Mars 2016

Kveldstur, Tjoflot-Oksen

Kveldstur til Oksen. Eit par cm med nysnø i Oksebrekkene.


Stokksel-Ingebjørgfjellet

Samme ruta som i går, men endå betre føre til tross for at vinden herja som verst i fjellet. Me fekk raskt slusjføre frå topp til botn!


Stokksel-Ingebjørgfjellet

Sterk vind og litt hardt føre mot toppen, men perfekt slusjføre frå Nonfjell og heile vegen nedatt til bilen! Nydeleg vær!


Espelandsfossen-Sauanuten-Olastøl

Me starta frå Espelandsfossen og gjekk i våt, tung snø til Sauanuten 1349m.  I det me nærma oss toppen vart det væromslag med gløtt av sol og god sikt heile vegen nedatt til Olastøl. Flotte pudderforhold over 700moh


Nesheim-Håtjørn-Krokavatnet

Starta frå Nesheim og gjekk i 5-10 cm nysnø til Håtjørn og vidare til Krokavatnet. Kaffi- og matpause på hytta!


Sjusete-Midtfjell

Utruleg flott dag i fjellet! Eit par cm pudder og optimale forhold frå toppen og ned til skoggrensa.


Tverrlia/Vardanosi (Jordalen)

Vardanosi med fjellsportgruppa. Litt varierande vær og føre, med skodde og null sikt på toppen, men flott skogskøyring nedatt til parkeringa!


Mykkeltveitveten

Ettermiddagstur til Mykkeltveitveten


Nyestølen, Flatafjellet

Tur innover til Nyestølen og vidare til Flatafjellet


Liaset-Olsskavlen

Liaset-Olsskavlen. Ubeskriveleg flott solnedgang frå toppen og bra slusjføre stort sett heile vegen ned til parkeringa!


Stokksel, Verkadalsnuten, Oksen, Ingebjørgfjellet

Så kom våren!
Nydeleg ettermiddags-/kveldstur til Oksen frå Stokksel, tilbake over Ingebjørgfjellet.
Var heldig og kom til toppen rett før solnedgang! Slusfjøre ned mot Oksetjørni, men litt meir vindpåvirka mot Nonfjell og Stokksel.


Skårasalen

Skårasalen 1542moh.

Retur ned Lisje Skåradalen til Skår, og ferje tilbake til Sæbø. Storslått utsikt over Sunnmørsalpane på begge sider av Hjørundfjorden.


LItjtinden/Litletinden 1239moh

Gjekk frå Bjørdalen via Grøthornet til Litletinden. Vidare til fots bratt opp mot toppen.


Groheller

Ettermiddags-/kveldstur, Haugseåsen-Groheller-Tveito. Nydeleg vær og silkeføre!


Liaset-Sauanuten

Liaset-Sauanuten (1320moh). Iskald nordavind frå Stavaskarsnuten og vidare til Sauanuten, me slo derfor raskt ifrå oss planen om å fortsette vidare til Olsskavlen.

Gygrastolen

Gygrastolen frå Ænes. Sol, vårvarme og heilt vindstille på toppen! Antydning til slusjføre ned den flotte nordflanken.