Juni 2016

Kajakktur, ekstremsportveko (Vangsvatnet)

Kajakktur i Vangsvatnet under ekstremsportveko

Snøheimvegen, Dovrefjell

Sykla frå Hjerkinn og innover Snøheimvegen til DNT-hytta "Snøheim". Planen var å gå vidare til Snøhetta, men tett skodde gjorde at eg ombestemte meg. Uansett ein fin tur, med moskus på nært hald som turens høgdepunkt.


Rallarvegen: Flåm - Hallingskeid

Årets fyrste tur over Rallarvegen. Starta frå Flåm og kunne sykle uavbrutt fram til Høghellervatnet(1158moh) der det vart litt vel tett mellom snøfennene.


Hamre-Seljenuten-Oksen


Horganipen, Nesheimshorgi

Tur til Horganipen og Nesheimshorgi.

 

Mobilfoto:


Onen/Kyrelvfjellet, Osafjellet

Tilbrakte dagen på Osafjellet, med skitur til Onen og Kyrelvfjellet. Truleg sesongens siste skitur.. nydeleg vær og flott føre!


"Lofthus rundt", Hardanger Fjellsti (munketrimmen)

Kveldstur opp munketreppene og eit stykke innover Hardangervidda. Nedstigning langs Frøyneslia, i solnedgang og "intens" varme.  Teperaturen målte 19 grader då me var nede att ved bilen, kl 24! Ein veldig flott rundtur, som me kom fram til burde kallast "Lofthus rundt"! 
Turinfo: http://www.ut.no/tur/2.14618/


Osafjellet

Tok turen til Osafjellet og kunne parkere bilen heilt oppe på ca 1000moh (før vegen var dekt av snø). Gjekk opp på Gerdanuten, med flott utsyn innover mot Hardangerjøkulen. Vart sittande lenge i kveldssola på toppen. Varmt og vindstille.


Hamre-Oksen-Selstad

Starta frå Hamre og gjekk via Seljenuten til Oksen, nedatt på nymerka sti frå Oksetjørn til Selstad.

Angerskleiv, Kvasshovden

Sykla til Angerskleiv og gjekk vidare til Kvasshovden

Angerskleiv

Kveldstur til Angerskleiv

Horganipen, Nesheimshorgi

Sykla til Havås og Skålsete, vidare til fots opp Horgastien til Horganipen og på fast og fin snø til Nesheimshorgi. Nedatt om Bilde til Nesheim. Flott rundtur! Skyfri himmel og akkurat passe varmt.

Solsæ, Jonstøl

Sykla til Solsæ og vidare til Jonstøl (siste delen til fots). Mykje vær på turen.. sol, yr og vind.. og ei kraftig regnbyge på tilbaketuren

Mobilfoto:

Undredal, Aurlandsfjorden, Stigen

Tok turen til Undredal og vidare til Stigen gard

Angerskleiv, Børsheim

Sykla over Angerskleiv til Børsheim og ned til Ulvik. Varmt og fint!

Eidfjord-Kjeåsen

Flott tur i kajakk frå Eidfjord og vidare til fots til Kjeåsen!

Mobilfoto:

Søre Krossfonnuten

Starta frå Reinsnosvatnet og kunne fyrst ta på skiene etter å ha gått ein times tid til fots. OK føre.. men litt vekslande vær på turen opp mot toppen.

Kajakktur rundt Oksenhalvøya

Padla frå Vallavik til Granvin. Maks heldig med vindforholdene, blikkstille heilt fram til eg skulle runde neset inn mot Granvinsfjorden, der eg fekk medvind vidare innover.

Mobilfoto: