 5km
Horndalsnuten (1461m) frå Skaftedalen
Kveldstur frå Skaftedal over Tingsteinen/Memorehaug til Horndalsnuten. Bra slusjføre ned frå toppen, men litt flatt lys i starten, så det gjekk i sneglefart dei fyrste 2-300 høgdemetrene. Varmt og ikkje eit vindpust, så kunne gå i kortarma ulltrøye heilt opp!

   8km
Joggetur i Bømoen med Sigve. Grått, vått og kjølig.

      ↑930m   11, 5km
Ingebjørgnuten (1210m) frå Stokksel
Kveldstur til Ingebjørgnuten i svært uforutsigbart vær. På dei to timane eg var på tur veksla det fleire gonger frå fullstendig tilskya og snøbyger, til blå himmel og sol..
Nydeleg solnedgang frå toppen, og mjukt jamnt lag med fokksnø på heile nedkøyringa.
      ↑1380m   16km
Kveldstur frå Liaset over Strutseggi til Stavaskarsnuten. Samme veg tilbake. Bra føre på den siste nedkøyringa frå Strutseggi, ellers litt vindpåvirka snø og flatt lys. Både yr og storm bomma på værmeldingane i kveld, så me slo fort ifrå oss planane om å fortsette til Olsskavlen.
      ↑1290m   13km
Ingebjørgnuten (1210m) frå Stokksel
To nedkøyringar i flott solnedgang og strålande føre. 5-10cm jamnt pudderføre nesten heilt nedatt til parkeringa!


Film: Audun Brekke

      ↑1540m   19km
Oksen (1241m) frå Stokksel
Sein ettermiddagstur til Oksen (1241) frå Stokksel. Over Ingebjørgnuten begge vegar. Møtte Jean-Cristophe, Carlos og Marte ved Oksetjørn, så slo følge med dei på resten av turen. Og Audun dukka opp på toppen av Ingebjørgnuten på veg tilbake. 10cm jamnt pudderføre ned den flotte flanken frå toppen! Vinteren vil visst ikkje sleppe heilt taket enno..

        
Stisykling i Nesbyen
Klara og William i @_any_excuse_to_ride (www.anyexcusetoride.com) tilbyr turar med dyktige lokalkjente guider og shutling i Nesbyen, kanskje Norges beste destinasjon for bratt terrengsykling, med god blanding av flyt- og tekniske stiar.
Klara og William kjenner kvar meter med sti i Nesbyen og tok oss med på nokon av sine favorittar. Takk for flotte dagar!

      ↑1470m   17km
Kveldstur til Horndalsnuten (1461m) frå Skaftedal
Litt mjuk skaresnø heilt øvst, men med kontrollerte "hoppesvingar" vart det god flyt på nedkøyringa. Etterkvart gradvis bedre føre og strålande slusj vidare mot Skykkjeset, så me tok derfor ei ekstra nedkøyring frå fortoppen (1236m). To fjellryper dukka opp rett framfor oss på tur nummer to, i kveldssola, og lot seg villig fotografere på nært hald!
Film: Audun Brekke

  
Fin ettermiddagstur til Ådnagavlen (422m) med Sigve!

      ↑970m   
Ettermiddagstur til Sogndal med eit par stirundar i Kaupangerskogen.

      ↑970m   14km
Midtfjell (1250m) frå Stokksel
Kveldstur til Midtfjell der var me var heldig med å time solnedgangen frå toppen. 5cm nysnø over 900moh og overraskande bra pudder/slusj, og ikkje skorpeføre som det ofte kan bli utover kvelden. Våt og råtten vårsnø vidare innover i skogen. På den siste kilometeren måtte me av og på med skiene minst 10 gonger for å komme oss over bekker og våte partier, før me var framme ved parkeringa på Stokksel. Filma heile nedkøyringa med hjelmkamera, men sjølvsagt med beskyttelsesdekselet godt plassert framfor linsa...

Mobilfoto:

      ↑490m   9km
Bilde-Nesheim. Samme runden som i går.

      ↑490m   9km
Bratt opp bakkavegen frå Nesheim til Bilde og nedatt stien.


APRIL 2020

      ↑320m   17km
Stirunde Bømoen - Håmyrane - Storåsen. Rakk akkurat ein runde før regnet kom.

      ↑320m   17km
Stirunde Bømoen - Håmyrane - Storåsen. Kjempefine forhold!

      ↑1070m   14,5km
Skipadalsnuten (1497m) frå Skiple
Tor-Einar som er lommekjent i området inviterte på kveldstur til Skipadalsnuten, med nedkøyring i den flotte nordvest-flanken. Pga flatt lys snudde me ca 70 høgdemeter før toppen. Tørr nysnø øvst og litt meir solpåvirka lenger nede. I litt betre snø- og lysforhold blir det nok ein ny tur her seinare i vår!

      ↑1370m   17km
Olsskavlen (1576m) frå Liaset
Starta i 19-tida og nådde akkurat i dei siste 10 minuttene av solnedgangen frå toppen. Vinteren slepp ikkje heilt taket enno, frå Stavaskar(800m) og vidare opp låg det 5-10cm tørr nysnø!

      ↑440m   8km
Frå Havås opp Krokavassvegen til Olastøl

      ↑1540m   18km
Rute: Blåskavlen (1809m) - Voldedalen - Prest (1478m) - Vetlabotn
Sol frå blå himmel og rask slushsne i alle himmelretningar utover ettermiddagen. Etter ein god pause på toppen av Blåskavlen (1809m) slapp me oss ned i den mektige Voldedalen (til ca 1000m), før me traska oss bratt oppatt til Prest. Varmt som "på ei strand i syden" nede i dalen.. men ein kjærkommen, avkjølande bris på toppane. Siste nedkøyringa sør mot Vetlabotn. Sjølv om klokka no nærma seg sein ettermiddag var det likevel ikkje antydning til sugeføre i den sørvendte sida!

      ↑1470m   16,5km
Rute: Liaset - Sauanuten (1349m) - Fagnastøl - Strutseggi (1133m) - Liaset.
Me starta frå Liaset med mål om å gå til Olsskavlen, men sidan yr hadde bomma på været og skodda låg tjukk over toppen slapp me oss ned den flotte bollen vest mot Fagnastøl. Me var maks heldig med timinga i det me fekk 10 minutt med sol. Så oppatt til Strutseggi og i bra slusjføre nedatt til Olastøl.

      ↑1340m   10km
Olsskavlen (1576m) frå Espelandsfossen
Formiddagstur frå Espelandsfossen til Olsskavlen. Herlig slusjføre ned til Vestrebotn. Råtten vårsnø vidare nedover mot Botn.

      ↑1310m   13,5km
Oksen (1241m) frå Tjoflot
Flott tur til Oksen med Audun og ein triveleg og sprek gjeng frå Fjordfilm. Frå toppen skrei me fyrst ned søraustflanken (i retning Åkre og Eidfjorden) - kanskje dagens høgdepunkt! Her hadde sola jobba sidan tidleg morgon og ga oss perfekt slusjføre.
Etter ein god pause på toppen stod Oksebrekkene for tur. Bra føre nedatt og ei fin nedkøyring til tross for at brekkene no var pepra med spor.

      ↑2280m   23km
Ingebjørgnuten (1210m)
Fire nedkøyringar frå toppen (til like ovanfor tregrensa). Hadde plan om ein rask formiddagstur i dag, men det var lettare tenkt enn gjort med perfekt slushføre som til dei grader låg å frista i fjellet! Store "luftige" snøkrystaller ga raskt slusjføre også i det slake partiet mot Nonfjell.

      ↑2260m   31km
Raundalsryggen (Olsskavlen - Skipadalsnuten - Seldalsnuten - Horndalsnuten) frå Espelandsdalen
Eit par grader varmare i lufta og eit par hakk betre føre enn i går. Framleis litt isete over 1300m sjølv om sola jobba på spreng for å tine opp snøen også i nordvendte heng. Kunne stort sett gå i (knelang) shorts og t-skjorte heilt til topps! Flott avslutning på turen med raskt slusjføre ned elvadalen mot Skykkjeset, Skaftedal og nesten heilt ned til Brekke.
      ↑1020m   12km
Stavaskarsnuten (1258m) frå Liaset
Nydeleg dag med strålande føre frå topp til botn. Vindstille og varmt heilt opp.

      ↑910m   11km
Ingebjørgnuten (1210m). Isete og hardt til tross for sol frå blå himmel. Jamnt og fint snødekke heilt til topps, så med høgare temperatur og mindre vind kan det nok bli veldig bra forhold framover.

      ↑820m   9km
Liaset - Stavaskarsnuten (1250m). Snudde rett før toppen. Med kald nordavind, flatt lys og hardt skareføre frista det ikkje veldig å fortsette.

      ↑820m   14km
Eit par stirundar i Kaupanger i Sogndal. Knusktørre stiar i Kaupangerskogen og vidare opp til Amlaholten (508m).

      ↑220m   18km
Eit par stirundar i Bømoen rett før regnet kom for fullt.

      ↑1220m   14km
Strutseggi (1137m) x 2
Strålande slushføre over 600moh. Blikkstille på toppen.

      ↑820m   10km
Strutseggi (1137m) frå Espelandsdalen
Ikkje så verst føre nedatt med ein liten cm fersk nysnø oppå skaren.
      ↑190m   21km
Eit par stirundar i Bømoen. Oppdaga også tilfeldigvis ein "ny" sti i tjukkaste granskogen.

      ↑1110m   12km
Ettermiddagstur til Oksen (1241m) frå Hamre
Me gjekk stien opp til krysset ovanfor Seljesete før me kunne på med skiene. Rett aust for Middagsnuten stod fem reinsdyr i ettermiddagssola - flott lina opp. Dei såg ut til å følgje med på oss heilt til me var trygt nede att frå toppen.
Knekkebrødskare og flatt lys øvst, så det vart nok ikkje dei mest elegante svingane i starten. Bedre slushføre lenger nede (og råtten snø i henget ned mot skogen).


Reinsdyra på Oksenhalvøya har fått med seg 2-metersregelen og gruppe på maks 5

      ↑1315m   18km
Olsskavlen (1576m) frå Espelandsdalen
Ettermiddagstur til Olsskavlen i strålande sol men kraftig vind. Nysnø og 5-10 plussgrader er ingen god kombinasjon. Føret i det solvendte henget ned frå Stavaskarsnuten føltes nærmast som lim mot skiene.

      ↓-1m!
Kajakktur frå Folkedal til Tjoflot og fyrste turen i år med negativt fortegn framfor antall høgdemeter.. (frå flo til fjære). Fjordarmen mellom Kvanndal og Utne er ofte vindutsatt, men i dag var det knapt bevegelse i sjøen på denne strekninga. Sol, og nesten sommarleg temperatur!

      ↑1050m   16km
Moldalie / Storebottseggi
Tre turar i den flotte lia opp mot Storebotseggi. Strålande føre og langt betre vær enn forventa i dag!
      ↑1130m   19km
Nehseimshorgi (1091m) og Smøreggi
Starta frå Medås og gjekk fyrst opp Nautastien til Nesheimshorgi, med nedkøyring til Krokavatnet. Så vidare opp til Smøreggi og nedatt under kraftlinja til Medås. Litt vind- og solpåvirka nysnø her og der, men for det meste fine forhold i leheng og der sola hadde tatt minst.
      ↑880m   13km
Fennanuten (850m) frå Skaftedal
Eit solid påfyll med nysnø og flotte forhold! Me nytta sjansen til ein ettermiddagstur i opplett etter dagens kraftige snøvær. To nedkøyringar, den siste heile vegen nedatt til Brekke.

MARS 2020

      ↑2240m   29km
Onen (1621m) frå Sima/Kjeåsen
Rute: Sima - Kjeåsen - Onen (1621m) - Døgrdalsete (850m) - Onen - Kjeåsen - Sima
Starta heilt nede ved Simafjorden og gjekk dei fyrste 500 høgdemetrene til Kjeåsen med skiene på sekken. Stien snor seg høgt oppover fjellsida, men er stort sett fri for snø sidan den ligg solvendt til. Strålande vær og føre og 10-20cm nysnø frå Kjeåsen og heilt opp! Kald trekk på toppen men ellers godt og varmt i sola. Denne turen skal absolutt gjentas, men det blir nok ikkje før vegen opp til Kjeåsen har åpna - å gå med ski på sekk nedatt den bratte stien frå Kjeåsen frister ikkje akkurat til gjentakelse..
      ↑320m   21km
Eit par rundar i Bømoen og over Håmyrane/Storåsen. Kjempeforhold! Tørre, frosne stiar i Bømoen og skareføre over det høgste punktet ved Håmyrane/Storåsen.

      ↑1440m   18km
Olsskavlen(1576m) frå Espelandsdalen
Rute: Espelandsfossen - Vestrebotnen - Olsskavlen (1576m) - Stavaskarsnuten - Olastøl
Starta vest for Espelandsfossen og fulgte den vakre dalen inn mot Vestrebotnen og vidare opp mot toppen. Langt betre føre enn forventa i dag. Tørr fokksnø over 1200moh, og flott slushføre vidare ned frå Stavaskarsnuten til Olastøl og Liaset.
      ↑650m   7,5km
Smøreggi frå Medås. Plussgrader og slushføre heilt opp!

      ↑130m   10km
Eit par stirundar i Bømoen. Vått!

      ↑240m   16km
Bømoen. Tørre stiar og kjempefine forhold

      ↑1030m   17km
Horndalsnuten (1461m)
Ettermiddagstur frå Skaftedal til Horndalsnuten. Kraftig vind på toppen og høgst variabelt føre. Var og litt uheldig med timinga på nedkøyringa i dag - heilt flatt lys frå toppen og ned elvedalen til Skykkjeset.
      ↑190m   15km
Eit par stirundar på kryss og tvers i Bømoen.

      ↑2050m   29km
Rute: Frystetjørn (Ulvik) - Midtfjell - Ingebjørgnuten - Midtfjell - Vambheim (Ulvik).
Ny tur i spora frå i går. Sol frå knallblå himmel og drømmeføre.
      ↑2550m   35km
Rute: Vambheim(Ulvik) - Midtfjell - Ingebjørgnuten (to nedkøyringar i flanken frå toppen) - Midtfjell - Frystetjørn
Optimalt vær og føre, og ikkje så mykje som eit vindpust på toppane! Det er mange vintrar sidan snødekke på Oksenhalvøya har vert så jamnt og fint som no, og med 10-20cm fjørlett pudder heilt opp blir det knapt betre enn i dag.
      ↑150m   11km
Eit par stirundar i Bømoen. Fine forhold.

      ↑450m   6km
Ettermiddagstur opp Krokavassvegen frå Havås. Intenst sugeføre utanfor scootersporet og plussgradert høgt opp.


      ↑1890m   22km
Midtfjell (1255m)
Rute: Vambheim - Frystetjørn - Midtfjell.
Ein ubeskriveleg flott dag, og om mulig enno litt betre vær og føre enn i går. Frå Vambheim til Øvstestølen var det no køyrd scooterspor opp, noko som gjorde fyrste halvdel av turen opp raskare, og så har ein fordelen av å veksle mellom å skri i scooterspor og djup pudder nedatt mot Frystetjørn og til parkeringa.
Tre nedkøyringar i den store bollen frå toppen. Nordavinden som har herja i fjellet dei siste dagane er knapt merkbar her, og snøen får stort sett ligge upåvirka av vind. Møtte på Robert på den siste turen, og då var eg ikkje vanskelig å overtale for ein ny runde. Varmt i sola, tilnærma vindstille og strålande føre heilt til topps!
GoPro-/Mobilfoto:

Video: Robert Gunnlaugsson

      ↑1410m   17km
Midtfjell (1255m)
Rute: Vambheim - Sjusete - Midtfjell.
Nydeleg vær og strålande føre! Mjuk fokksnø øvst og djup pudder vidare nedover mot Vambheim. To nedkøyringar i den fantastiske "bollen" frå toppen.


      ↑600m   8km
Medås - Smøreggi. 30cm nysnøføre frå parkeringa og heilt opp!


      ↑880m   12km
Tidleg formiddagstur til Ingebjørgnuten (1210m) frå Stokksel i sol frå blå himmel. Overraskande bra føre med eit lite pudderlag oppå skaren. I det med hadde komme nedatt til parkeringa i 12-tida hadde det allereie skya til.


      ↑790m   9km
Torefjell (1050 moh) frå Sjusete i Kvam.
Flott nysnøføre nedatt.


      ↑1010m   13km
Tjoflot - Oksen (1241m). 5-10cm dagsfersk nysnø og stort sett fine snøforhold heilt opp! Bra såle ned nedatt mot stølane, kunne også stå på ski eit lite stykke nedover skogen frå Vindhovden.


      ↑720m   9km
Nonfjell frå Stokksel. Kraftig vind og snøfokk, så snudde like før toppen av Ingebjørgnuten.



FEBRUAR 2020

      ↑820m   12km
Smøreggi og Håtjørn
Morgontur frå Medås til Smøreggi og Håtjørn. 30cm perfekt pudderføre! Vindfullt og ustabile snølag (i alle vindretningar), så i dag var det best å halde seg i slakt skogsterreng.


   (ski-/trugetur)   ↑1190m   27km
Trolltunga - dag 2
To flotte dagar med ski- og trugetur til Trolltunga i nydeleg vær og triveleg selskap!


   (ski-/trugetur)   ↑1190m   27km
Trolltunga - dag 1


      ↑510m   7km
Medås - Smøreggi.
      ↑510m   7km
Medås - Smøreggi. Nye 20cm fjørlett pudder! Utruleg fint opp gjennom den snøkledde granskogen frå Medås. Stjerneklart og vindstille.
      ↑2020m   25km
Ingebjørgnuten x 2
Ein tidleg morgontur og ein formiddagstur til Ingebjørgnuten frå Stokkselvegen. Botnlaust med snjo i Nonfjellsskogen og mjuk fokksnø over tregrensa. Pga skodde heilt øvst fekk me desverre ingen fjordutsikt frå toppen i dag, men humøret var på topp likevel.
      ↑490m   5km
Stokksel-Nonfjell. Enorme mengder nynsnø har komme på kort tid! Noko som lover bra for morgondagen.
      ↑890m   12km
Rute: Skaftedalen-Memorehaugen-Byrseteggi(1025m)-Skaftedalen
Me tok fyrst ein tur til Memorehaugen med nedkøyring i bjørkeskogen til Skaftedalselvi. Så ein ny tur opp til Byrseteggi. Vindstille og nydeleg vær, sjølv om sola aldri heilt slapp gjennom skodda.


      ↑940m   14km
Taskjelle - Nesheimshorgi (1133m)
Starta i regn og tung snø i skogen frå Taskjelle til Håtjørn i morgontimane. Vurderte ei stund å snu i det skodda kom sigande inn, men så plutselig klarna det opp og sola kom fram - akkurat i det eg nærma meg toppen! Fantastisk dagsfersk pudderføre ned frå toppen og vidare ned Nautastien. Litt våt snø under 600moh, men ikkje merkbart sugeføre.


      ↑760m   9km
Tidleg formiddagstur til Strutseggi (1133m) frå Liaset.
Kanskje vinterens flottaste pudderdag til no. Vakkert lys i morgontimane opp mot Olavstøl. Fløyelsmjukt nysnjoføre heilt til topps!


      ↑850m   12km
Formiddagstur til Ingebjørgnuten (1210m).
Kom akkurat opp i det tåka letta og sola kom fram. Djup pudder ned frå Nonfjell, vindpåvirka og fokksnø vidare oppover. Flott på på toppen i dag, nesten ikkje eit vindpust.


      ↑400m   5km
Stokksel - Nonfjell i rundt ein meter med nysnjo!


      ↑500m   6km
Bavallen-utforløypa. Eit solid og etterlengta påfyll med snø i kveld - minst 30cm i utforløypa.

      ↑920m   9km
Oksen (1241m) frå Tjoflot
Ettermiddagstur frå Tjoflot til Oksen. Nesten fritt for snø rundt stølen på Vindhovden, så me måtte gå eit lite stykke vidare før me kunne ta på oss skiene. Jamnt og fint skareføre opp fyrste del av Oksebrekkene og antydning til slusjføre (om ein legg godvilja til..). Kombinasjonen kulde, mildvær, regn og vind hadde ført til isdannelser/istapper vidare oppover mot toppen. Eit fascinerande syn.. og sjølv med skarejern var det tidvis utfordrande å komme seg opp den siste bratte kneiken.
Etterkvart la det seg eit tjukt skoddehav over Hardangerfjorden i det sola gjekk ned. Stemningsfullt og vakkert med fullmånen på veg opp over toppen og solnedgangen i skoddehavet på turen nedatt!
      ↑1010m   18km
Lønahorgi (1410m) frå Tråstølen
Ettermiddagstur til Lønahorgi rett etter jobb. Nådde akkurat i siste rest av solnedgangen ved Horgaletten. Nystrigla løyper heilt opp og strålande nysnøføre i sporet nedatt!
      ↑920m   12km
Ingebjørgnuten (1210m) frå Stokksel
Ettermiddagstur til Ingebjørgnuten. Nydeleg vær den første timen opp mot Nonfjell før vinden bestemte seg for å øke i styrke. Likevel heilt greit føre nedatt med mjuk fokksnø oppå skaren.
      ↑850m   10km
Strutseggi frå Liaset
Møtte tilfeldigvis Audun på parkeringsplassen og han hadde samme turplan som meg i dag. Stort sett bra føre heilt opp, men litt meir vindpåvirka enn det har vert dei siste par dagane.
      ↑1450m   16km
Horgaletten frå Bavallen
Plutselig væromslag i ettermiddag med opplett, kuldegrader og rykande fersk nysnø, akkurat som yr og storm hadde meldt. To turar til toppen. Flott solnedgang, stjerneklart og måneskin.

JANUAR 2020

      ↑1100m   10km
Strutseggi x 2
Denne veka har føret ned frå Strutseggi blitt gradvis bedre dag for dag, og snøen har fått ligge upåvirka av vind heilt til topps. Sidan me fekk litt flatt lys på formiddagsturen freista det ekstra mykje med ein ny tur før plussgrader og "uvær" tek over. Eg la derfor alle andre planer til side og tok nok ein tur til Strutseggi. To nedkøyringar frå toppen i 30cm strålande pudderføre.


      ↑900m   13km
Horndalsnuten frå Skaftedalen (snudde rett før toppen).
Nydeleg start på dagen med morgonsola som kasta lys over fjella rundt oss. Desverre skya det fort til og me hadde litt flatt lys i starten av nedkøyringa. 10-15cm rask pudder heile vegen nedatt, og så lenge me holdt oss nær spora våre gjekk det greit.


      ↑880m   10km
Strutseggi 1137m frå Liaset (Espelandsdalen)
Ny flott kveldstur til Strutseggi og nye 5-10cm nysnø heilt opp. 'Årets skitur' ifølge Robert.


      ↑880m   10km
Strutseggi 1137m. frå Liaset (Espelandsdalen)
Hadde heller låge forventningar til føre i ettermiddag.. men etter å ha passert Olavstøl (700m) gjekk det ifrå gjennomslag til 5-10cm dagsfersk (timars fersk) pudder og strålande forhold heilt til topps! Overraskande nok også litt gløtt av sol og blå himmel på turen opp.


      ↑350m   18km
Stirunde Bømoen/Storåsen. Enkelte parti med litt is.. ellers fine forhold både i Bømoen og Storåsen. Vårlig..

      ↑150m   10km
Eit par stirundar i Bømoen. 7 varmegrader ved parkeringa og ingen som helst fare for snø eller is langs stien..

      ↑500m   6km
Bavallen-Hangurstoppen. Me hadde plan om Horgaletten, men med full snøstorm i fjellet freista det meir å snu oppe ved Hangurstoppen.


      ↑2220m   29km
Bjørndalskamben (1402m) og Finnbunuten (1358m) frå Myrkdalen
Flott vinterdag i Myrkdalen med litt etterlengta sol! Gjekk fyrst ein tur til Bjørndalskamben frå Årmot. Etterkvart som det klarna opp og vinden roa seg freista det med ein ny tur til Finnbunuten for å få solnedgangen frå toppen. Stort sett bra føre i dei austvendte sidene. Litt avblåst og fokksnø i høgden.


      ↑850m   9,5km
Ingebjørgnuten frå Stokksel
Flott vinterdag og nydeleg vær på turen opp mot toppen, før det kom eit tynt teppe av dis som la seg over fjellet. OK føre over tregrensa, i skogen derimot var det ujamnt gjennomslagsføre av verste sort.


      ↑750m   8km
Horgaletten frå Bavallen. Tett snødrev og litt dårlig sikt, men bra nysnøføre nedatt.

      ↑650m   7km
Ettermiddagstur Stokksel - Verkadalsnuten (1052m). Eit lite pudderlag frå 800moh og mjukt slushføre i skogen.


      ↑750m   8km
Horgaletten frå Bavallen. Nytrakka løyper og fine forhold heilt opp.


      ↑450m   6km
Hadde plan om ein kort kveldstur til Olavstøl i Espelandsdalen, men sidan det økte på med ein halvmeter tung nysnø opp mot Olavstøl tok det si tid å brøyte spor. Fortsatte eit stykke forbi stølen og opp lia der snøen var tørr og økte på til nesten det dobble. Flott vinterstemning oppover i skogen, med snøtunge tre og fine forhold.


      ↑800m   10km
Nonfjell frå Stokksel
To nedkøyringar frå Nonfjell. Litt kram snø heilt nederst i skogen, men vidare oppover vart det berre betre og betre, og snøen økte på i djupn! På den siste nedkøyringa fann me ei fin linje med flotte snøforhold i litt åpnare skogsterreng.
Forhåpentligvis bringer ekstremværet "Didrik" med seg nedbør i form av meir snø i fjellet dei neste dagane.


      ↑1450m   16km
Dosafjellet frå Stokksel.
Fant ei fin linje nedatt i skogen rett vest mot Stokksedalen. Litt knot å komme seg tilbake med alle elver og bekker som no er åpne..

Strutseggi frå Liaset.
Sidan det stort sett er meldt høgst variabelt vær framover, og det låg mengder med nysnjo å freista i fjellet vart det ein ny tur, frå Liaset til Strutseggi. Gunstig vindretning frå sør har bevart puddersnøen heilt til topps. Med breide pudderplankar og 40cm dagsfersk pudder føles det nesten som å sveve oppå snøen når forholda er som i kveld.

      ↑350m   8.5km
Sein ettermiddagstur frå Havås til Olastøl i regn og søkkvåt snø. Fulgte sporene til Jo Bjørnar inn til hytta. På veg nedatt Krokavassvegen seinare på kvelden tok eg att to hjort rett før Havås, dei hadde nok ikkje forventa at nokon plutseleg dukka opp på ski rett bak dei ved midnatt...

      ↑1020m   15km
Fullmånetur til Lønahorgi med fjellsportgruppa. Eit flott syn å sjå alle lyktene nedover fjellsida, med sentrum av Voss som lyser opp i bakgrunnen.. og fullmånen som lyste opp fjellene rundt
Fleire bilder frå turen på fotosida til Audun: https://www.hyperspace.no/turblog/670-lonahorgi-med-dnt-fjellsport

      ↑750m   8km
Måneskinstur til Stavaskarsnuten. Uværet dei siste dagane har lagt ifrå seg bra med nysnø i fjellet. Perfekt pudderføre ned frå Stavaskar og til Olastøl. Litt meir vekslande skareføre vidare oppover.

      ↑710m   8km
Kveldstur frå Stokkselvegen til Nonfjell. Snudde rett før siste stigninga opp mot Ingebjørgnuten. Søkkvåt snø, regn/sludd og skodde. Månen viste seg i kort glimt på veg opp.

      ↑605m   7km
Tett snødrev og 40cm nysnø i Skaftedalen. Gjekk ein tur til Memorehaug og ein tur til Tingsteinen. Artig skogskøyring og herlig pudderføre!

      ↑1210m   16km
Horndalsnuten 1461m (om Steinhytta)
Flott vinterstemning til Horndalsnuten i dag. Sidan vinden stort sett har stått på frå nordvest dei siste dagane var elvedalen frå Steinhytta for det meste upåvirka. 15cm nysnø og god sikt på nedkøyringa!

Film av Audun Brekke



      ↑630m   8km
Horgaletten frå Tråstølen. Plussgrader og slusjføre.

      ↑1030m   14km
Starta frå Bavallen med mål om å gå til Lønahorgi, men frå Horgaletten vart det berre meir og meir isete og glassert. Snudde derfor rett etter siste Kvilehytta før toppen. Då var sikta tilnærma null. Bonusen i dag var å få førstesporet i nypreppa løyper frå Horgaletten/utforløypa til Tråstølen.