Februar 2015

Reinsdyrflokk på Groheller (Granvin)

Tur frå Haugseåsen til Vatnaset i nytrakka spor. Vidare i lett snødrev opp til Groheller.
Me fekk oss eit flott (og uventa) møte med ein reinsdyrflokk på 13 stk. på turen nedatt.

27.02.2015

Eg og Jo Bjørnar på formiddagstur frå Havås til rett under Horganipen. Nedatt til Taskjelle i fin nysnø og flotte forhold. Gløtt av sol både på turen opp, og nedatt.

21.02.2015

Tur til Stokksel, Nonfjell og vidare mot Ingebjørgfjellet med Jo Bjørnar, Anne-Mari og Jarle. 30-40 cm med tørr nysnjo og veldig bra føre nedatt frå Nonfjell. Me snudde rett før toppen pga tett skodde.

Nautastien

Turen i dag gjekk frå Havås, rett opp i skogen mot Storemyr og til øvste del av Nautastien. Svært avblåst og hardt føre.. så det var urå å fortsette vidare til Nesheimshorgi.

14.02.2015 - Oksen / Ingebjørgfjellet

Vinterens fyrste tur til Oksen (1242 moh.)
Veldig bra pudderføre i austvendte heng, og nedkøyringa frå Oksen mot Oksatjørni var kanskje noko av det beste eg kan hugse, 10cm tørr nysnjo frå topp til botn.

Ingebjørgfjellet

Eg og Maria tok turen til Ingebjørgfjellet. I løpet av natta hadde det komme eit par cm med nysnø.. noko som gjorde sitt til at føret var bra frå 600moh og til rett ovanfor skoggrensa (ved Nonfjell, 850moh.)

06.02.2015 - 08.02.2015

Hyttetur og skitur i finværet på Norefjell.

05.02.2015

Måneoppgang over Joberget i Granvin (4xspeed)

04.02.2015 - Velkesfjellet

Tur til Velkesfjellet frå Haugseåsen. Ikkje eit vindpust, og god varme frå solstrålane. Litt avblåst på toppen, men perfekt pudderføre vidare ned i den åpne skogen mot Litlastøl.

02.02.2015


"Kom deg ut"-dagen 2015

"Kom deg ut"-dagen på Lemme (Voss)

Måneskinstur til Ingebjørgfjellet

Lang og flott kveldstur/måneskinstur frå parkeringa opp mot Stokkselvegen og til Ingebjørgfjellet. Tilnærma vindstille på toppen. Litt skavlete dei siste 2-300 høgdemetrene, men flott pudderføre nedatt frå Nonfjell.