
↑910m 12km 3:30t
Ingebjørgnuten (1210m) og Nonfjell20cm etterlengta påfyll med nysnjo. Litt avblåst ovanfor Nonfjell, men fint i den nordvendte nedkøyringa mot Stokkseldalen og i skogen nedatt frå Nonfjell.
↑850m 10km 2t
Tjoflot - Oksebrekkene
Snudde rett før toppen av Oksebrekkene. Veldig bra nysnøføre (ca 10cm) nedatt mot Vindhovden. Skodda la seg tjukk over toppen og Hardangerfjorden kort tid etter at eg var nedkommen.
↑780m 10km 2t
Verkadalsnuten frå Stokksel
Snudde rett før toppen av Ingebjørgnuten. Fint slushføre nedatt frå Nonfjell
↑980m 11km 3,5t
Oksen(1241m) frå Tjoflot
Flott solnedgang frå Vindhovden og opp brekkene før det kraftige skinet frå månen overtok showet og lyste opp over Oksen. Litt vindpåvirka føre her og der, men også fleire parti der det hadde samla seg fin laussnjo på toppen og ned Oksebrekkene. Meir snø enn forventa!

↑930m 12km 4t
Ingebjørgnuten(1210m) frå StokkselI dag var me maksimalt heldige med vær, sikt og føre. Rett etter toppen var nådd klarna det opp og gjorde til at me fekk litt fjordutsikt og ei fin nekøyring. Nysnøføre frå toppen og heilt nedatt til Stokkseldalen.

↑1230m 13km 3:40t
Oksen(1241m) frå HamreKveldstur til Oksen i nydeleg vær og knapt eit vindpust på toppen. Prøvde meg på denne turen for eit par veker sidan, men snudde då halvvegs sidan det var meir stein enn snø å oppdrive. Adskillig betre forhold no, og stort sett jamnt pudderføre frå toppen og heilt nedatt til Seljenuten. Vurderte å stå på ski vidare nedover mot Seljesete.. men det kunne nok ha gått vel hardt utover skiene..

↑900m 12km 3t
Horndalsnuten (1461m) frå SkykkjesetSol frå blå himmel og flott føre. Denne sørvendte nedkøyringa mot Steinhytta og Skykkjeset har stort sett vore skåna for nordavinden dei siste par dagane.

↑1280m 17km 3:05t
Bavallen - Lønahorgi
Pudderføre heilt opp til tårnet, nesten uvanlig til Lønahorgi å være!

↑800m 9km 2:05t
Liaset - Strutseggi(1137m)
Iskald nordavind på toppen. Til tross for at vinden tok godt låg det jamnt snødekke nesten heile vegen opp.

↑1080m 16km 2:55t
Horndalsnuten(1461m) frå Skaftedal.
Nydeleg vær, vindstille og varmt i sola. Likevel ikkje antydning til slush. Ein liten cm nysnø frå Skykkjeset og oppover hjalp heldigvis litt på føret i dag.