
↑322m   15.5km  1:25t
Fyrst gjennom Bømoen i svakt dagsljos, så vidare opp Kytesvegen og over Storåsen. Optimale sykkelforhold, med knusktørre stiar og frosne myrer.
På veg over Storåsen Foto: Audun

↑670m   10.5km  2:05t
Hovelykttur på merka sti frå Stokksel til Verkadalsnuten. Truleg siste kveld med skyfri himmel og stjerneklart, i alle fall ifølge værmeldingane framover.
Kveldsutsikt vestover mot Hardangerfjoden og Kvam

↑700m   7km  
Opp Nautastien til Nesheimshorgi (1133m), så nedatt om Horganipen og Horgastien. Fin rundtur for både to- og firbeinte!

↑1300m   26km  
Gjelle - Gråsidetoppen(1307m) - NansenbuFullmåne og glitrande stjernehimmel på turen opp til Gråsidetoppen og vidare til "Nansenbu" - ei nyåpna turlagshytte som ligg idyllisk plassert rett ved Store Torfinnsdalsvatnet.

↑920m   14km  2:40t
Måneskinstur til Lønahorgi (1410m). Starta frå Slettafjellet. Det kraftige skinet frå solnedgangen og månen gjorde at eg klarte meg fint utan hovelykta på turen opp.
Tunnelen inn til masta

↑620m   11km  2:20t
Stokksel-Disk (1180m). Iskald vind, så det vart kun ein kort stopp rett før toppen.

↑1118m   50km  3:30t
Over gamle postvegen til Ulvi
k. Tilbake om Solsævatnet og Espelandsdalen. Nydeleg vær, blikkstille og med den låge novembersola som spegla seg i fjellvatna.

↑640m   25km  2:12t
Opp til Angerskleiv og tilbake om Vetlavatnet/Tveito. Ein fin rundtur med nokre lengre og kortare parti på sti- og kjerreveg.

↑170m   14km  1:00t
Eit par stirundar i Bømoen

↑477m   18km  1:05t
t/r Vatnasete

↑320m   15km  1:10t
Stirunde Bømoen/Håmyrane/Storåsen. Når stiane er tørre og fine som i dag er det lite som kan måle seg med denne rundturen, med kombinasjon av flytsti/skogssti, seig klatring, tekniske stier med stein og røter, og fine nedkøyringar.
Store rotvelt fleire stader over stien i Storåsen

↑1010m   20km  4:20t
Onen (1620moh)Har stort sett vore maksimalt heldig med vær og føre på dei siste skiturane på Osafjellet, men i dag vart det fullstendig whiteout rett etter toppen var nådd. Fyrste del av nedkøyringa bestod for det meste av å kikke på GPSen og å ploge
Rett før skodda kom inn og la seg over Osafjellet
↑610m 7km 1:14t Hamre-Seljenuten (700moh). Fantastisk flott solnedgang og eit intenst fargespel på himmelen.. nesten vanskeleg å halde fokus på stien på veg nedatt mot Hamre. .
Mobilfoto:
↑790m 7km 2:10t På nymerka sti bratt opp til Nuten frå Hamre. Kom opp rett i det sola gjekk ned over Hardangerfjorden. Nedatt om Middagsvarden-Seljenuten.
Ein av dei mange stigana på veg opp den bratte stien frå Hamre til Nuten
↑280m 14km 1:10t Stirunde Bømoen - Storåsen
↑720m 10km 2:30t Ettermiddagstur frå Stokksel til Ingebjørgnuten. Stjerneklart og mildt. Denne fjellturen er såpass godt merka med vardar og stikker heilt til toppen, slik at ein heile tida kan følge neste merking med ljoset frå hovelykta.
.