Oktober 2017

Onen (1621m)

Ettermiddagstur til Onen (1621m). Tett skodde og vindfullt siste kilometeren til toppen, men bra sikt og flott føre lenger nede. 5-10cm nysnø og god såle heilt fram til bilen. Såg mange fjellryper langs Osafjellsvegen, både flokkar og enkeltfugl, og fleire av dei tok seg god tid til ein liten fotosession..

Vatnasete (t/r)

Ettermiddags-/kveldstur til Vatnasete. Flott kveldshimmel på turen tilbake.

Ryssdalshorn (1201m)

Når ein køyrer E39 mot Sandane (Gloppen) legg ein lett merke til denne pyramideforma toppen, ein av dei mest populære toppturane i Sandane.
Starta med å sykle ein bratt skogsveg dei fyrste 500 høgdemetrene opp til Ryssdalsstølen. Vidare til fots, der deler av den bratte oppstigninga er lagt opp med wire.

Dragseidet - Måsekleivhornet

Starta frå Dragseidet og sykla over fleire høgdedrag til eg endte opp på Måsekleivhornet. Litt vått i terrenget i starten, men stien vart berre betre og tørrare etterkvart som eg nærma meg målet. Flott utsikt mot Sunnmørsalpane i nord, ut mot det åpne storhavet og rett ned Hoddevika. Fulgte dalen ned mot Drage og asfaltvegen tilbake til utganspunktet.

Storehaugen-Kaupanger/Kaupangerholten

Utforska diverse flytstiar i skogen ned mot Kaupanger og Kaupangerholten. Eit nettverk av flotte og varierte stiar å velge i.

Hamre-Seljenuten-Oksen

Nydeleg kveldstur til Oksen frå Hamre. Kom over toppen akkurat i det minuttet (kl 18:23) sola gjekk ned bak fjellene. Ein hare spratt opp omtrent samme stad som på turen for litt over to mnd sidan, no med kvit, tjukk vinterpels.. men denne gongen tok den seg ikkje tid til å la seg bli fotografert...

Skeiset

Opp bakkavegen til Skeiset, nedatt og tilbake om gamle jernbantunnelen ved Skjervet. Fin rundtur når det er såpass vått som i dag.

Stokksel-Ingebjørgfjellet

Skikkelig ruskavær, med regn/sludd og vind opp mot toppen

Vatnasete (t/r)

Kveldstur til Vatnasete og nokon timar med oppholdsvær. Tilbake om Haugse og på det som er å oppdrive av stisykling nedatt.

Onen 1621m.

Så var vinteren her, i alle fall høgt til fjells..
Rett og slett litt vinteridyll på veg innover mot Kvilingavatnet i dag.. med nysnø og sol frå blå himmel. To nedkøyringar frå Onen(1621m) ned brearmen som fører nesten heilt fram til Kvilingavatnet (1162m). Strålande føre med nokre cm oktoberpudder. Snølaget som kom for eit par dagar sidan har smelta og frose igjen og danna ein (relativt) bra såle som dekka over små og store steinar slik at det var mulig å komme seg heil(t) nedatt til bilen på ski..
Samme flotte forhold som i fjor på samme tid: http://turogfoto.no/foto-blogg/900-kvilingavatnet-onen
Turlogg 02.11.2016: http://turogfoto.no/foto-blogg/912-osafjellet-onen


Ulvikahøgda-Vestrheim-Åsen(Ulvik)-Bergo-Angerskleiv

Sykla først over Espelandsdalen og tok av på ein kjerreveg frå Aurdal over til Vestrheim. Så ein fin runde rundt "Åsen" i Ulvik ( (grusveg, traktorveg og litt sti). Tilbake over Bergo og Angerskleiv. Dette er kanskje ein av dei finaste rundturane her i området. Nydeleg vær utover dagen.

Måvotno / Stokksel

Sykkeltur til Måvotno (Tveito). Tilbake om Stokksel og anleggsvegen opp til mastene.

Bømoen

Nokre stirundar i Bømoen. Vått og sleipt i skogen.

Kvanndal-Kvanndalen

Fulgte stien som går langs Kvanndalselva nokre kilometer innover dalen