Mars 2015

Såkvitno - Njuk - Nesheimshorgi-Nautastien

Nautastien i Granvin from Kjartan on Vimeo.


Skår - Seldalsnuten

Tur frå Skår til Seldalsnuten (nesten på toppen). Nedkøyring sørvest i retning mot Odden/Fagnastøl. Stort sett bra slusjføre dei 600 øverste høgdemetrene, men parti med brotskare dei siste 2-300.

Skaftedal - Horndalsnuten

Kveldstur frå Skaftedal til Horndalsnuten. Nydeleg vær og tilnærma vindstille på toppen.

Stokkseldalen, Dalsete, Ingebjørgfjellet, Midtfjell

Starta frå Stokksel i 17-tida på fredag i lett regn og sluddvær, og gjekk innover Stokkseldalen til Dalsete. Slo opp telt heilt i enden av dalen, i 20cm med nysnø, og med flott utsyn innover mot Eidfjorden, Hardangerbrua og Bu. I åttetida på kvelden hadde det allereie rukke å bli stjerneklart og vindstille!
Vakna dagen etter til skyfri himmel og nydeleg soloppgang i 06:30-tida. Det vart fyrst ein tur opp i lia mot Midtfjell og deretter to turar på Ingebjørgfjellet. Den første gjekk opp austsida og nedatt til Stokksel, og så ein ny tur med Jo Bjørnar, Jarle, Nina, Knut, Heine og Håkon.

Liaset - Strutseggi

Gjekk frå Liaset til Strutseggi. Fin slusjsnø nesten heilt til topps. Såg ein rypeflokk på 4 rett før toppen.

Verkadalsnuten

Sjeldan har eg opplevd såpass stor økning i vindstyrken som på turen i dag. Starta i 17-tida frå Stokksel og gjekk i retning mot Bjørndalen og til Verkadalsnuten der eg fekk utsyn vestover mot Hardangerfjorden. Tilnærma vindstille dei fyrste 3-400 høgdemetrene.. men godt over 20 m/s (liten storm) frå Nonfjell og vidare.

Etter å ha fått av skifeller i ein fart og klargjort for turen nedatt kom sola plutselig fram mellom skydekket i vest, som ei intens rosa oransje kule, før den kort tid etter forsvant bak fjellene.

Stokksel, Skaret, Troppefjellet

Tok turen til Stokksel, opp Skaret og til like under Troppefjellet. Sol frå blå himmel i dag!
Hadde som mål å gå til Midtfjell, men sterk vind og snøføyk gjorde at eg valgte å snu. Litt vekslande føre (isete og avblåst), men bra i den åpne skogen nedatt mot Stokksel.

Liaset, Reinsgrønut

Gjekk frå Liaset (i Espelandsdalen) til Reinsgrønut etter jobb. På veg opp mot Olastøl var det nesten som om sola prøvde å bryte gjennom det tynne skylaget. 2-3cm fin pudder frå topp til botn.

Liaset - Strutseggi

Formiddagstur frå Liaset til Strutseggi.
10-15cm med fin nysnjo frå topp til botn. Litt vekslande vér, skya med litt sol innimellom. Snudde omlag 100 høgdemeter frå toppen og var heldig å få sol og god sikt på turen nedatt. Nede ved bilen var skodda alt kommen tjukk over toppane..

Ingebjørgfjellet

Fridag og tur til Ingebjørgfjellet.
30cm tørr nysnø av beste kvalitet som hadde komme i løpet av det siste døgnet, og sol frå lettskya himmel på turen opp. Desverre vart det raskt tilskyande rett før toppen, noko som resulterte i veldig flatt lys under nedkøyringa. Ein stor rypeflokk på over 12 letta lika foran meg på turen nedatt ved skoggrensa.

02.03.2015

Rett etter jobb i dag snudde været om og sola kom tilbake. Perfekt pudderføre frå 500moh og vidare oppopver mot Nonfjell. Snudde rett før Ingebjørgfjellet pga eit skoddelag som låg tjukt over toppen.
I dag var det kun GoPro-kamera som var med i sekken.. minnekortet til det andre kamera låg desverre att heime..