August 2015

Klondyke frå Eenstunet

Eg og Cecilia gjekk frå Eeenstunet til Klondyke (1091 moh) og kom på toppen rett etter solnedgang. Litt vått og sleipt nedatt lia.. og når me kom i skogen måtte me fram med lommelykta (=mobiltelefonen..) for å kunne sjå kor me skulle gå. Me brukt nok lenger tid på turen nedatt enn opp..


Stavaskarsnuten, Sauanuten

Ettermiddagstur frå Olastøl til Stavaskarsnuten og Sauanuten


Slondalen, Bruåni

Teltur i vakre Slondalen (Bruåni) på Mjølfjell. På turen opp mot Slondalen vart me møtt av bunadskledde- og bryllupsklare vossingar.


Haugseåsen, Angerskleiv, Ulvik, Bergo

Toril, Linda og eg sykla frå Haugseåsen over Angerskleiv til Lindebrekke og vidare til Ulvik. Tilbake over Bergo. Flott sykkeltur og nydeleg vær!

Mobilfoto:


Ingebjørfjellet (med overnatting)

Overnatting under åpen himmel på Ingebjørgfjellet. Nydeleg solnedgang og soloppgang!

Sjølv om snøen har minka mykje siste vekene er det framleis nokre parti med snøfenner frå toppen

Gauro, Jonstøl, Vetle Vassfjøro

Kveldstur frå Gauro (i Ulvik) til Vetle Vassfjøro. Ned fin sti mot Olstølen til Jonstøl. Hadde plan om å gå til Vassfjøro i dag, men fortsatt store snømengder og smelteelver med usikre snøbruer ville gjort det vanskeleg å komme opp.


Jonstøl, Kristinuten

Tur til Jonstøl og vidare til parti under Kristinuten

Moltetur

Årets fyrste moltetur


Hamre, Seljenuten, Oksen

Eg og Cecilia tok turen frå Hamre til Oksen i nydeleg sommarsvær! Og på rumpeakebrett nedatt frå Oksen neste dag..:)


Bunuten

Flott ettermiddagstur til Bunuten (1019 moh).  Sykla frå Vallavik over Hardangerbrua og vidare til fots bratt opp vestsida av fjellet (frå Ytre Bu). Nedatt Bugjellet til  Indre Bu.  


Geituri, Kjerringafjellet, Kvasshovden

Kveldstur frå Dale til Geituri, Kjerringafjellet og Kvasshovden. Deler av stien opp til Geituri er øydelagt av vinterens enorme snømengder.. så eg måtte gå ei alternartiv rute opp til Geituri og kom over ei flott moltemyr på turen nedatt.


Hamre, Oksen

Rask tur til Veten (Oksen) frå Hamre rett etter jobb. Var maks heldig med været, for rett etter at eg hadde komme tilbake og satt meg i bilen kom det ei kraftig regnbyge innover fjorden.. 


Hamre, Seljenuten, Oksen, Oktasjørni, Larsbu

Flott kveldstur frå Hamre via Seljenuten og vidare til Oksen, nedatt Verkadalen til Djupeviki. På turen tilbake vart eg invitert inn på kaffe og kaker i selet på Larsbu (ved Okstatjørni) og vart sittande der ei stund utover kvelden. Når eg i tilegg klarte å bomme litt på stien mot slutten kom eg meg ikkje heimatt før lenge etter at det hadde blitt mørkt..


Hamre, Seljenuten

Eg og Jo Bjørnar tok turen frå Hamre til Seljesete og vidare oppunder Oksen.


Sotenos, Solsæ, Solsævatnet, Jonstøl

Tur på sykkel inn til Solsæstølane og vidare til fots til Jonstøl.

Mobilfoto: