Juni 2018

Tjoflot-Oksen-Seljenuten-Hamre

Oksen (1241 m.) frå Tjoflot. Nedatt om Seljenuten til Hamre. Kanskje ein av dei aller flottaste fjellturane i indre Hardanger!

Skaftedal-Skykkjeset-Horndalsnuten

Horndalsnuten (1461m) frå Skaftedal. Fortsatte til toppen etter ein lang og god kaffipause på Skykkjeset. Varmt og vindstille heilt opp.

Golsfjellet

Starta på sti frå Skutuset til Brautemo på Golsfjellet. Fyrst gjennom barskogen rett under tregrensa, så vidare nokre rundar på flotte høgfjellsstiar over Gullknappen og Langhøgdi.

Kårdal - Låghellertjørni (Rallarvegen)

Frå Kårdal innerst i Flåmsdalen sykla eg Rallarvegen fram til Låghellertjørni (1250m). Vidare innover vidda vart det for tett mellom snøfennene til å kunne fortsette, iallefall om ein vil sleppe å knote i våt snø siste mila mot Finse. Kom igang forholdsvis seint og møtte ikkje ein einaste turist etter Vatnahalsen. Nydeleg kveldssol på veg nedatt!

Hallanger-Midtfjell

Kveldstur frå Hallanger og opp bratt sti til Midtfjell (1255m). Gløtt av sol i det me kom opp.

Vatnasete/Fletena

Rakk akkurat ein tur mellom to byger. Vestlandsværet er tilbake til normalen.
Fyrst opp Vindalsvegen til Vatnasete, så på sti over Fletene-Holven på turen tilbake.

Bømoen / Storåsen

Bømoen og Storåsen. Ein anelse våtare enn i går, men likevel fine forhold for stisykling.

Bømoen/Storåsen

Nokre rundar i Bømoen og Storåsen. Tørrare stiar enn forventa i dag.

Haugastøl-Finse

Sykkeltur tur/retur Haugastøl-Finse. Heilt bart på strekninga og rekordlite snø til være i midten av juni.

Måvotno/Vatnasete

Opp til Vetlavatnet/Måvotno og vidare på sti over til Vatnasete. Ein fin rundtur på varierte stiar/kjerrevegar i kupert terreng.

Tokheim-Støladalen

Kveldstur på den gamle ridestien som går frå Tokheim opp mot Folgefonna. Snudde på ca 1100moh, rett før stien går over i breen. På turen opp blir det mykje trilling av sykkelen, men minst 90% av dei omlag tusen høgdemetrene nedatt kan syklast. Flott utsikt rett ned mot Odda og Sørfjorden!

Litlastøl-Velkesfjellet/Lyngerstjørn-Hedler

På sykkel opp til Litlastøl og vidare til Velkesfjellet/Lyngerstjørn(900m). Nedatt på fin sti til Hedler og Velken. Fekk ei solid regnbyge(!) rett før toppen slik at stien vart litt sleipare enn eg hadde håpt på.

Tyssedal-Skjeggedal-Trolltunga (Via Ferrata)

Gjekk den nye Via Ferrata-ruta til Trolltunga som nettopp har åpna. For å sleppe å gå i lang kø til toppen er denne ruta absolutt å anbefale på dagar som dette!

Kvanndalsstølen

På formiddagstur og "fotooppdrag" til Kvanndalsstølen. Starta frå Kvanndal og kunne sykle fyrste halvdel av turen på sti, så vidare til fots bratt opp til stølane.

Drevtjørn-Gunnarsete (Ulvik)

Ein runde i ljosløypa på Drevtjørn og så på kupert og variert barnålssti nedatt frå Gunnarsete.

Selstad-Oksen-Seljenuten-Hamre

Kveldstur på nymerka sti til Oksen(1241m) frå Selstad. Nedatt om Seljenuten til Hamre. Ein avkjølande vind på heile turen!

Lote-Vinesfjellet/Ørnafjellet

Samme turen som me hadde til fots for litt over ei veke sidan. Starta frå Lote og gjekk med sykkelen opp stien til Vinesfjellet/Ørnafjellet(716m). Flott kombinasjon av svabergsykling øvst, så vidare på flytsti og til slutt bratt skogssti siste del nedatt til parkeringa.

Angerskleiv

Kveldstur tur/retur Angerskleiv

Stokksel-Dalsete-Vallavik-Ulvik-Angerskleiv

Har lenge tenkt på om det lot seg gjere å sykle Stokkseldalen over til Dalsete og Vallavik. I starten vart det eindel trilling/lyfting av sykkelen, men og nokre veldig fine stiparti når det flatar ut innover mot Dalsete. Etter eindel knoting på "uframkommeleg" sti ned frå Dalsete ender den opp i ein bratt og steinete anleggsveg som er syklbar dei neste 400 høgdemetrene rett ned mot Hardangerbrua og Vallavik. Så vidare på asfaltveg til Ulvik sentrum der det vart ein lang og god pause. Tilbake gamle Almenningsvegen over fjellet til Granvin. Truleg vart det ny personleg rekord i antall bad på turen.. fyrst i Rundavatnet ved Dalsete.. så i Ulvikafjorden.. Vatnasetvatnet og til slutt Granvinsvatnet. Det føles ekstra forfriskande å kaste seg uti når det er såpass varmt i lufta som no!