Såkvitno-Njuk: Nye 40cm med snø. Gjekk frå Såkvitno til Njuk, der det vart kaffipause i hytta. Gløtt av sol, flott vinterstemning og snøtunge tre oppover traktorvegen og vidare til hytta. Mobilfoto:
Stokksel-Nonfjell: Med så flotte forhold som no måtte det bli ein tur til. Gjekk frå Stoksselvegen mot Nonfjell og snudde når det byrja å bli litt avblåst på ca 900moh, samme stad som i går. Men i motsetning til i går vart det tett snødrev i det eg skulle nedatt, så sikta var tidvis dårleg, men snøen kanskje endå bedre no.
Snøtunge tre og julekortstemning opp mot Nonfjell
På veg opp mot Nonfjell. Øvre-Granvin i bakgrunnen