2018

DESEMBER 2018

      ↑550m   6km  1:00t
Bavallen-Ekspressheistoppen.

      ↑1470m   14,5km  3:45t
Øyastølsfjellet (1342m) og Nipa (1247m) i Jordalen. Strålande pudderføre over 800moh. Uvanleg lite snø også i Jordalen for tida, men i dag var det fine forhold over tregrensa med 5-15cm fjørlett nysnjo.

      ↑1260m   17,5km  3:05t
Bra med påfyll av snø sidan forrige tur til Lønahorgi, og eit par cm nysnø på jamt snødekke frå Horgaletten og vidare opp.

      ↑632m   8,5km  1:15t
Horgaletten frå Bavallen. Ein søkkvåt opplevelse med tett yr og vind. Likevel OK slushføre nedatt.

      ↑632m   8,5km  1:10t
Horgaletten frå Bavallen. Bra føre både i og utanfor løypa til tross for at det sludda heilt opp. Me vurderte å fortsette, men skodda la seg tjukk vidare oppover.

      ↑1240m   17km  2:45t
Førjolstur til Lønahorgi. Eit lite lag med nysnjo heile vegen opp, men høgst variabelt snødekke der vinden har tatt mest.

      ↑550m   6km  0:55t
Bavallen-Ekspressheistoppen.

      ↑500m   6km
Fin tur frå Tunheim til Øydvekleppe, med flott utsikt over Ulvik og Osafjorden.

      ↑1232m   17km  3:25t
Lønahorgi frå Bavallen
I kveld skjedde det som eg har frykta kunne skje med superlette og godt brukte ski; rett før me skulle ned frå toppen tuppa eg den eine skia i ein liten skavle, nok til at den knakk både i tuppen óg i bindingsfeste. Kun stålkanten holdt skia sammen. Heldigvis gjekk det forholdsvis greit å komme seg ned att, men det tok si tid, og det vart langt ifrå nokon elegante svingar eller noko vakkert syn..

      ↑1232m   17km  3:05t
Lønahorgi frå Bavallen
Mildt og fullstendig vindstille på toppen, og med ein knapp cm med nysnø(om ein legg godvilja til) var føre litt betre enn for eit par dagar sidan. Bonusen i kveld var uansett å komme rett over i nystrigla løyper nedatt skiresorten til Bavallen.

      ↑450m   5,05km  
Bavallen til ekspressheis-toppen

      ↑1232m   17,05km  2:45t
Lønahorgi frå Bavallen
Nydeleg rosafarga himmel, flott halvmåneskin og sesongens fyrste skitur til Lønahorgi! Sjølv om føre ikkje var noko å juble for var det betre enn frykta, og også meir snø enn forventa frå Horgaletten og opp.

      ↑1020m   14, 5km  2:05t
To nedkøyringar frå toppen av ekspressheisen til Bavallen. Full snøproduksjon og fine forhold i kveld. Når det er begrensa med snø i fjellet er Voss Resort god å ha!

      ↑510m   6,5km  1:00t
Ei nedkøyring i ljosløypa frå toppen av Ekspressheisen til Bavallen.

      ↑929m   11km  2:40t
Finnbunuten (1358m) frå Myrkdalen. Vindfullt på toppen og ikkje så bra føre som me hadde håpt på i dag.

  
Tur til utsiktspunktet i Granvin rett før solnedgang

      ↑1150m   14km  2:10t
Horgaletten og toppen av Ekspressheisen frå Bavallen. Nye 5cm i dag og fine forhold, spesielt ned frå Horgaletten der snøen låg jamnt fordelt i vegen.

      ↑632m   6.5km  1:25t
Horgaletten. Stjerneklart i det me kom opp. På det meste låg det rundt 10-15cm nysnø i vegen opp mot toppen og nok snø til unngå riper i skiene..

. Do NOT follow this link or you will be banned from the site!

NOVEMBER 2018

      ↑322m   15.5km  1:25t
Fyrst gjennom Bømoen i svakt dagsljos, så vidare opp Kytesvegen og over Storåsen. Optimale sykkelforhold, med knusktørre stiar og frosne myrer.

      ↑670m   10.5km  2:05t
Hovelykttur på merka sti frå Stokksel til Verkadalsnuten. Truleg siste kveld med skyfri himmel og stjerneklart, i alle fall ifølge værmeldingane framover.

      ↑700m   7km  
Opp Nautastien til Nesheimshorgi (1133m), så nedatt om Horganipen og Horgastien. Fin rundtur for både to- og firbeinte!

      ↑1300m   26km  
Gjelle - Gråsidetoppen(1307m) - Nansenbu
Fullmåne og glitrande stjernehimmel på turen opp til Gråsidetoppen og vidare til "Nansenbu" - ei nyåpna turlagshytte som ligg idyllisk plassert rett ved Store Torfinnsdalsvatnet.

      ↑920m   14km  2:40t
Måneskinstur til Lønahorgi (1410m).
Starta frå Slettafjellet. Det kraftige skinet frå solnedgangen og månen gjorde at eg klarte meg fint utan hovelykta på turen opp.

      ↑620m   11km  2:20t
Stokksel-Disk (1180m). Iskald vind, så det vart kun ein kort stopp rett før toppen.

      ↑1118m   50km  3:30t
Over gamle postvegen til Ulvik. Tilbake om Solsævatnet og Espelandsdalen. Nydeleg vær, blikkstille og med den låge novembersola som spegla seg i fjellvatna.

      ↑640m   25km  2:12t
Opp til Angerskleiv og tilbake om Vetlavatnet/Tveito. Ein fin rundtur med nokre lengre og kortare parti på sti- og kjerreveg.

      ↑170m   14km  1:00t
Eit par stirundar i Bømoen

      ↑477m   18km  1:05t
t/r Vatnasete

      ↑320m   15km  1:10t
Stirunde Bømoen/Håmyrane/Storåsen. Når stiane er tørre og fine som i dag er det lite som kan måle seg med denne rundturen, med kombinasjon av flytsti/skogssti, seig klatring, tekniske stier med stein og røter, og fine nedkøyringar.

      ↑1010m   20km  4:20t
Onen (1620moh)
Har stort sett vore maksimalt heldig med vær og føre på dei siste skiturane på Osafjellet, men i dag vart det fullstendig whiteout rett etter toppen var nådd. Fyrste del av nedkøyringa bestod for det meste av å kikke på GPSen og å ploge

      ↑610m   7km  1:14t
Hamre-Seljenuten (700moh). Fantastisk flott solnedgang og eit intenst fargespel på himmelen.. nesten vanskeleg å halde fokus på stien på veg nedatt mot Hamre. .

Mobilfoto:

      ↑790m   7km  2:10t
På nymerka sti bratt opp til Nuten frå Hamre. Kom opp rett i det sola gjekk ned over Hardangerfjorden. Nedatt om Middagsvarden-Seljenuten.

      ↑280m   14km  1:10t
Stirunde Bømoen - Storåsen

      ↑720m      10km  2:30t
Ettermiddagstur frå Stokksel til Ingebjørgnuten. Stjerneklart og mildt. Denne fjellturen er såpass godt merka med vardar og stikker heilt til toppen, slik at ein heile tida kan følge neste merking med ljoset frå hovelykta. .

Oktober 2018

      ↑1110m   26km  5:30t
Onen (1620moh)
Maksimalt vær og føre på Osafjellet i dag - med kuldegrader og glitrande snø! Eit "luftig" lag med snøkrystallar gjorde til at føret ned frå Onen var enno litt raskare og betre enn for eit par dagar sidan.

      ↑1190m   14km  3:20t
Oksen (1241 m.)
Ettermiddagstur frå Hamre til Oksen. Isete og glatt frå Seljenuten og vidare oppover, så i dag kom piggskoene til full nytte. Lang og flott solnedgang på turen nedover skogsstien mot Hamre!

      ↑1110m   26km  5:10t
Onen (1620moh)
Vinteridyll på Osafjellet i dag!
Starta frå Viermyr (750moh) og fulgte Osafjellsvegen til endes. Vidare i kupert terreng langs Kvilingavatnet og opp brearmen mot toppen. Langt meir snø enn forventa i dag, og eit lite lag med fjørlett pudder oppå skaren - upåvirka av vind nesten heilt til topps.

  
Kveldstur bratt opp Horgastien til Horganipen (1035m)

      ↑646m   23km  
t/r Angerskleiv. Nedatt om Hausnes. Ei rute som gir mykje fin sykling på sti- og kjerreveg


      ↑636m   21km  
t/r Angerskleiv

      ↑627m   10km  
Flott rundtur opp Hangurslia og nedatt mot Raugstad


      ↑790m   35km  
Sykla opp i fjellsida som ligg rett vest for Torremolinos, og nedatt på ein lang slak sti som går langs skråninga av fjellet. Heile tida med utsikt rett mot havet.


      ↑1750m   40km  
Starta frå La Zuba og sykla opp til la Boca de la Pesca (1518m), med vakker utsikt over Sierra Nevada og Granada. Så nedatt på bratt sti som slynger seg forbi Casa del Guarda. Tilbake over Cumbres Verdes som eg sykla for eit par dagar sidan. Intens varme på den siste halvtimen av turen gjennom dei trange gatene i Granada.


      ↑890m   35km  
Dagens rundtur gjekk over til Monachil og Cumbres Verdes, og på rask flytsti ned til La Zubia. Dette området byr på ulike stialternativer og skal definitivt utforskast meir dei neste par dagane


      ↑1290m   50km  
Flott rundtur som foruten å gå gjennom dei mange sjarmerande landsbyane, blant anna svinga innom den imponerande Quentar-demningen og vidare over åsen til Guejar Sierra.


      ↑754m   20km  
På grusveg opp til Majojos (1360m). Nedatt langs åsen med fantastisk utsikt over Granada.


      ↑688m   24km  
Opp Alhambra og deler av Acequia Real ned mot Sacramonte. Eit svært populært område for stisykling rett søraust for byen.


      ↑477m   18km   Tur til Vatnasete


      ↑780m   11km  2:25t
Stokksel - Ingebjørgnuten
Tur til Ingebjørgnuten (1210m) og haustens fyrste hovelykttur. Flott solnedgang rett før toppen

      ↑650m   22km  1:25t
t/r Angerskleiv. Nysnø heilt ned til 400m

      ↑520m      15km
Opp Stokkselvegen til endes.

September 2018

      ↑990m   21km  3:50t
Onen (1620moh)
Rekordtidleg topptur på ski til Onen på Osafjellet, med overraskande mykje snø. Parkerte bilen på ca 950moh og kunne gå i 10-15cm "septemberpudder" og relativt god såle heilt til toppen. Starta seint, og skodda som hadde lagt seg tjukk rundt toppane letta ikkje før siste stigning og rett før solnedgangen. Rett og slett magisk vinterstemning i høgfjellet!

        13km
Eit par stirundar i Bømoen

   ↑580m      15km
Opp til Velken og vidare på sti til Heller.

        14km
Eit par rundar på det som er å oppdrive av stiar i Bømoen.

      ↑1080m   34km
t/r Vatnasete og på "nyoppdaga" sti nedatt, så opp Tveitovegen til Vetlavatnet.

      ↑338m   20km
På kryss og tvers i Bømoen og Storåsen

      ↑450m   7km
Strutseggi frå Olastøl

      ↑398m   15km
Ein runde i Bømoen og Storåsen midt i mellom to solide regnbyger, så i dag var det berre å sleppe ut luft i dekka for best mulig grep mot underlaget

      ↑1427m   46km
Over Espelandsdalen til Solsæ-Ljono-Ulvik. Så tilbake om Bergo og gamle postvegen - ein fantastisk flott fjellsti sjølv når det er søkkvått som i dag. Ein salig blanding av sol og regn på turen.. og intense haustfargar på høgda over Angerskleiv.

      ↑423m   
Flott fjellstirunde i haustfargar på Golsfjellet, med ein avstikkar oppom Aunehaugen og Storefjelltoppen. Panoramautsikt mot både Hallingskarvet, Reineskarvet, Hemsedalsfjellene og Jotunheimen.

      ↑977m   21km
Topptur til Beia(1081m). Lang nedkøyringar og flott utsikt over Hallingdalen og fjella rundt!

      ↑710m   22km
Opp Skjervet og til Skår, så vidare over til Skeiset/Dikje. Vått, mildt sagt, men slapp unna det verste regnet på turen.


      ↑1071m   25km
Hesteggi (907m) og Vardaheii (900m) . To klassikere i Sogndal som byr på kilometervis med flytsti i barskogsterreng


      ↑1263m   29km
På diverse stiar i Leikanger og Kaupanger (Dalåker). Ein liten rev kryssa stien to gonger rett framfor meg på den siste stituren nedatt til parkeringa.


      ↑301m   13km
Bømoen og Storåsen. Måtte korte inn runden litt då det "plutseleg" vart myrkt..


      ↑429m   18,5km
Stirunde Bømoen - Storåsen. Veldig fine forhold i kveld

      ↑1202m   11,3km  2:30t
Hamre - Oksen
Flott kveldstur til Oksen (1210m) frå Hamre. Shortstemperatur og knusktørre svaberg nedatt frå toppen.

      ↑1072m   44km  
Opp Bulkovegen til Grønnli, så vidare over Almenningane og på T-merka sti til Helgastøl/Folkedal. Sol og varmt, og haustfargane er no på veg i fjellet!

      ↑1068m   36km  

Tur-retur Granvin-Ulvik over gamle postvegen. Tok ein lang og god pause i Ulvik før returen tilbake over Bergo og Angerskleiv.

August 2018

      ↑617m   15,6km  
Uppsete - Kaldavasshytta - Myrdal
Ettermiddagstur til Kaldavasshytta (1260moh) - ei hytte som ligg idyllisk til i fjellområdet mellom Uppsete, Myrdal og Hallingskeid. Strålande vær og flott turterreng.

      ↑1067m   15,4km  
Skaftedal-Horndalsnuten
Lang og flott kveldstur frå Skaftedal om Hjalladalen til Horndalsnuten (1461m.) med Audun for å sjå etter sauene.

      ↑726m   24,3km  
Angerskleiv-Maovatnet
Fyrst opp til Angerskleiv og så på sti over til Maovatnet/Vetlavatnet. Flott stirunde i nydeleg vær.

      ↑538m   16,6km  
Holven-Angerskleiv
Ein av dei finaste turane i nærområdet. Flotte forhold i kveld, med haustfargane som no begynner å melde seg!

      ↑817m   13km  2:40t
Stokksel-Midtfjell
Kveldstrim til Midtfjell (1255m). Ikkje så mykje som eit vindpust på toppen


      ↑1589m   38km
Storehaugen, Sanderstien, Dalåker
Lang dag på diverse stiar i Sogndal


     ↑139m   11km
Bømoen. Sleipt og vått.


Nokre stirundar i Bømoen og Storåsen. Overraskande varmt i lufta.

     ↑1279m   11km   2:50t
Hamre-Oksen(1241m)
Oksen-tur i nydeleg vær. Nedatt om Seljenuten-Hamre i varmen frå kveldssola.


Dale-Geituri-Kjerringafjellet(1053m)-Kvasshovden(1030m)
Kveldstur opp til Geituri og vidare over Kjerringafjellet og Kvasshovden - i svært vekslande vær, og haustleg temperatur.



Opp til Heller og Angerskleiv. Fint område å sykle, sjølv på søkkvåte stiar og traktorvegar.


Sykkeltur Vatnasete t/r. Låg i saktegåande kø inn til vatnet..



Bratt opp bakkavegen til Skeiset/Dikje (580m) og innom div kjerrevegar på veg nedatt. Høljeregn!


Hardanger fjellsti og Dronningstien
Kveldstur frå Lofthus opp Frøyneslia og over den nyåpna hengebrua over Opo-elva. Så vidare på Dronningstien til Røte. Flott utsikt mot Rjukanfossen, Lofthus og Sørfjorden. Vindstille og fin temperatur på heile turen.


Seljenuten
Kveldstur til Seljenuten og eit lite stykke vidare.


Ingebjørgnuten
Stokksel - Ingebjørgnuten (1210m)


Flåm - Fagernut (t/r)
Sykla frå Flåm til Fagernut vokterbolig(1310m). August er høgsesong for sykkelturen på Rallarvegen og det fekk eg merke opp Flåmsdalen - med svært mange møtande syklistar, til tross for at eg starta forholdsvis seint frå Flåm.



Omtrent samme runden som dei to foregåande dagane. Fyrst gjennom Bømoen, så opp Kytesvegen og over Storeåsen. Ein veldig fin rundtur på varierte stiar.



Eit par rundar på tørre stiar i Bømoen og Storåsen. Flotte tørre forhold!



Nokre stirundar i Bømoen og Storåsen rett før regnet kom



Starta fyrst frå Velken og sykla over gamle postvegen til Ulvik, så ein tur innover Solsævegen til Jonstøl og tilbake over Gårhovden til Ljono. To turar som er fine å sykle når det er vått i terrenget.


Vatnasete/Maovatnet
Sykkeltur opp til Vatnaset, over på sti til Maovatnet og vidare ut langs fjorden til Hamre.
Ein våt opplevelse mildt sagt.


Liaset-Ljonene
Ettermiddagstur i lett regnvær opp nyrydda sti frå Liaset (Espelandsdalen) til Olavstøl og vidare til Joberget. Fyrste turen i sommar der me kunne fylle vannflaska i rennande bekkar langs stien..

Sykkeltur til Osafjellet

Rute: Granvin-Solsæ-Ljono-Osa-Langavatnet(1180m)-Bergo-Angerskleiv

Flott langtur i nydeleg vær over Espelandsdalen innover Osafjorden og opp på Osafjellet - bokstavelig talt frå fjord til (høg)fjell. Sykla over Angerskleiv på turen tilbake, slik at det vart nokre kilometer på sti til slutt.

mobilfoto:

Alsåker-Vinesfjellet-Håsetkolla

Kveldstur frå Alsåker til Håsetkolla (1091m). Nedatt til Vinesfjellet -kanskje eit av dei finaste utsikspunkta over Hardangerfjorden.

Vatnasete/Vetlavatnet

Opp til Vatnasete over til Heiane og vidare til Vetlavatnet der det vart eit avkjølande bad i kveldssola.

Åsen/Øydve

På flytsti ovanfor Øydve mot Tunheim og så ein rundtur i Åsen i Ulvik

22.07.18

Innover Espelandsdalen og så bratt opp til Olavstøl. Nedatt på stien som går parallelt med vegen, der det meste no er syklbart

Florø-Kinn

Flott langtur i blikkstille sjø rundt øya Kinn og Reksta

Florø-Færøya

Kajakktur frå Florø og utover til dei mange småøyane mot havgapet

Flåm-Finse (t/r)

Sykla Rallarvegen frå Flåm til Finse og tilbake. Nydeleg sykkelvær med ein avkjølande bris på store deler av turen, og kun to mini-snøfenner som måtte kryssast på strekninga fram til Fagernut.

Jonstøl-Kristinuten

Tur til Jonstøl og Kristinuten(901m) - med eit "avkjølande" bad for både to- og firbeinte på Jonstøl og i vatnet rett ved toppen.

Njuk

Gjekk opp stien frå Såkvitno til Njuk. Tett i tett med store multer, og nok modne bær til ein liten lunsj ved stølen.

Solsæ-Ljoneskrulen-Miningane

Planen i dag var å gå til Vassfjøro, men pga overraskande tjukk skodde og utrygge snøbruer snudde me eit stykke opp frå Ljoneskrulen mot Miningane. Ein fin tur vart det likevel.

Ålvik

Utforsking og rydding av diverse stiar i skogen/fjellsida mellom ytre- og indre Ålvik

Angerskleiv-Ulvik-Solsæ

Sykla over Angerskleiv og ei "ny" rute på sti til Børsheim og vidare ned mot sentrum. Tilbake over Ljono-Solsævatnet. Starta seint i håp om å sleppe den mest intense varmen, men det virka som om temperaturen heller økte gradvis utover kvelden.

Helgaset-Kolingseggi

Tur frå Helgaset til Krokasetvatnet og Kolingseggi - eit av dei finaste utsiktspunkta mot Voss.

Tinnhølen-Sandhaug-Besso

Sykla traktorslepet frå Tinnhølen innover vidda til Sandhaug og vidare på sti til Besso. Flott sykkelterreng og nydeleg vær - til og med badetemperaturen var komfortabel, noko som ikkje er heilt vanleg på Hardangervidda i starten av Juli.

Tjoflot-Oksen-Seljenuten-Hamre

Oksen (1241 m.) frå Tjoflot. Nedatt om Seljenuten til Hamre. Kanskje ein av dei aller flottaste fjellturane i indre Hardanger!

Skaftedal-Skykkjeset-Horndalsnuten

Horndalsnuten (1461m) frå Skaftedal. Fortsatte til toppen etter ein lang og god kaffipause på Skykkjeset. Varmt og vindstille heilt opp.

Golsfjellet

Starta på sti frå Skutuset til Brautemo på Golsfjellet. Fyrst gjennom barskogen rett under tregrensa, så vidare nokre rundar på flotte høgfjellsstiar over Gullknappen og Langhøgdi.

Kårdal - Låghellertjørni (Rallarvegen)

Frå Kårdal innerst i Flåmsdalen sykla eg Rallarvegen fram til Låghellertjørni (1250m). Vidare innover vidda vart det for tett mellom snøfennene til å kunne fortsette, iallefall om ein vil sleppe å knote i våt snø siste mila mot Finse. Kom igang forholdsvis seint og møtte ikkje ein einaste turist etter Vatnahalsen. Nydeleg kveldssol på veg nedatt!

Hallanger-Midtfjell

Kveldstur frå Hallanger og opp bratt sti til Midtfjell (1255m). Gløtt av sol i det me kom opp.

Vatnasete/Fletena

Rakk akkurat ein tur mellom to byger. Vestlandsværet er tilbake til normalen.
Fyrst opp Vindalsvegen til Vatnasete, så på sti over Fletene-Holven på turen tilbake.

Bømoen / Storåsen

Bømoen og Storåsen. Ein anelse våtare enn i går, men likevel fine forhold for stisykling.

Bømoen/Storåsen

Nokre rundar i Bømoen og Storåsen. Tørrare stiar enn forventa i dag.

Haugastøl-Finse

Sykkeltur tur/retur Haugastøl-Finse. Heilt bart på strekninga og rekordlite snø til være i midten av juni.

Måvotno/Vatnasete

Opp til Vetlavatnet/Måvotno og vidare på sti over til Vatnasete. Ein fin rundtur på varierte stiar/kjerrevegar i kupert terreng.