Desember 2015

Hamre - Seljenuten - Middagsnuten

Ettermiddagstur til Middagsnuten via Seljenuten


Njuk

Trugetur til Njuk


Stavaskarsnuten frå Liaset

Frisk og vindfull tur til Stavaskarsnuten. Uheldigvis kom det skodde innover då me nærma oss toppen, slik at det vart flatt ljos på nedkøyringa. Veldig skavlete (litt isete) nedatt mot Stavaskar.. men OK føre vidare ned.


Ingebjørgnuten frå Stokksel

Etterlengta solskinsdag!
3xHaugen 2xTaskjelle 1xHausnes 1xVoss og 1xOsa på tur til Ingebjørgfjellet. Litt avblåst på toppen men fine pudderforhold i skogen.


Liaset, Olastøl, Strutseggi

Flott tur i fullmåneskin, frå Liaset til ein av "fortoppane" før Strutseggi. Bra nysnøføre i skogen.. men avblåst opp mot toppen.


Verkadalsnuten

Godt med litt frisk luft mellom grauten og pinnakjøtmiddagen. Gjekk til Nonfjell og vidare til Verkadalsnuten.
Etter den voldsomme snøsmeltinga den siste veka kan ein no parker heilt opp med Stokksel. Oppholdsvær, sterk vind frå søraust og 6-7 plussgrader. Litt sugeføre heilt øverst.. men ellers bra frå Nonfjell.

https://www.instagram.com/p/_rhg__LtH5LX2tJAVS8Ae2AnkZQS5VwcGkK3A0/


Olastøl

Kort ettermiddagstur til Olastøl frå Liaset. Nysnø og tett snødrev over 600m.


Liaset-Olastøl

Kveldstur til Olastøl. Lett regn i lufta.. og ikkje heilt uventa sugeføre (og etterkvart eit veldig klabbeføre), men heldigvis bra gli så lenge eg holdt meg i scootersporet/skisporet nedatt Olavstølvegen.


Stokksel, Dalsete, Dosafjellet

Med det været som er meldt ifrå kvelden av og vidare innover i jola blir det nok ei stund til snøforholda er som dei har vert den siste veka.
Starta derfor tidleg i dag for å få best mulig føre.. og vassa i 20-30cm lett og luftig snø frå Stokksel til Dalsete. To nedkøyringa i pudderføre frå Dosafjellet i det sola kom opp over Storeflåtten i sør. Ubeskriveleg bra føre på den siste nedkøyring i den tette skogen mot Stokkselstølane.


Stokksel-Ingebjørgfjellet (nordlys, stjerneskudd=

Flott kveldstur til Ingebjørgfjellet, med nordljos og stjerneskudd over himmelen (meteorsvermen Geminidene krydra himmelen med fleire stjerneskudd i minuttet på det mest intense). Fullstendig vindstille på toppen og 30-40cm fjørlett pudder nedatt frå Nonfjell.


Stokksel-Ingebjørgfjellet-Nonfjell

 Nok ein flott vinterdag. Julekortstemning og 30cm pudder i skogen opp til Nonfjell. Litt meir avblåst vidare opp mot toppen. To nedkøyringar, den første mot Stokkseldalen og den andre frå Nonfjell.


Stavaskar

Kveldstur til Stavaskar. Regn heime men tett snødrev og full vinter i fjellet.
Holdt på å bli truffen av ei fjellrype på veg opp. Den kom rett imot meg, kanskje blenda av det sterke ljoset frå hovelykta. Og sidan eg høyrde på musikk på iPoden merka eg det ikkje før noko kvitt plutselig kom flaksande rett imot..


Havås-Nautastien

Tur frå Havås og opp Nautastien rett etter jobb. Brotskare og dårleg skiføre..
Hadde tru på at det ville være nysnø frå Håtjørn og vidare.. men det var ikkje antydning til bedring høgare opp. Flott rosafarga himmel etter solnedgang.


Liaset-Olastøl-Olavstølnuten

Nok ein dag med nysnø. Snudde eit godt stykke før toppen pga tedd snødrev og dårlig sikt, og fordi det byrja å myrkne... men i det me hadde tatt av fellene og gjort oss klar for nedkøyringa klarna det heilt plutseleg opp.


Liaset-Stavaskarsnuten

Gjekk frå Liaset til Stavaskarsnuten. Litt våt nysnø på veg opp til Olastøl, men overraskande bra forhold med 5-10 cm tørr nysnø opp til Stavaskarsnuten på 1258 moh. Stjerneklart og vindstille. Sporlogg

Mobilfoto:


Liaset-Olavstølnuten

Gjekk frå Liaset til Olavstølnuten (1137moh). 50cm fjørlett pudder nesten heile vegen opp. Dei neste dagane er det meldt mildvær og regn.. så det blir nok lenge til ein får slike forhold att. Sporlogg