Oktober 2015

Hamre, Seljenuten, Solnedgang

Gjekk frå Harme til Seljenuten. Solnedgang frå Seljenuten kl 17:45

Olastøl, Stavaskar

Ettermiddagstur til Stavaskar frå Olastøl. 10-15 cm med snjo over 700moh.

Seljenuten

Eg og Margit på kveldstur/hodelykttur til Seljenuten frå Hamre.


Stokksel, Dalsete, Disk

Formiddagstur til Dalsete og vidare til Disk (1182m). Hadde ikkje store forventningar til at det skulle bli sol i dag, men på toppen klarna det opp og sola kom fram!

Bjørndalen, Stokksel

Tur til Bjørndalen vidare over Nonfjell og til Stokksel. På sykkel nedatt til bilen. Fin rundtur, men veldig vått utanfor stiane.


Granvinsfjorden, Hamre

Ettermiddagstur i Granvinsfjorden til Hamre. Blikkstille. 2 niser fulgte etter kajakken eit stykke på veg mot Folkedal.


Steinsethorgi

Tur til Steinsethorgi i flotte haustfargar og skyfri himmel.


Stokksel, Ingebjørgfjellet, Dalsete,Midtfjell

Fantastisk flotte haustfargar i fjellet no! Starta på ettermiddagen og gjekk til Ingebjørgfjellet, nedatt til Dalsete og så bratt oppatt til Midtfjell. Lang og fin rundtur langs knusktørre stiar og frosne myrer, fullstendig vindstille på toppane og nydeleg solnedgang på veg tilbake til bilen, som stod parkert på Stokksel.


Granvinsfjorden, Hamre, Kvandal

Padla ut Granvinsfjorden til Hamre i ettermiddagssol. Vindstille og blikkstille i fjorden.


Horgastien,Horganipen, Nesheimshorgi, Nautastien

Tur opp Horgastien til Horganipen og vidare til Nesheimshorgi. Nedatt Nautastien. Sol frå blå himmel!


Nonfjell

Kveldstur på sykkel opp til Stokksel. Vidare til fots mot Nonfjell.

Nesheim, Horganipen, Njuk

Fin rundtur opp Nesheimshagane i flotte haustfargar til Horganipen 1035moh og Njuk. Nedatt om Spildo. Fortsatt så mykje store, modne og gode blåbær at det ikkje var nødvendig med niste på turen..


Trollstigen


Åndalsnes, Nesaksla, Høgaksla

Kveldstur frå Åndalsnes sentrum til Nesaksla og vidare til Høgaksla 981moh.
Vindfullt og kaldt.. men nydeleg solnedgang frå toppen.

Utsikt over Åndalsnes og Romsdalsfjellene frå "Rampen" -> http://www.andalsnes-avis.no/nyheter/article9341143.ece


Geituri, Kvasshovden, Velkesfjellet

Vart med Jo Bjørnar og Rannveig frå Dale til Geituri. Vidare til Kvasshovden - Velkesfjellet - Vatnasete - Haugseåsen. Fullstendig skyfri himmel denne fyrste dagen av haustferien.

Ein liten filmsnutt..


Solsæ, Ljoneskrulen, Vassfjøro

Sykla frå Sotenos og til Solsæstølane, vidare til fots mot Ljoneskrulen og til toppen av Vassfjøro. Nedatt om Jonstøl. Har aldri nokongong opplevd så mykje snø på toppen.. og kunne stort sett skli på beina dei 400 høgdemetrene ned mot Sauabotn.
Nydeleg vær, flotte haustfargar, god sikt og vindstille i fjellet! Sporlogg