Mai 2018

Heller (Velken)

Kveldstur opp Vindalsvegen og vidare på sti til Heller. Det vart minimalt med pause på oss i kveld.. hundrevis (føltes meir som tusenvis) av ekstremt innpåslitne fluger hang tett på oss dei siste 250 høgdemetrene heilt opp til Heller. Heldigvis rista me dei av oss på sykkelturen nedatt. Fantastisk flott nedkøyring i barnålsstien i skogen.

Nonfjell

Kveldstur til Nonfjell i flott solnedgang. Starta seint for å unngå den mest intense varmen. Det er sjeldan å oppleve heile stien opp til Nonfjell så tørr som no, og dermed var turen nedatt syklbar (i alle fall deler av den).

Lothe-Håsete-Kumlevatnet

Sykling langs fjorden frå Utne, så til fots på sti til Håsete og Kumlestølane (Ullensvang). Nydeleg vær og fjordutsikt!

Byrset-Otledalen

Opp Bulkovegen til Byrset, så på sti over Otledalen (875 moh) og tilbake om Herresåsen. Ein tur som gir mykje fin stisykling, sjølv om det i dag var nokre mindre snøfenner som måtte kryssast.

Maovatnet/Vatnasete

Rundtur opp Tveitovegen og vidare på sti til Vetlavatnet langs Maovatnet til Vatnaset.
Det er sjeldan å oppleve stiane så fine som no, til og med myrene utanfor stien kan syklast, og dei ellers så gjørmete partia langs vegen ved Maovatnet har tørka opp.

Hedler/Velkesfjellet

Opp til Hedler og eit stykke vidare mot Velkesfjellet (fram til fyrste snøfonna som dekka for stien).

Gamle postvegen (Almenningsvegen) Granvin - Ulvik

Gamle postvegen over Angerskleiv frå Granvin til Lindebrekke/Ulvik. Tilbake om Bergo. Ein klassikar som er ekstra flott å sykle når stiane er så tørre som no.

Viermyr-Onen (1621m / fortoppen)

Nok ein dag med flott føre til tross for at temperaturmålaren i bilen viste heile 14 grader ved parkeringa på Viermyr kl 9:30. Spesielt fint i "bollen" dei siste 200 høgdemetrene nedatt til parkeringa (0:50-1:05 i videoen). Her hadde sola kun stått på nokre få timar og forholda var perfekt.
Osafjellet er ein favoritt for skiturar seint på sesongen. Landskapet er vilt og flott, og det er panoramautsikt innover mot vidda og Jøkulen. I tillegg er snøforhold er ofte bra til langt uti mai, og Osafjellsvegen gjer tilkomsten til snøen enkel.


Viermyr-Onen(1621m)

Varmt og shortstemperatur heilt opp til 1600m i dag tidleg, men likevel strålande føre frå topp til botn. Med dei værmeldingane som venter framover så blir nok dette truleg siste helga på skitur i raskt slushføre.

Stisykling Vatnasete/Herand(Jondal)

Utforsking av diverse stiar i lia aust for Herand(Jondal) ned frå Vatnasete.

Viermyr-Onen (1621m)

Formiddagstur i nydeleg vær til Onen 1621m. Ikkje eit vindpust på toppen. Har sjeldan opplevd betre slusjsnø enn i dag - raskt føre heilt nedatt til parkeringa.

Angerskleiv - Ulvik

Omtrent samme tur over fjellet mellom Granvin/Ulvik som i går, men prøvde ei litt anna rute ned mot Ulvik for å kunne sykle mest mulig på sti. Forholdene er optimale for stisykling i fjellet no sidan det er lite tilgrodd med gras og buskar, og stiane er forholdsvis tørre.

Angerskleiv-Ulvik (gamle postvegen)

Starta frå Granvin og sykla over Angerskleiv til Lindebrekke i Ulvik. Tilbake om Bergo og anleggsvegen oppatt mot Angerskleiv. Denne turen byr på noko av det flottaste terrenget for fjellsykling i Hardanger. Kombinasjon av flytsti, kjerreveg, panorama fjordutsikt og forbi flotte stølsområder - og omtrent alt dette er syklbart!

Mobilfoto:

Stegafjell (Sogndal)

På div flytstiar ned frå Stegafjell og Turlifjellet. Eit område med lange sammenhengande stinettverk.

Romsdalsstigen Via Ferrata Vestveggen (Åndalsnes)

Tur opp Romsdalsstigen Via Ferrata (Vestveggen), ei relativt lang og utfordrande Via Ferrata-rute, som stod klar i Åndalsnes sist haust. Storslått utsikt over kjente toppar som Romsdalshorn, Vengetind, Romsdalseggen, Bispen, Kongen og Dronninga, med Romsdalsfjorden som bakteppe.
Til tross for perfekt vær- og klatreforhold hadde me stort sett fjellsida for oss sjølv.

Via Ferrata Loen - Staurnibba (1379m)

Fine forhold i Via Ferrata Loen i kveld. Starta forholdsvis seint og kom opp til solnedgangen på Staurnibba(1379m) halv ti på kvelden. Gjekk nedatt til Loen om Lohøgsætra.

Vatnasete-Hedler-Fletene

Stisykling i området Vatnasete-Hedler-Fletene. Tørre fine stiar høgt opp. Spesielt stien ned frå Hedler er fin å sykle når forholda er som i dag. Sommarsleg og intens varme opp kjerrevegen mot Vatnasete, med kvitveisen som stod tett i tett langs vegen og i full blom.

Tysso Via Ferrata

Stoppa i Tyssedal i Odda og gjekk Via Ferrata-ruta i Tyssedalsfjella. Hadde på forhånd plassert sykkelen ved parkeringa oppe langs Skjeggedalsvegen for å spare litt tid på returen nedatt frå "Lilletopp". Ei luftig oppleving i spora etter rallarne som bygde ut vannkraftanleggene og røyrgata i Tyssedal.


Hovet, Setesdal

Utforska diverse stiar på Hovet i Setesdal. Transportetappe på sykkel opp bomvegen til toppen, derifrå kan ein velge og vrake i ulike ruter nedatt. Fine og tørre barnålstiar med masse flyt.

Gutefallheia, Nissedal

Svabergsykling på Gautefallsheiane i Nissedal. Flott rundtur inn til Jambokdalen med mange utsiktspunkter langs den T-merka løypa. Terrenget består av veldig mykje glattskurt granitt og enorme områder med svaberg, noko som gjer det syklbart også når det er litt vått.


Vatnasete

Opp Vindalsvegen til Vatnasete. Samme turen som for eit par dagar sidan, men i kveld var det mulig å sykle over alle små fennene og komme seg heilt inn til stølane.

Hamre-Seljenuten-Oksen-Tjoflot

Den tradisjonelle 1.mai-turen til Oksen vart litt amputert i år pga dårlig vær. I staden for vart det formiddagstur på oss til Seljenuten. Eg nytta likevel sjansen til å få hente bilen som stod på andre sida av fjellet, og fortsatte til Oksen og ned til Tjoflot. Verken vær eller føre var noko å rope hurra for i dag

Mobilfoto: