September 2015

Nonfjell-Dalsete-Stokkseldalen

Flott ettermiddagstur til Nonfjell (nesten til Ingebjørgfjellet) og nedatt mot Dalsete. Vidare på fin sti til Stokksel.


Olastøl, Skålsete

Reiste opp til Skålsete (Olastøl) på søndagskvelden med store forhåpningar om å få sett "blodmånen/supermånen" i løpet av natta.. men i 04-tida på morgonen var det desverre fullstendig overskya.. og ingenting å sjå av den gradvise formørkinga av månen.


Osafjellet, Langavatnet

Lavvotur ved Langavatnet på Osafjellet frå fredag til søndag.

Lørdagen var prega av skodde, nedbør og lågt skydekke, så dagen gjekk stort sett i film på iPad og lesing av bok. Planen for søndagen var å gå til Onen, men pga tett skodde på toppen var det ikkje mulig å komme heilt opp. Det vart istaden ein kortare tur til Kyrelvfjellet. Nysnø over 1300moh.


Selstad - Oksetjørni - Seljenuten - Hamre

Ettermiddagstur frå Selstad til Oksetjørni/Larsbu. Nedatt om Seljenuten og til Hamre. Ein av dei varmaste dagane på lenge.. og flotte haustfargar i fjellet!
Sporlogg

Nordrekvål, Klondyke, Lønahorgi

Starta frå Nordrekvål i 17-tida og gjekk "Klondyke Opp" og vidare til Lønahorgi 1410moh med Jack Russell Terrier´en "Lykke". Varmt og nydeleg vær heilt til toppen. Solnedgang og flott halvmåneskin på turen nedatt.


Osafjellet, Langavatnet, Rembesdalsseter

Kajakktur over Langavatnet (på Osafjellet) og vidare til fots på DNT-merka sti til Rembesdalsseter.

Kajakktur over Langavatnet (på Osafjellet)


Olastøl-Fagnastøl-Seldalen-Olsskavlen

Starta frå Olastøl og gjekk over til Fagnastøl opp Seldalen og vidare til Olsskavlen 1576m. På veg nedatt (om Stavaskarsnuten) byksa det ut ein stor og flott kronhjort, men forsvant over Sauanuten og ut av syne lenge før eg var klar med kamera..
Var heldig og hadde opphaldsvær og sol stort sett heile turen, for rundt meg gjekk det fleire tunge regnbyger å trua.

Sporlogg Heldigvis gjekk det bra med denne sauen då den skulle krysse ei snøbru ved Stavaskar


Tjoflot/Djønno - Oksen - Seljenuten - Hamre

Tur frå Tjoflot til Oksen og vidare til Hamre.
Fleire bilder+tekst kjem

Skiple - Horndalsnuten - Skaftedal

Eg og Maria på ettermiddagstur frå Skiple til Horndalsnuten. Nedatt fin sti mot Modalsvatnet, vidare til Steindro og til Skaftedal der den andre bilen stod parkert. 


Olastøl - Olsskavlen

Nydeleg tur frå Olastøl til Olsskavlen (1576moh). "Shorstvær", vindstille og varmt på toppen, kl 19 på kvelden! Solnedgang frå parti mellom Sauanuten og Olsskavlen


Stokksel, Nonfjell, Kveldstur

Kveldstur til Nonfjell rett før sola gjekk ned. Vindstille og varmt i lufta!


Fivlingane, Middagsnuten, Eidfjord

Frå vestsida av Eidfjordvatnet går det ein bilveg heilt opp til 800moh. Gjekk inn til Fivlingen og vidare til Ruvlanutane og Middagsnuten, med flott utsyn rett ned mot Eidfjord sentrum.


Horganipen

Tur opp Horgastien til Horganipen.

Midtfjell, Disk

Ettermiddagstur til Midtfjell frå Stokksel.