Februar 2018

Ystås-Steinsethorgi-Smøreggi

Flott rundtur frå Ystås om Liasete til Steinsethorgi og vidare til Smøreggi. Kald vind på toppen og ikkje mykje varme å hente frå ettermiddagssola. Like flott pudderføre og samme nedkøyring som i går.

Ystås-Smøreggi

5-10cm fjørlett nysnjo. Fann ei rute i flott åpent terreng frå toppen og heilt nedatt til parkeringa ved Ystås.

Dyrvedalen-Grønhaugen

Gjekk opp til Grønhaugen(1068m) frå Dyrvedalen. Flotte forhold med eit par cm nysnø frå i går.

Vangjolo-Rapjahalsen

Flott tur frå Vangjolo til Rapjahalsen. Raskt pudderføre heilt opp, og ikkje eit vindpust på toppen i dag.

Frudalshesten, Fjærland

Frå fjell til fjord i Fjærland. Rute: Frudalen-Frudalshesten(1535m)-Vetlebotn-Berge.
Frå toppen av Frudalshesten er det totalt drøye 1300 høgdemeter med flott nedkøyring ned den nordvendte sida mot Vetlebotn og heilt nedatt til parkeringsplassen på Berge i Fjærland.

Bavallen - Lønahorgi

Tur til Lønahorgi(1410m) i solnedgang, blåtime og 10cm nysnø. Svakt ljos frå nymånen nedatt.

Havås-Nesheimshorgi

Kveldstur frå Havås opp Nautastien og til Nesheimshorgi (1133m). I dag såg det lenge ut til at me kunne få flott solnedgang på turen opp.. men i det me starta frå Havås skya det desverre fort til. Litt varierende føre.
Ein flokk på minst 10-12 fjellryper flaksa opp rett før toppen.

Tjoflot-Oksen

Ettermiddagstur til Oksen frå Tjoflot rett etter jobb. Skyfri himmel og god varme frå sola, men føret var absolutt ikkje mykje å skryte av i dag -vinden herja godt både på toppen og ned Oksebrekkene.

Mobilfoto:

Kvasshovden(1030m)

Samme turen som for eit par dagar sidan. Tre nedkøyringar frå austsida av Kvasshovden(1030m). Litt flatt ljos i starten, men etterkvart vart været berre bedre og bedre. 10-15cm pudderføre frå toppen og vidare i den åpne furuskogen nedatt til vegen. Ein kongeørn og ein liten flokk med fjellryper letta rett under toppen på den siste turen opp.

Mobilfoto:

Kvasshovden (1030m)

Starta frå vegen rett sør for Drevtjørn(Ulvik) og fulgte hogstfeltet opp mot Kleppsgili og vidare til Kvasshovden (1030m.). Mindre vind enn forventa, og faktisk ein del sol på turen opp. Flott åpent skiterreng i jevnt pudderføre heilt nedatt til bilen!

Litlastøl-Velkesfjellet

Kort ettermiddagstur halvvegs opp mot Velkesfjellet frå Litlastøl.

Skaftedal-Fennanuten

Utforsking av ny rute opp austsida mot Fennanuten med Audun som lommekjent i området. Me starta frå Skaftedal og gjekk bratt opp i skogen til me kom opp på flaten mellom Fennanuten/Raudhoven. Artig skogskøyring nedatt i djup snø!

Stokksel-Nonfjell

Kort kveldstur opp i skogen mot Nonfjell. Me snudde rett før Nonfjellshytta. Vindfullt og litt avblåst, men bra forhold i skogen, med laus og fin snø på nedkøyringa mot Stokksel.

Vardanosi, Jordalen

Perfekt pudderføre i Jordalen i dag. To turar til toppen og ein til rett over tregrensa. Periodevis flatt ljos og voldsom snøføyke siste høgdemetrane mot toppen.

Mobilfoto:

Tillung-Gråsidetoppen

Gråsidetoppen (1307m) frå Tillung. Litt knoting i skogen både opp og på turen nedatt.. kald vind opp mot toppen.. og nokre parti med uventa lite snø på "flaten" før og etter Sandfjellet som førte til fleire nye riper i skiene der det låg kvasse steiner skjult i nysnøen. Ellers 10-20cm fersk pudderføre lenger nede.
Me konkluderte vel med at turen til Gråsidetoppen egner seg best som vårskitur, i dagsljos, og eit litt anna rutevalg enn me tok i kveld..!

Bavallen - Horgaletten

Frå Bavallen og opp til kvilehytta(1090m) før Lønahorgi. Ikkje så mykje som eit vindpust i kveld.

Bavallen - Lønahorgi

Ettermiddags/kveldstur til Lønahorgi (1410m). Yr og storm hadde gitt oss visse forhåpningar om å gå opp i solnedgangen, men i staden fekk me lett snødrev på turen. Likevel flott og god sikt, og høgt skydekke. Overraskande bra føre frå toppen og vidare frå Horgaletten i nystrigla raske løyper med ein ørliten cm nysnø.

Tjoflot - Oksen

Formiddagstur til Oksen(1241m) frå Tjoflot. Hadde ikkje forventa det heilt store føret i dag, men sidan Oksebrekkene ligg vestvendt har vinden stort sett spart brekkene for dei verste herjingane denne veka. Vindstille ved toppvarden, og relativt mjuk og fin snjo nedatt. 40cm fjørlett pudder siste del til Vindhovden. I dag kunne eg, med nokre få unntak, stå på ski frå stølen, gjennom den tette granskogen og heilt nedatt til parkeringa.

Havås-Nautadalen-Nesheimshorgi-Olastøl

Tur til Nesheimshorgi via Nautadalen. Til tross for at Nautadalen ligg austvendt (og vinden dei siste par dagane har komme rett frå aust) var det stort sett strålande pudderføre frå toppen og heilt ned i botn av dalen. Vidare ned mot Olastøl i fjørlett snjo.

Øyastølsfjellet-Fyresnipa (Jordalen)

Rute:Nosi-Øyastølen-Øyastølsfjellet(1342m)-Fyresnipa(1461m)-Berdalen.
Fin rundtur med nedkøyring frå Fyresnipa mot Berdalen i flott pudderføre. Skyfri himmel og eit nydeleg vær.

Fullmånetur: Stokksel-Ingebjørgfjellet

I kveld hadde me full klaff med fullmånen på toppen av Ingebjørgfjellet (1210m). Det vil sei, etter ein lang pause på toppen hadde me nesten gitt opp å få sjå den.. men rett før me skulle til å skri nedatt kom månen til syne over skylaget -og blei værande der! Kald austavind, men stort sett flott pudderføre nedatt, med månen som "fulgte oss" heile vegen. Me møtte og på ein firbeint liten krabat som var på måneskinstur, av den hissige typen, og som ikkje var spesielt glad i godt selskap..