Mars 2018

Ljono-Horgo-Vetle Vassfjøro-Jonstøl

Fin rundtur frå Ljono til Horgo og opp mot Vetle Vassfjøro. Tilbake om Jonstøl. Fyrste dagen med antydning til slushføre i sidene (om ein legg godvilja til). Ikkje typisk "topptur-terreng" dette, så det vart truleg ny rekord i antal fellebyte..

Skaftedal-Horndalsnuten(1461m)

Rute: Skaftedal-Tingsteinen-Skykkjeset-Horndalsnuten(1461m).
Fulgte elvadalen frå Skykkjeset og oppover, der det stort sett låg flott pudderføre heile vegen til toppen!
mobilfoto:

Nesthus-Rapjahalsen

Rapjahalsen(1128m). Flott pudderføre over tregrensa men litt vekslande føre med slusj/brotskare lenger nede. Vindstille og mildt heilt opp.

Haugseåsen

Nokre rundar i ljosløypa i Haugseåsen. 5 cm nysnø i løypa.

Hamre-Oksen(1241m)

Samme turmål som i går, men i dag starta eg frå andre sida og fulgte stien frå Hamre til Seljesete(350m) til fots, så på med ski vidare til Seljenuten og Oksen. Opp mot toppen blas det til tider så kraftig at det var vanskeleg å halde seg på beina. Likevel overraskande bra pudderføre nedatt der snøen hadde lagt seg i søkk og i le for den verste vinden. Perfekt slushføre siste 400 høgdemetrene i "bollen" mellom Nuten og Seljenuten.

Tjoflot-Oksen(1241m)

Flott tur frå Tjoflot til Oksen rett etter jobb. Etter gårsdagens snøfall låg alt til rette for gode forhold. Sola varma godt heile vegen opp, og sidan det var fullstendig vindstille gjekk det fint å gå i berre kortarma ulltrøye heilt opp..! Stort sett jamnt og fint pudderføre frå toppen og ned Oksebrekkene. Litt solpåvirka snø innimellom. To nedkøyringar, den siste frå halvvegs opp i lia, rett før sola gjekk ned.

Haugseåsen/Litlastøl

Eit par rundar i ljosløypa og ein tur opp til Litlastøl. Eit par cm nysnø la seg i sporet i løpet av den timeslange turen.

Gygrastolen (Rosendal)

Frå Ænes til Gygrastolen (1345 m). Strålande vær og flott føre. Utfordringa vår i dag bestod i å finne ei god nedkøyring, sidan store deler av fjellsida var pepra med spor

Film:Leif-Johan

Skjervet-Voss-Bømoen

Fyrste turen med fulldemparen i år. Opp Skjervet til Voss og nokre stirundar i Bømoen, på snødekte fine stiar. Tilbake om gamle jernbanetunnelen til Såkvitne. Med unntak av eit lite parti opp Skjervet var alt syklbart i dag.

Solsæ/Drevtjørn

Tur-retur Solsæ, og ein runde i ljosløypa på Drevtjørn. Stjerneklart og 12-13 minusgrader i kveld, og dekka sat dermed som klistra til snøen sjølv med god fart ned brekkene.

Nesthus-Rapjahalsen

Strålande pudderføre ned frå Rapjahalsen i kveld!

mobilfoto:

Ystås-Nesheimshorgi

Frå Ystås til Nesheimshorgi(1133m). Ein stor rypeflokk på rundt 15-20stk flaksa forbi meg fleire gonger øvst i Nautadalen, i kveldssola, både på turen opp og nedatt nautastien.

Nesthus-Rapjahalsen

Tur frå Nesthus til Rapjahalsen(1128m). Varmt og fullstendig vindstille i det me kom på toppen. Jevnt pudderføre heilt ned til siste 200 høgdemetrene før parkeringa.

Haugseåsen-Vatnasete-Rusti

Frå Haugseåsen til Vatnasete og vidare i scooterspor som førte opp til Rusti (555m). Sjølv med minimalt lufttrykk i dekka er det begrensa bæreevne med 5" dekk når det etterkvart øker på til 20-30cm laussnø/fokksnø i sporet.

Haugseåsen-Vatnasete

Frå Haugseåsen til Vatnasete og eit lite stykke vidare, til det vart for mykje laussnø i scootersporet. Over Vatnsetevatnet var det berre å sleppe ut luft i dekka for å få best mulig flyt på snøen.

Solsæ (Ulvik)

Fyrste turen med fatbiken denne vintersesongen, t/r Solsæ(Ulvik). Lett snødrev og fullstendig vindstille i kveld.

Ystås-Smøreggi

Frå Ystås og bratt opp i skogen til Smøreggi. Kom på toppen i det minuttet sola gjekk ned over Kistenuten. Avblåst opp mot toppen men ellers bra føre nedatt.

Bavallen-Horgaletten

Planen i kveld var å gå til Lønahorgi. Med nykjøyrde spor i utforløypa og nydeleg solnedgang i det me nærma oss Horgaletten var det ikkje vanskeleg å finne motivasjon til å nå toppen.. ekstra surt vart det derfor at den eine bindinga sa "takk for seg" rett etter at me hadde passert Horgaletten - frambindinga knakk rett av i skruefeste. Kanskje ikkje anna å vente med superlette og slitte/gamle bindingar..

Medås-Nesheimshorgi (1133m)

Då eg starta frå Medås stod sola rett på og varma godt, og i skogen dei fyrste 300-400 høgdemetrene var det så varmt at det gjekk fint å gå i berre ulltrøya. Men over tregrensa økte vinden på og det vart fort iskaldt og full snøføyk på toppen. "Sibirkulda" har altså ikkje heilt sluppe taket enno...

Ystås-Liasete-Steinsethorgi-Smøreggi

Frå Ystås til Steinsethorgi og Smøreggi. Litt kaldt på toppen i dag. Stort sett bra føre nedatt til tross for all vinden den siste veka.

Haugseåsen-Vatnasete-Groheller

Flott fullmånetur til Groheller. I kveld vart det ekstra mange fotopausar på turen opp, med den trillande runde månen som lyste opp rett over tretoppane!