Nok ein nydeleg vinterdag! I dag låg det strøken stålis på Kvilingavatnet, noko som korta inn lengda på turen opp.
Det perfekte pudderføret tidlegare i veka hadde forsvunne fullstendig. Iskald vind oppover mot toppen, og heller ikkje spesielt mykje varme å hente frå sola. Likevel bra føre i "renna" på veg nedatt.