Mobilfoto:
Flotte værmeldingar for langtur på sykkel. Tok bussen frå Bu til Haugastøl, og sykla Rallarvegen til Myrdal/Upsete og vidare til Voss/Granvin. Ein fantastisk flott dag, klarvær, sol og varmt, og god sikt.
Mobilfoto
Sykla over Espelandsdalen til Ulvik og vidare til Tjoflot. Så til fots (med sykkelen på slep..) over til Hamre og Granvin. Flott rundtur i nydeleg vær og "panorama" fjordutsikt frå start til stopp!
Nydeleg vær, sol og vindstille.. og eit av dei få fjella omkring som det ikkje låg tjukk skodde på denne ettermiddagen.
Sykkeltur over Espelandsdalen til Osa og eit stykke oppover Osafjellsvegen mot Viermyr. Me kom tilbake rett før det verste regnet satte inn.
Kveldstur i varmt og fint vær over Angerskleiv, ned til Furesete(litt vått og sleipt) og oppatt til Bergo. Tilbake over Espelandsdalen og Heiane.