2017

Vardanosi, Jordalen

Tur til Vardanosi i optimalt pudderføre frå topp til botn. Litt flatt ljos, så i dag var dei siste 500 høgdemetrene med skogskøyring ekstra velkomne.

Liaset-Strutseggi

Fantastisk pudderføre jevnt fordelt heilt til toppen av Strutseggi (1137m)! Flott lys av månen på turen opp..mildt/vindstille på toppen.. og når forholdene er så bra som i kveld gjer det ikkje så mykje å måtte brøyte spor opp med tunge pudderplankar.

Vardanosi

Kveldstur til Vardanosi i Jordalen. Stort sett strålande pudderføre heilt til dei siste metrane før toppen! Botnlaust i skogen.

Bavallen - Horgaletten

To turar frå Bavallen opp utforløypa til Horgaletten. Flotte nystrigla (og folketomme) løyper på den fyrste nedkøyringa, rett før heisane opna. Mildt heilt opp.

Havås-Krokavassvegen

Ettermiddagstur mellom graut og pinnakjøtmiddagen, frå Havås og opp Krokavassvegen til "høgda" før Krokavatnet. Tre nedkøyringar i breie preppa spor til Havås. Føret vart betre for kvar tur etterkvart som snøen la seg i vegen. Tett snødrev og nokre cm nysnø øvst.

Bavallen-Horgaletten

Kveldstur til Horgaletten. Stjerneklart på turen opp. Regn, skodde og dårleg føre på veg nedatt.

Brekke-Tingsteinen

To nedkøyringar i strålande pudderføre frå Tingsteinen (764moh). Snøen låg upåvirka av vind frå Brekke (300moh) og heilt opp. I dag varma sola godt då me tok pause på toppen.

Bavallen - Hanguren

Kveldstur i ljosløypa frå Bavallen til Hanguren, på vinterens til no kaldaste dag.
Mobilfoto:

Sjusete(Ulvik)-Langetjørn

Kort kveldstur frå Sjusete(Ulvik) og til rett over tregrensa, 800moh. Flott pudderføre i skogen.
Geminidene(meteorsverm) stod for underholdninga i kveld, med fleire stjerneskudd i minuttet susande over nattehimmelen.

Mobilfoto:

Tjoflot-Oksebrekkene(Oksen)

Når det er fersk nysnø, vindstille og solnedgangen går rett ned i Hardangerfjorden, er det lite som kan sammenlignast med ein nærtur på ski til Oksen rett etter jobb. I januar, februar og mars i år vart det fleire slike turar der vær, føre og snøforhold klaffa maksimalt, med solnedgang på toppen og puddersvingar ned Oksebrekkene i ljoset frå den raude kveldssola - med panorama fjordutsikt.
I dag hadde eg visse forhåpningar om det samme sidan både storm og yr hadde meldt fine forhold. Vart møtt av flott nysnøføre frå Vindhovden og til eit lite stykke opp Oksebrekkene, men desverre avblåst og flatt ljos vidare opp lia. Når det i tillegg låg eit tynt skoddelag på toppen og sola hadde gått ned, valgte eg å snu rett før den siste stigninga mot toppen.

Stokksel-Nonfjell

Flott ettermiddagstur til Nonfjell. Avblåst og snøfattig over tregrensa, men veldig bra i Nonfjellskogen. Vakkert ljos i "blåtimen" på veg nedatt.

Stokksel-Nonfjellshytta

Puddertur i Nonfjellsskogen. Avblåst ovanfor Nonfjellshytta.

Osa-Osafjellsvegen-Viermyr

Kveldstur til Viermyr. Starta ved parkeringa/bommen og fulgte Osafjellsvegen opp til Viermyr. Tett snødrev og flott nysnøføre i scootersporet nedatt.

Bavallen - Slettafjellet

Formiddagstur frå Bavallen til Slettafjellet. Gløtt av sol i det me kom opp.

Sjusete - Midtfjell

Stjerneklart, måneskin, vindstille og 20-30cm fjørlett pudder som (med nokre få unntak) låg jamnt fordelt nesten heilt opp. Det glitra i snøen av lyset frå månen. Ofte ligg snøen upåvirka av vind på denne sida av Midtfjell, medan resten av Oksenhalvøya kan ha heilt andre føreforhold.
No ser det ut til å bli værskifte og ei god stund til ein får like flotte forhold som det har vore den siste tida.

Bavallen - Lønahorgi

Kveldstur frå Bavallen til Lønahorgi. Vindfullt og avblåst mot toppen (som er litt typisk for turen til Lønahorgi) så tunnelen inn til masta var ekstra god å ha i dag. Flott pudderføre ned frå Horgaletten. Måneskin og stjerneklart.

Havås-Smøreggi

Me starta frå Havås og fulgte sporet frå i går til Smøreggi. Julekortstemning i skogen og utruleg flott pudderføre frå 400moh og heilt opp!

Havås-Smøreggi

Nye 15 cm og vinterens til no flottaste pudderdag! Fulgte Krokavassvegen frå Havås og tok av i lia opp til Smøreggi. Vakkert stemningsfullt ljos frå sola gjennom skyene det siste stykke opp mot toppen.

Havås-Håtjørn

Tur til Håtjørn. Frå vinterparkeringa på Havås øker det på til over ein meter med tørr nysnø opp mot Håtjørn, og alt har komme dei siste 2-3 dagane.

Stokkselvegen-Nonfjellshytta

Julekortstemning i skogen opp til Nonfjellshytta i dag.

Havås-Steinsethorgi

Tur til Steinsethorgi rett etter jobb for å nå i sola. Flott føre og nydeleg solnedgang på veg opp mot toppen.

Heiane(Tveito)-Vetlelia

Tur frå Heiane(Tveito) og opp gjennom Vetlelia mot Middagsvarden i slakt skogsterreng. Brotskare, så hadde skifellene på både opp og nedatt.

Haugseåsen-Groheller

Full vinterstemning med nesten ein halvmeter nysnjo frå Vatnasete til Groheller. Me snudde rett før toppen pga kraftig vind.

Strutseggi

Liaset-Strutseggi. Botnlaust med nysnjo frå Olastøl og vidare opp.

Osa(300moh)-Gerdanuten(1292m.)

Kveldstur til Gerdanuten(1292m) på Osafjellet. Godt over ein meter med nysnø øvste del av Osafjellsvegen og utruleg flott pudderføre!

Vardanosi (Jordalen)

Lite snø ved parkering, men ein tynn såle og 15-20 cm pudder lenger oppe i skogen og heilt opp. Samojedhunden i Jordalen møtte som vanlig entusiastisk opp på parkeringa og vart med til toppen, sjølv om den var litt ute av form, tok mange pausar, og stort sett gjekk bak i sporet...
Vakkert "novemberljos" på toppen!

Hamre-Seljenuten

Kveldstur til Seljenuten og rett oppunder Oksen. Flott og lang solnedgang på turen opp.
Traff (bokstavelig talt) på ei fjellrype rett etter eg snudde.. den sneia jakka mi i det den - godt gøymd i snøen - plutseleg letta og kom rett imot meg, truleg blenda og forvirra av ljoset frå hovelykta..

Vatnasete (t/r)

Opp til Litlastøl/Vatnasete. Tilbake om Trohaugen-Hause.

Hamre-Seljenuten-Oksen

Flott måneskinstur frå Hamre til Oksen. På veg nedatt såg me ein nysgjerrig, vinterkledd røyskatt i ljoset frå hovelyktene. Den poserte litt for oss før den pilte nedover lia..

Onen (1621m)

Ettermiddagstur til Onen (1621m). Tett skodde og vindfullt siste kilometeren til toppen, men bra sikt og flott føre lenger nede. 5-10cm nysnø og god såle heilt fram til bilen. Såg mange fjellryper langs Osafjellsvegen, både flokkar og enkeltfugl, og fleire av dei tok seg god tid til ein liten fotosession..