Februar 2016

Velkesfjellet/Kvasshovden

Velkesfjellet/Kvasshovden. Vindstille, sol og svært flotte forhold!

Velkesfjellet

Ettermiddagstur til Velkesfjellet. Nydeleg føre heilt til topps!

Verkadalsnuten

Eg og Audun gjekk frå Stokksel mot Verkadalsnuten. For tett skodde til å gå vidare mot Ingebjørgfjellet.

Verkadalsnuten

Tett snødrev på formiddagen og knallflotte forhold på ettermiddagstur til Verkadalsnuten frå Stokksel


Haugseåsen - Velkesfjellet

Me starta frå Haugseåsen og gjekk eit stykke opp mot Velkesfjellet. Minst 20-30cm nysnø sidan i går!
To liryper hadde gravd seg ned i snøen og berre hovudet stakk opp i det me fekk auge på dei. Dei lot oss komme så nær som 2-3 meter og me fekk god tid til å knipse bilder.


Stokksel - Nonfjell

Puddertur til Nonfjell. Omlag 50-60cm fjørlett nysnjo har komme siste to døgn. Utruleg flotte forhold!


Solsæ

Solsæ


Tverrlia, Jordalen

Tverrlia i Jordalen. Litt vindpåvirka og flatt ljos øverst, men strålande pudderforhold lenger nede.


Bilde-Grostøl

Gjekk frå Bilde og fulgte sommarruta som går i skogen opp mot Grostøl, vidare til rett oppunder Horganipen.

Oksen frå Stokksel

Måneskinstur til Oksen (frå Stokksel). Overraskande flott føre, med 5 cm pudder som stort sett har fått ligge upåvirka av vind siste veka, og som låg jamnt og fint nesten heilt ned til Stokksel!


Ingebjørgfjellet frå Stokksel

Ettermiddagstur frå Stokksel til Ingebjørgfjellet. Denne fjellsida må ha vore fullstendig upåvirka av vind dei siste dagane.. for det ligg framleis 5-10cm pudder heile vegen opp. Fullstendig vindstille og skikkelig varmt på toppen.
Mobilfoto:


Horndalsnuten frå Skår

Me starta frå Skår og hadde plan om Seldalsnuten, men etter litt fram og tilbake endte me opp med Horndalsnuten. Flott tur i eit nydeleg vær!


Midtfjell, Dosafjellet

Ettermiddagstur til Midtfjell. Nedatt til Dalsete og tilbake over Dosafjellet. Blikkstille på toppen av Midtfjell men litt meir avblåst og uforutsigbart føre enn tidlegare i veka.

Stokksel, Oksen, Ingebjørgfjellet, Dalsete

Etterlengta solskinsdag og fridag. Gjekk frå Stokksel til Oksen, tilbake om Ingebjørgfjellet og nedatt til Dalsete. Hadde ikkje dei heilt store forhåpningane om bra føre.. men frå Stokksel og vidare opp låg det 5 cm med tørr upåvirka nysnø oppå mjuk skare. Veldig flotte snøforhold, spesielt ned nordaustsida av Oksen og Ingebjørgfjellet. Varmt i sola og stort sett vindstille.

Sporlogg


Tverrlia, Jordalen

Kveldstur til Tverrlia i Jordalen. Fantastisk flott pudderføre! To turar, den siste frå litt over trengrensa (på ca 850moh)

Sporlogg

Videoklipp frå den siste turen ned:

 


Njuk

Kveldstur frå Såkvitno til hytta på Njuk, frå tysdag til onsdag. Klabbeføre deluxe på turen opp, men flott vær og føre neste dag.