↑690m 16km
Sein ettermiddagstur til Vatnaset og Angerskleiv. Vindstille, sol og varmt på veg opp, så trudde eg hadde tima turen bra mtp været, men så kom det ei lokal snø-/haglbyge på toppen, og høljeregn og vind på sykkelturen nedatt.. så det vart ein heller kald og våt opplevelse..
↑1950m 102km
Flåm-Finse (t/r)Kanskje den aller finaste tida å sykle Rallarvegen; hausten har virkelig tatt av i høgfjellet no. Møtte overraskande nok kun ein sykkelist på heile turen.
Intense haustfargar opp Myrdalssvingane
↑390m 13km
Joggerunde i kveldssol og flotte haustfargar, frå Heiane til Angerskleiv og tilbake om Haugseåsen.
↑1390m 17km
Rute: Selstad-Oksen-Veten-TjoflotGjekk til Oksen(1241m) frå Selstad, kanskje den finaste, men likevel minst brukte ruta opp. Lang pause på toppen, så ned til Tjoflot med Robert og Steinar som møtte meg frå andre sida.
Vanskelig å bli lei denne utsikten frå toppen
↑870m 14km+16km
Opp stien til Njuk og til Krokavatnet og Bulko, så tilbake på sykkel ned Bulkovegen og gjennom gamle jernbanetunnelen til Såkvitno.
↑920m 14km
Rute: Haugseåsen-Hedler-Velkesfjellet-Kvasshovden-Vatnaset Flott kveldstur og rundtur! Gjekk over Velkesfjellet til Kvasshovden og så stien tilbake til Vatnaset (som går langsmed fjellrekka/Velkesfjellet). Eit idyllisk område med utallige små fjellvatn langs stien.
↑900m 12km
Frå Liaset til Geituri og vidare til Kvasshovden(1065m). Lang og god pause på toppen i det som minna meir om sommarvarme enn typisk haustvær.
↑890m 12km
Ingebjørgfjellet(1210m) frå StokkselHaustklar luft, vindstille og varmt!
Posering framfor Midtfjell!
↑1720m 42km
Trolltunga frå TyssedalStarta forholdsvis seint i dag for å sleppe å gå i kø opp mot toppen. Parkerte ved Tyssedal og sykla den første mila til Skjeggedal og vidare til Mågelitopp (860m), så til fots i nysnø og flott vinterstemning!
Det er alltid ein opplevelse å gå Trolltunga.. turens høgdepunkt var å møte ei som kom gåande med to plastposar, solhatt og munnbind.. og tøysko.. i 20 cm dagsfersk, våt nysnø...
↑690m 50km
Gomobu - Sanderstølen (Golsfjellet)
Iskald nordavind, så korta inn ruta litt og sykla mest på grusveg. Flotte haustfargar i høgfjellet, og nysnø på toppane.
↑640m
Stisykling på kryss og tvers like nord for Gol sentrum
↑220m 16km
Stisykling i Bømoen. Vått!
↑230m 11kmTo joggerundar i stien ovanfor Holven. Sol på fyrste runden og høljeregn på siste.
↑700m 13kmNjuk. Opp skogsvegen og nedatt stien.
Gløtt av sol på Njuk!
↑550m 10km
Stitirsdag ("Stirsdag") med joggetur frå Gjernes til Rosethytta
Frå Rosethytta Foto:Tor-Einar
↑1650m 29km
Hardanger fjellsti+Dronningstien
Sein ettermiddags-/kveldstur. Starta med å gå opp "Hardanger fjellsti" i Lofthus der sherpaer var i full gang med bygging av steintrepper opp til Stuvasete. Fortsatte vidare på Dronningstien over til Røte (Kinsarvik). Flott kveldshimmel då sola dukka opp omtrent halvvegs på turen. Avslutta med å sykle tilbake til Lofthus der bilen stod parkert. Møtte faktisk ingen på turen... hverken turistar eller dronninga sjølv..
mobilfoto:
Ny sherpasti opp frå Lofthus
13km
Onen 1621m
Varm og flott haustdag! På veg opp mot Onen holdt me oss litt nord for toppen og gjekk i relativt krevande og kupert terreng, så nedatt langs brearmen (eller det vesle som er att av den) og rundt Kvilingavatnet.
↑800m 12km
Flott tur over Nesheimshorgi til Njuk, langs kanten av fjellet, med utsikt rett ned mot Granvinsvatnet. Rute: Håtjørn-Nesheimshorgi-Horganipen-Njuk-Såkvitno.
↑790m 12km
Opp til Seljenuten og Middagsnuten, så nedatt den bratte stien frå Nuten til Hamre.
↑1010m 15km
Olsskavlen (1576m) frå Olastøl og sesongens fyrste hovelykttur. Lang og flott solnedgang på turen nedatt frå toppen!
↑970m 14km
Kveldstur til Midtfjell (1255m) frå Stokksel. Antydning til haustfargar i fjellet!
↑620m 11km
Såkvitno - Njuk. Opp skogsvegen og nedatt stien