2019

MARS 2019

      ↑980m   11km  3,5t
Oksen(1241m) frå Tjoflot
Flott solnedgang frå Vindhovden og opp brekkene før det kraftige skinet frå månen overtok showet og lyste opp over Oksen. Litt vindpåvirka føre her og der, men også fleire parti der det hadde samla seg fin laussnjo på toppen og ned Oksebrekkene. Meir snø enn forventa!
      ↑930m   12km  4t
Ingebjørgnuten(1210m) frå Stokksel
I dag var me maksimalt heldige med vær, sikt og føre. Rett etter toppen var nådd klarna det opp og gjorde til at me fekk litt fjordutsikt og ei fin nekøyring. Nysnøføre frå toppen og heilt nedatt til Stokkseldalen.
      ↑1230m   13km  3:40t
Oksen(1241m) frå Hamre
Kveldstur til Oksen i nydeleg vær og knapt eit vindpust på toppen. Prøvde meg på denne turen for eit par veker sidan, men snudde då halvvegs sidan det var meir stein enn snø å oppdrive. Adskillig betre forhold no, og stort sett jamnt pudderføre frå toppen og heilt nedatt til Seljenuten. Vurderte å stå på ski vidare nedover mot Seljesete.. men det kunne nok ha gått vel hardt utover skiene..
      ↑900m   12km  3t
Horndalsnuten (1461m) frå Skykkjeset
Sol frå blå himmel og flott føre. Denne sørvendte nedkøyringa mot Steinhytta og Skykkjeset har stort sett vore skåna for nordavinden dei siste par dagane.
      ↑1280m   17km  3:05t
Bavallen - Lønahorgi
Pudderføre heilt opp til tårnet, nesten uvanlig til Lønahorgi å være!
      ↑800m   9km  2:05t
Liaset - Strutseggi(1137m)
Iskald nordavind på toppen. Til tross for at vinden tok godt låg det jamnt snødekke nesten heile vegen opp.
      ↑1080m   16km  2:55t
Horndalsnuten(1461m) frå Skaftedal.
Nydeleg vær, vindstille og varmt i sola. Likevel ikkje antydning til slush. Ein liten cm nysnø frå Skykkjeset og oppover hjalp heldigvis litt på føret i dag.

FEBRUAR 2019

      ↑1020m   11km  3:30t
Frå Hamre til Seljenuten og halvvegs opp mot Oksen. Snudde då det var for lite snø til å forsette. Denne sesongen blir det nok neppe Oksen-tur, iallefall ikkje om forholdene endrer seg drastisk. Kraftig nordlysaktivitet over himmelen på turen nedatt frå Seljenuten, rett før kl 20.
      ↑1790m   24,5km  5:15t
Skaftedal-Skykkjeset-Horndalsnuten(1461m)
To nedkøyringar frå toppen ned dalen mot Steinhytta og Skykkjeset. Herlig slushføre nedatt til stølen! På den fyrste turen var me maks heldig og kom opp omtrent i det minuttet skodda forsvant. På neste tur hadde me forhåpning om å treffe på solnedgangen, men skodda la seg tjukk over toppen og føré vart heller ikkje like bra.
      ↑890m   12,5km  2:50t
Stokksel-Ingebjørgnuten(1210m)
Uvanlig varmt og uvanlig lite snø, spesielt opp i skogen mot Nonfjell. Fint nedatt mot Stokkseldalen.
      ↑1190m   17,5km  3:20t
Stokksel-Dalsete-Midtfjell(1255m)
Perfekt slushføre og litt meir snø enn frykta ned vestflanken frå Midtfjell mot Stokkseldalen. Nedkøyring i vakker solnedgang. Vidare ned mot Stokksel er det no så snøfattig at ein snart kan gå til fots..
      ↑890m   12km  2:30t
Stokksel-Verkadalsnuten(1052m). Fascinerande lite snø over heile Oksenhalvøya, og solid snøsmelting heilt til topps. Ikkje mykje som minner om februar.


Ettermiddagstur til "utsiktspunktet", frå Haugseåsen

      ↑400m   4km  1:20t
Plutselig kom vinteren med eit solid påfyll med snø. Gjekk i 40-50 cm djup pudder frå Ystås, opp under kraftlinja og vidare eit stykke mot Smøreggi.       ↑750m   8km  1:45t
Stokksel-Nonfjell. Nedkøyring i den åpne furuskogen litt vest for Nonfjellshytta       ↑850m   10km  2:00t
Stokksel-Verkadalsnuten. Flott fargespel på himmelen i solnedgangen over Hardangerfjorden. 10-15cm fersk nysnø og flotte forhold ned frå Nonfjell. Heile Oksenhalvøya har uvanlig lite snø for tida.. og ovanfor tregrensa må ein gå sikksakk mellom stein og berg for å komme fram.. men slapp heldigvis unna påfyll med nye riper denne gongen.
      550m   5km  1:30t
Skaftedal-Fennanuten. Vindfullt og tett snødrev på toppen, men artig "skogsslalom" i fersk pudderføre nedatt til Skaftedal.
      ↑640m   7,5km  1:25t
Tur frå Liaset (Espelandsdalen) til rett oppunder toppen av Strutseggi. Fint føre, men vidare oppover såg det temmelig avblåst ut.       ↑1140m   12,5km  3:05t
Nesthus-Rapjahalsen (1128m)
Fantastisk flott ned "elvedalen", litt vest for ruta me fulgte opp. Der ligg snøen framleis upåvirka av vind. Fløyelsmjuk pudder vidare nedover gjennom bjørkeskogen.
      ↑440m   6km  1:05t
Kveldstur frå Liaset/Espelandsdalen til lia rett ovanfor Olastøl. Mildt, med raskt nysnøføre nedatt.   
Ettermiddagstur til eit av dei aller finaste og lettast tilgjengelige utsiktspunkta i Granvin.
      ↑1040m   17km  2:55t
Ingebjørgfjellet (1210m)
Ikkje heilt uventa var det både snøfattig, avblåst, skavlete og hardt frå Dalsete og opp mot Ingebjørgnuten. Iskald vind på toppen, så det vart kun ein kort pause, med litt etterlengta sol og fjordutsikt! Den beste delen av nedkøyringa i dag var i og utanfor scootersporet slakt nedatt frå Dalsete mot Stokksel.
      ↑370m   9km  1:35t
Frå Haugseåsen og i scooterspor til Vatnasete og vidare til Angerskleiv. Fyrste turen med tjukkassykkelen/snøsykkelen denne vinteren.

JANUAR 2019

      ↑950m   9km  1:40t
Nesthus-Rapjahalsen. Til tross for eit par vindfulle dagar ligg det framleis jamnt pudderføre nesten heilt opp. Nedkøyringa blir ekstra flott på klarværsdagar som i kveld, når Voss sentrum lyser opp.

      ↑1040m   9km  3:50t
Kveldstur til Rapjahalsen. Overraskande fint føre frå starten av parkeringa og heilt til topps.

      ↑660m   7.2km  1:30t
Haugseåsen-Velkesfjellet. Flott og lang solnedgang. Avblåst på toppen men ellers fin snø i skogen ned mot Liaset.

      ↑690m   6km  
Jordalen / Tverrlia. Ikkje uventa leverte Tverrlia flotte forhold for skogskøyring i dag.

      ↑580m   6km  1:50t
Ystås - Smøreggi. Vindstille og mildt på toppen og fine forhold med nokre cm nysnø frå i natt.
¨

      ↑1050m   11km  3:20t
Fullmånetur frå Ystås til Smøreggi
To turar i glitrande snø og fantastisk føre. 30 nye cm sidan sist og nysnø heilt til topps. På den siste turen klarna det opp og "superfullmånen" lyste opp skogen og fjellsida.

      ↑850m   14km  5t
Bulko-Langesetvatnet-Grønlivatnet-Skamdalshorgi
Rundtur i vakkert vinterlandskap frå Bulko til Langesetvatnet - Grønnlivatnet og vidare opp mot Skamdalshorgi. Me snudde før siste stigninga opp mot toppen; der var det så avblåst og snøfattig at me ikkje tok sjansen på å fortsette. Nedkøyring i artig skogsterreng og solide snømengder mot Hola og Byrsetvegen.

      ↑790m   7km  
Skogskøyring i 40-50cm nysnø frå Nonfjellshytta til Stokksel

      ↑890m   12km  3:15t
Ystås - Smøreggi
To nedkøyringar frå toppen, den siste om Krokavassvegen til Havås. Såpass kraftig ljos frå månen at me kunne gå utan hovelykta på veg opp.

      ↑570m   8km  2:25t
Ystås - Smøreggi
Litt tung snø i starten, men etterkvart strålande pudderforhold over tregrensa! Stjerneklart og måneskin.

      ↑450m   8km  1:45t
På pudderjakt frå Skaftedal til Tingsteinen og Memorgehaug.

      ↑350m   5km  0:55t
Skaftedal-Fagerlihaugen. 15-20cm nynsø.

      ↑1025m   18km  3:05t
Fulgte Osafjellsvegen til endes og fortsatte vidare i vilt "Osa-vinterlandskap" opp mot Gerdanuten (1259m). Raskt pudderføre nedatt.

      ↑325m   4,5km  0:45t
Skaftedal-Tingsteinen. Slushføre, men i minste laget med snø.

      ↑1240m   17.6km  3:10t
På kveldstrim med Audun til Lønahorgi, ein av dei få toppturane ein kan gå utan å frykte for skiene. Vinden har fjerna det meste av nysnøen frå i går, så føret var så som så. Kraftig økning i vinden opp siste stigninga mot toppen, så då var det ekstra godt å komme i le i tunnelen inn til Horje.

      ↑920m   11.8km  3:10t
Horgaletten og Tråstølen. Endelig litt påfyll med nysnø og opptil 10-15cm fersk pudder opp mot Horgaletten.

      ↑1285m   17.8km  3:10t
Bavallen-Lønahorgi. Glasert siste kilometrene opp mot toppen, men frå Kvilehytta og ned minna føret meir om vårslush enn typisk Januarføre. Stjerneklart, mildt og vindstille.. med skodda som låg tjukk lenger nede i bygda.

      ↑1195m   15.8km  2:40t
Horgaletten og Ekspressheistoppen. Plussgrader til godt over 1000moh.

      ↑665m   11km  2:15t
På "villsnøjakt" i Skaftedalen. Me gjekk fyrst til Tingsteinen så nedatt og opp til Fagerlihaugen (nabotoppen). Ikkje så mykje snø å oppdrive, men nok til å få to fine nedkøyringar der det veksla mellom pudder og skare.

      ↑390m   5km  1:05t
Hovelykttur frå Skaftedal og slakt oppover i åpen skog til Fagerlihaugen (810m). Artig nedkøyring (mellom buskar og kratt). Avblåst på toppen, men ellers tørr pudder i skogen. Ein liten flokk med liryper flaksa opp rett før toppen, og like etterpå 3 orrfugl som låg i le for vinden litt lenger oppe.