![](/images/en/rando.jpg)
↑1110m   26km  5:30t
Onen (1620moh)Maksimalt vær og føre på Osafjellet i dag - med kuldegrader og glitrande snø! Eit "luftig" lag med snøkrystallar gjorde til at føret ned frå Onen var enno litt raskare og betre enn for eit par dagar sidan.
På veg rundt Kvilingavatnet
Flott pudderføre Foto: Audun Brekke
![](/images/en/hiking.jpg)
↑1190m   14km  3:20t
Oksen (1241 m.)
Ettermiddagstur frå Hamre til Oksen. Isete og glatt frå Seljenuten og vidare oppover, så i dag kom piggskoene til full nytte. Lang og flott solnedgang på turen nedover skogsstien mot Hamre!
![](/images/en/rando.jpg)
↑1110m   26km  5:10t
Onen (1620moh)Vinteridyll på Osafjellet i dag!
Starta frå Viermyr (750moh) og fulgte Osafjellsvegen til endes. Vidare i kupert terreng langs Kvilingavatnet og opp brearmen mot toppen. Langt meir snø enn forventa i dag, og eit lite lag med fjørlett pudder oppå skaren - upåvirka av vind nesten heilt til topps.
På veg opp Osafjellsvegen med Vassfjøro i bakgrunnen
Vinterstemning
Kveldstur bratt opp Horgastien til Horganipen (1035m)
↑646m 23km
t/r Angerskleiv. Nedatt om Hausnes. Ei rute som gir mykje fin sykling på sti- og kjerreveg
↑636m 21km
t/r Angerskleiv
↑627m 10km
Flott rundtur opp Hangurslia og nedatt mot Raugstad
↑790m 35km
Sykla opp i fjellsida som ligg rett vest for Torremolinos, og nedatt på ein lang slak sti som går langs skråninga av fjellet. Heile tida med utsikt rett mot havet.
↑1750m 40km
Starta frå La Zuba og sykla opp til la Boca de la Pesca (1518m), med vakker utsikt over Sierra Nevada og Granada. Så nedatt på bratt sti som slynger seg forbi Casa del Guarda. Tilbake over Cumbres Verdes som eg sykla for eit par dagar sidan. Intens varme på den siste halvtimen av turen gjennom dei trange gatene i Granada.
På veg ned frå Casa del Guarda. Bilete henta frå trailguide.net (Foto: Peter Seidl)
↑890m 35km
Dagens rundtur gjekk over til Monachil og Cumbres Verdes, og på rask flytsti ned til La Zubia. Dette området byr på ulike stialternativer og skal definitivt utforskast meir dei neste par dagane
↑1290m 50km Flott rundtur som foruten å gå gjennom dei mange sjarmerande landsbyane, blant anna svinga innom den imponerande Quentar-demningen og vidare over åsen til Guejar Sierra.
↑754m 20km På grusveg opp til Majojos (1360m). Nedatt langs åsen med fantastisk utsikt over Granada.
↑688m 24km Opp Alhambra og deler av Acequia Real ned mot Sacramonte. Eit svært populært område for stisykling rett søraust for byen.
↑477m 18km Tur til Vatnasete
↑780m 11km 2:25t Stokksel - Ingebjørgnuten
Tur til Ingebjørgnuten (1210m) og haustens fyrste hovelykttur. Flott solnedgang rett før toppen
↑650m 22km 1:25t t/r Angerskleiv. Nysnø heilt ned til 400m
↑520m 15km Opp Stokkselvegen til endes
.