Desember 2017

Vardanosi, Jordalen

Tur til Vardanosi i optimalt pudderføre frå topp til botn. Litt flatt ljos, så i dag var dei siste 500 høgdemetrene med skogskøyring ekstra velkomne.

Liaset-Strutseggi

Fantastisk pudderføre jevnt fordelt heilt til toppen av Strutseggi (1137m)! Flott lys av månen på turen opp..mildt/vindstille på toppen.. og når forholdene er så bra som i kveld gjer det ikkje så mykje å måtte brøyte spor opp med tunge pudderplankar.

Vardanosi

Kveldstur til Vardanosi i Jordalen. Stort sett strålande pudderføre heilt til dei siste metrane før toppen! Botnlaust i skogen.

Bavallen - Horgaletten

To turar frå Bavallen opp utforløypa til Horgaletten. Flotte nystrigla (og folketomme) løyper på den fyrste nedkøyringa, rett før heisane opna. Mildt heilt opp.

Havås-Krokavassvegen

Ettermiddagstur mellom graut og pinnakjøtmiddagen, frå Havås og opp Krokavassvegen til "høgda" før Krokavatnet. Tre nedkøyringar i breie preppa spor til Havås. Føret vart betre for kvar tur etterkvart som snøen la seg i vegen. Tett snødrev og nokre cm nysnø øvst.

Bavallen-Horgaletten

Kveldstur til Horgaletten. Stjerneklart på turen opp. Regn, skodde og dårleg føre på veg nedatt.

Brekke-Tingsteinen

To nedkøyringar i strålande pudderføre frå Tingsteinen (764moh). Snøen låg upåvirka av vind frå Brekke (300moh) og heilt opp. I dag varma sola godt då me tok pause på toppen.

Bavallen - Hanguren

Kveldstur i ljosløypa frå Bavallen til Hanguren, på vinterens til no kaldaste dag.
Mobilfoto:

Sjusete(Ulvik)-Langetjørn

Kort kveldstur frå Sjusete(Ulvik) og til rett over tregrensa, 800moh. Flott pudderføre i skogen.
Geminidene(meteorsverm) stod for underholdninga i kveld, med fleire stjerneskudd i minuttet susande over nattehimmelen.

Mobilfoto:

Tjoflot-Oksebrekkene(Oksen)

Når det er fersk nysnø, vindstille og solnedgangen går rett ned i Hardangerfjorden, er det lite som kan sammenlignast med ein nærtur på ski til Oksen rett etter jobb. I januar, februar og mars i år vart det fleire slike turar der vær, føre og snøforhold klaffa maksimalt, med solnedgang på toppen og puddersvingar ned Oksebrekkene i ljoset frå den raude kveldssola - med panorama fjordutsikt.
I dag hadde eg visse forhåpningar om det samme sidan både storm og yr hadde meldt fine forhold. Vart møtt av flott nysnøføre frå Vindhovden og til eit lite stykke opp Oksebrekkene, men desverre avblåst og flatt ljos vidare opp lia. Når det i tillegg låg eit tynt skoddelag på toppen og sola hadde gått ned, valgte eg å snu rett før den siste stigninga mot toppen.

Stokksel-Nonfjell

Flott ettermiddagstur til Nonfjell. Avblåst og snøfattig over tregrensa, men veldig bra i Nonfjellskogen. Vakkert ljos i "blåtimen" på veg nedatt.

Stokksel-Nonfjellshytta

Puddertur i Nonfjellsskogen. Avblåst ovanfor Nonfjellshytta.

Osa-Osafjellsvegen-Viermyr

Kveldstur til Viermyr. Starta ved parkeringa/bommen og fulgte Osafjellsvegen opp til Viermyr. Tett snødrev og flott nysnøføre i scootersporet nedatt.

Bavallen - Slettafjellet

Formiddagstur frå Bavallen til Slettafjellet. Gløtt av sol i det me kom opp.