Juni 2017

Keiservarden opp og "Bodømarka rundt"

Starta med "Keiservarden opp" og sykla deretter "Runden". Svært flott tur som er innom mange av dei finaste flytstiane i Bodø. Eit virrvarr av stiar, så utan sporloggen frå trailguide.net hadde det vore vanskeleg å finne fram utan for mange stopp.
Sporlogg: https://trailguide.net/1041

Reine-Reinebringen(448m) | Bergland - Ryten (543m)

Reinebringen:
Morgontur til Reinebringen, eit lite fjell med stor utsikt. Turen vert omtala som direkte farlig (pga mykje lause steinar i det siste og brattaste partiet). Starta derfor tidleg for å unngå å ha altfor mykje folk framfor(og bak) i stien..
Ryten:
I kveld fekk me ein uforgløymeleg tur på sykkel ned frå Ryten til Bergland (kart). Iskald vind på veg opp den siste stigning, men me fekk fort varmen i oss på den lange nedkøyringa frå toppen.
https://youtu.be/ktmC5cG4x_o (Film frå 2016 av Tommy Amundsen, som viser deler av turen)

Smørdalskammen(437m) | Ryten(543m)

Smørdalskammen: Vart tipsa om ei alternativ rute nedatt, så då måtte denne turen prøvast på nytt!

Ryten: Starta frå Bergland. Planen i kveld var å gå med sykkelen heilt til toppen, men sidan stien var såpass våt la eg att sykkelen ved Einangsvatnet og gjekk resten av turen til fots. Vakker utsikt mot havet i vest! I morgon blir det nytt forsøk med sykkel, forhåpentligvis då med sol og tørre stiar!


Linndalsvatnet-Tuva(341m)-Skulbruheia-Leknes

Fin rundtur på 2 mil med raske og varierte stiar nordaust for Leknes sentrum.

Smørdalskammen (Lofoten)

Ein klassikar midt i Lofoten. Flott utsikt mot fjell, fjordar og små fiskevær. Flytsti på toppen og litt meir teknisk nede i skogen.

Urstabben, Junkerfjellet (Bodømarka)

Sykla diverse stiar nord og nordaust for Bodø by. Knusktørre flytstiar og midnattsol!

Nedre Skorset (Mugåsstølen) og Øvre Skorset

Stølstur til Nedre Skorset (Mugåsstølen) 600 moh. og Øvre Skorset 800 moh.

Flåm - Hallingskeid t/r (Rallarvegen)

Starta frå Flåm og kunne sykle uavbrutt (kun gjennom nokre små snøfenner) heilt fram til Hallingskeid. Deler av strekninga frå Hallingskeid til Seltuftvatnet er no i så "dårleg" stand, med stein, pukkstein og slagholer, at det kjem godt med å ha fulldempa sykkel.

Måkedalen (Voss)

Stølstur til Måkedalen (811moh)

Mobilfoto:

Vallavik-Eidfjord, Erdal

Formiddagstur frå Vallavik til Eidfjord i eit nydeleg vær. Sykla til Erdal på turen tilbake og fulgte ein traktorveg/sti langs Erdalselva nokre kilometer oppover dalen.

Bømoen/Storåsen

Nokre rundar i Bømoen og Storåsen rett før regnet kom for fullt.

Hamrevegen-Stokksel

Sykla Hamrevegen til endes. Tilbake om Stokksel og anleggsvegen opp til mastene. Ein fin tur med utsikt over store deler av øvre- og nedre Granvin.. og ikkje minst fjordutsikten frå Hamre.

Mobilfoto:

Bømoen / Storåsen

Nokre rundar i Bømoen og Storåsen. Stort sett tørre og fine stiar overalt. Fønvind!

Dolve-Kiseldur / Arhelleren-Hedlo

Stølstur til Kiseldur og Hedlo

Mobilfoto:

Angerskleiv-Bergo-Espelandsdalen-Fletena

Sykkeltur over gamle postvegen til Ulvik. Litt vått i stien opp frå Vatnaset til Angerskleiv men ellers fine forhold. Sykla over Fletena og ned traktorvegen mot Holven på turen tilbake over Espelandsdalen. Fin rundtur på varierande stiar!

Mobilfoto:

Espelandsvatnet

Ein liten tur i Espelandsvatnet som resulterte i to fine 200 grams fjellaure