↑590m 23km
Fin rundtur opp Vindalsvegen til Vatnasete og nedatt om Maovatnet, Tveito og Kjerland.
↑920m 12km
Sein ettermiddagstur til Ingebjørgnuten(1210m) frå Stokksel i fønvind og sol. Omtrent i det sekundet eg kom nedatt til parkeringa starta regnet.. og litt etterpå eit intenst torevær - akkurat som avtalt med YR.
↑520m 8km
Kveldstur opp Horgastien til Horganipen for ein aldri så liten telttur til tidleg neste morgon.
Lett tilgjengeleg teltplass med panoramautsikt over Granvinsvatnet og Espelandsdalen
↑560m 12km
Tur-retur Vatnasete.
↑760m 18km
To turar Bilde-Nesheim
↑460m 13km
Ny rundtur på stien frå Bilde til Nesheim, ei utruleg artig løype!
↑460m 13km
På sti frå Bilde til Nesheim
↑760m 17km
Til Havås og vidare opp Krokavassvegen. Så nedatt til Bilde og på den nye stiløypa (gamle skulevegen frå Bilde) gjennom skogen til Nesheim.
Pause på "høgda" med panoramautsikt mot Olastøl
↑1200m 17km
Horndalsnuten (1461m) frå Skaftedalen. Rute: Vetlehondalen - Hjalladalen - Steinhytta - Hondalsnuten
Vossevangen i bakgrunnen
Audun i full gang med telling av sauene sine
↑160m 15km
Bømoen
Espelandsvatnet
↑120m 13km
Eit par stirundar på kryss og tvers i Bømoen.
↑1120m 14km
Oksen (1241m) frå Hamre
↑1420m 27km
Gjekk fyrst frå Stokksel til Ingebjørgfjellet (1210m) og fortsatte ned "ryggen" til Dalsete og vidare opp til Midtfjell(1255m). Flott rundtur, varmt i lufta og ikkje antydning til vind på toppane.. og ikkje minst ein dose etterlengta Hardangerfjord-utsikt!
↑320m 17km
Eit par stirundar i Bømoen og over Håmyrane/Storåsen.
↑1120m 35km Tur-retur Granvin - Ulvik (over gamle postvegen). Tilbake om Bergo. Knusktørre stiar og ein avkjølande vind. Godt over halvparten av denne rundturen kan syklast på sti og kjerreveg, og når forholda er så bra som i dag er alt syklbart.
Fjordutsikt frå Bergo
↑720m 16km Fyrst opp til Angerskleiv og så vidare om Haugseåsen til Vetlavatnet, der det vart eit langt og avkjølande bad. Ubeskriveleg god følelse å være tilbake att i Hardanger!
Flott badetemperatur i idylliske Vetlavatnet