Januar 2017

Tjoflot-Oksen

Ny flott tur til Oksen. Skyfri himmel og fjørlett pudder.

Tjoflot-Oksen

Ettermiddag-/kveldstur til Oksen. Nydeleg vær og føre! Skodda kom og gjekk og ga eit flott ljos på veg opp Oksebrekkene. 5-10cm pudder frå Vindhovden og heilt opp til toppen.

Mobilfoto:

Solsæ / Tjoflot-Oksen

Solsæ: Eg og Margit på formiddagstur til Solsæ. Veldig flotte løyper og rikeleg med snø i området!

Tjoflot-Oksen: Utnytta ettermiddagen med tur til Oksen. "Vårlig" og såpass varmt i lufta i dag at eg kunne gå utan lue og votter store deler av turen opp. Hardt, vindfullt og isete på toppen, men antydning til slusfjøre ned Oksebrekkene til Vindhovden.

Sjusete-Midtfjell

I kveld fekk eg og Robert ein av dei flottaste hovelyktturane på lenge! Ikkje like kaldt i lufta som i går.. og dermed endå raskare og betre pudderføre en tidlegare. Hadde ein "nesten-påkøyrsel" av fjellrype ned frå toppen som eg fekk fanga med gopro-kamera.

Mobilfoto:

Sjusete-Midtfjell

Topp vær, føre og stemning til Midtfjell i dag! Pudderføre heilt til toppvarden.

Stokksel-Oksen-Ingebjørgfjellet

Veldig vindpåvirka snø ned frå Oksen i dag. Iskald vind og ei stor sky som dekka for sola på store deler av turen. Men pudderføret i Nonfjellskogen var, om mulig, endå betre enn i går!

Stokksel-Oksen

"Ekstremværet" Vidar har etterlatt seg ein halvmeter med nysnjo i skogen og 10-20 cm over tregrensa. Veldig flotte forhold ned austflanken frå Oksen mot Oksetjørni. Godt å endeleg kjenne sola varme!

Bavallen-Horgaletten

Striregn og elendig føre både i og utanfor løypa. Den åpne bua på toppen av Horgaletten var ekstra god å ha i dag.

Bilete frå tidlegare tur:

Stokksel-Midtfjell

Omsider ein dag med sol og nydeleg vær. Tilnærma vindstille og OK føre. Herlig pudderføre i skogen opp mot "Skaret" (800m). Litt meir avblåst vidare opp, men med eit ørlite nysnølag oppå. Nydeleg solnedgang mot Sørfjorden på veg nedatt frå Midtfjell!

Liaset-Strutseggi

Ny flott kveldstur til Strutseggi. Tett snødrev og perfekt pudderføre ned den sørvendte flanken frå toppen.

Liaset-Strutseggi

Flott kveldstur til Strutseggi. Veldig bra pudderføre som stort sett låg upåvirka av vind heile vegen til topps! 30-40cm langs Olavstølvegen og 10-15cm vidare oppover. Ikkje eit vindpust på toppen.

Tverrlia, Vardanosi

20-30cm fjørlett pudder frå parkeringa og til eit godt stykke ovanfor tregrensa. To turar opp mot Vardanosi i flotte forhold. Den fyrste turen med breide Kuro-ski og den siste, til topps, med smale Cho Oyu-ski.. og det var vel ikkje tvil om at i dag var det pudderplankane som gjaldt!